Hopp til innhold

Tidlegare rumensk president sikta for brotsverk mot menneskeslekta

Tidlegare president Ion Iliescu var ein sentral figur da diktatoren Nicolae Ceaușescu vart styrta jula 1989. No er han sikta for si rolle under «den rumenske revolusjonen», som kosta over tusen menneske livet.

Romania Revolution Charges

SIKTA FOR BROTSVERK MOT MENNESKESLEKTA: President Klaus Iohannis har gjeve løyve til å sikte den tidlegare rumenske presidenten Ion Iliescu for rolla hans under revolusjonen i 1989.

Foto: Vadim Ghirda / AP

Det er andre gang Iliescu er sikta for brotsverk mot menneskeslekta. I fjor vart han sikta for å ha sett inn gruvearbeidarar for å slå ned på demonstrasjonar eit halvt år etter revolusjonen i Romania.

Fire personar vart drepne og over 700 vart skadde nokre dramatiske junidagar i 1990. Det vart på den tida sett på som eit stort tilbakeslag for den demokratiske utviklinga i romania etter den kalde krigen.

Sikta for rolla si i 1989

ROMANIA-HISTORY-CEAUSESCU-JUSTICE-DNA ROMANIA-HISTORY-CEAUSESCU-JUSTICE-DNA

DØMD TIL DØDEN: Presidentparet da dei fekk dødsdomen i 1989. Iliescu sat da i ein sentral posisjon i det nasjonale revolusjonsrådet.

Foto: - / Afp

No er Iliescu sikta på ny. Denne gang for rolla si under revolusjonen i 1989, da diktatoren Nicolae Ceaușescu vart styrta.

88-åringen måtte møte hjå statsadvokaten tysdag, der siktinga vart forkynt.

Påtalemakta meiner Iliescu saman med to andre, som var leiarar i eit nasjonalt revolusjonsråd da demonstrasjonane vart valdelege, er ansvarlege for at over 1000 menneske miste livet og over 2500 vart skadde.

Laster Twitter-innhold

Dei to andre som er sikta, er tidlegare statsminister Petre Roman og tidlegare visestatsminister Voican Voiculescu.

ROMANIA REVOLUTION

FULL FORVIRRING: Ingen visste kven det var som kjempa mot kven under revolusjonen i Romania i 1989. Rykte svirra om at terroristar ville ta over landet. Påtalemakta meiner det var ein bevisst feilinformasjonskampanje for å skape kaos og frykt.

Foto: RADU SIGHETI / REUTERS

Romanias lengste etterforsking nokosinne

Etterforskinga av kva som skjedde og kven som var skuldige for valden under revolusjonen, er den lengste og mest kontroversielle i Romanias historie.

Allereie i 1990 opna den militære påtalemakta i Bucuresti sak, men etterforskinga har vore stoppa og gjenopna fire gangar sidan den tid.

I 2015 vart den rumenske staten dømd av Den europeiske menneskerettsdomstolen til å betale kompensasjon til åtte personar fordi saka hadde teke så lang tid. I 2016 vart etterforskinga gjenopna.

– Var revolusjonen var eit statskupp?

Lenge har spekulasjonane rast om revolusjonen var eit blodig teater der militære avdelingar fekk ordre om å skyte på kvarandre.

I fjor kunngjorde militæradvokat Marian Lazar at han hadde funne bevis for at revolusjonen var iscenesett.

Falsk informasjon vart spreidd gjennom fjernsyn og radio om at terroristar skaut på demonstrantar. Det var ein «psyops operasjon», for å skape ein unntakstilstand og frykt, meiner Lazar.

Targoviste

VEGGEN DER CEAUSESCU VART SKOTEN: Første juledag vart Nicolae og Elena Ceaușescu stilt opp mot denne veggen i byen Targoviste. Kulehola vitnar framleis om hendinga som vart vist på fjernsyn verda over. Artikkelforfattaren til høgre.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Dette har fått ekspertar til å spørje seg om revolusjonen eigentleg var eit statskupp, skriv Balkan Insight.

Lazar sa også at høgareståande offiserar hadde gjort tre attentatforsøk på presidentparet, før dei vart avretta i Targoviste første juledag 1989.

Ion Iliescu var sosialdemokrat og president i perioden 1989–1996 og 2000–2004.

Han pensjonerte seg som politikar i 2010.

SISTE NYTT

Siste nytt