Hopp til innhold

– Vi har hatt 60 år med falske nyheiter

I Romania fnyser journalistane av at resten av verda har oppdaga falske nyheiter. Det er ein del av kvardagen for dei. No vil dei lage ein app som legg press på annonsørane.

Romania Prison Pardon Protest

15.000 demonstrerte mot amnestiforslaget til regjeringa førre helg i Bucuresti. Journalistar hevdar nyheitskanalar spreidde feilaktig informasjon om at dei var betalte provokatørar for investoren George Soros.

Foto: Andreea Alexandru / AP

Påstandar om falske nyheiter har florert etter at over 15.000 menneske demonstrerte i Romanias hovudstad førre helg. Dei protesterte mot ei ny forordning som potensielt kunne føre til amnesti for 2500 straffedømde.

Regjeringa argumenterer med at fengsla er overbefolka, og at det er eit behov for å justere lovene til europeisk standard, men motstandarane meiner amnestiforslaget er eit skalkeskjul for å benåde ei rekke korrupsjonsdømde politikarar.

Romania Prisoner Pardon Protest

Romanias president Klaus Iohannis støtta demonstrantane. Han fryktar for rettsstaten om regjeringa ikkje tek amnestiforslaget til nasjonalforsamlinga.

Foto: Andreea Alexandru / AP

Den etniske tyske presidenten i Romania, Klaus Iohannis, deltok i demonstrasjonane. Han sa til rumensk kringkasting at regjeringa prøver å svekke rettsstaten ved at den sosialdemokratiske regjeringa ynskjer å vedta amnestiet som ei forordning, og dermed halde både nasjonalforsamlinga og presidenten utanfor.

Opprop mot falske nyheiter

I ettertid har Frontlineklubben i Romania laga eit opprop mot falske nyheiter, der dei peikar ut tre nyheitskanalar, som dei meiner dekka demonstrasjonen i Bucuresti på ein feilaktig måte.

– Dei sa at demonstrasjonane var eit statskupp, leia av presidenten og at målet var å styrte regjeringa. Og dei påstod at demonstrantane var provokatørar kjøpt og betalt av den amerikanske investoren George Soros, fortel utanriksjournalisten Iulian Preda, som er ein av to kontaktpersonar for Frontline i Bucuresti.

Frontlineklubben støtter no fleire filialar i Aust-Europa med pengar frå den amerikanske investoren George Soros.

– Dei tre nyheitskanalane som er utpeika, blir alle kontrollert av forretningsmenn som er blanda inn i korrupsjonssaker, fortel Preda.

Til dømes: Grunnleggaren av TV-kanalen Antena 3, soner for tida ein dom for korrupsjon og utpressing, fortel Preda som presiserer at TV-kanalane blir eigde av mellommenn.

Ein annan utpeika TV-kanal, Romania TV, laga eit innslag om oppropet til Frontlineklubben. Der vart det gjort klart at kritikarane var støtta av pengar frå George Soros, og journalistane vart skulda for å forsøke å kneble meiningsmotstandarane sine.

Ber annonsørane om hjelp

Iulian Preda

Iulian Preda er talsmann for Frontline-klubben i Bucuresti. Han er for tida på eit oppdrag i Mexico.

Foto: Privat

Men Preda legg vekt på at det ikkje er meiningane til kanalane han vil stoppe, men kringkastinga av feilinformasjon.

Og han understrekar at dei ikkje ynskjer å stenge ned kanalane.

– Det vi har gjort er å be bedrifter om å slutte å kjøpe annonsar hjå TV-stasjonar som med vilje lyg og manipulerer publikummet sitt.

Korleis stoppe falske nyheiter?

På spørsmål om kva medium i vesten bør gjere for å motarbeide falske nyheiter svarar Preda følgjande:

– Hugs at i Romania har vi levd med falske nyheiter i 60 år. Det betyr ingenting om det kjem frå eit kommunistregime, eller ein forretningselite, det er vanskeleg å kjempe imot.

Frontline club Bucuresti

Oppropet til Frontline-klubben i Bucuresti.

Foto: Faksimile

Men dei har ein ide. Dei ynskjer å lage ein app, som kan følgje med på medium som spreier falske fakta og registrere kven som kjøper annonser der.

På appen skal det vere ein knapp der brukarane kan sende ein e-post til bedrifter som kjøper annonsar og annonsetid.

Han fortel dei har vunne nokre små sigrar: Raiffeisen Bank og næringsmiddelprodusenten Jacobs, har trekt reklame frå utpeika nyheitskanalar.

SISTE NYTT

Siste nytt