Hopp til innhold

– Dei må skunde seg langsomt

Det kinesiske skipet kan falle fleire meter ned i vatnet om ein opnar skroget og slipper ut luft. Det seier mannen som leia redningsarbeidet då MS «Rocknes» kantra utanfor Bergen i 2004. Han meiner det er viktig å skunde seg langsomt når ein skal inn i skipet.

APTOPIX China Boat Sinks

Rundt 450 menneske er framleis sakna etter at skipet kantra i går, klokka 15.30 norsk tid.

Foto: Ap

Leif Linde

Brannsjef Leif Linde var leiar for redningsaksjonen då MS Rocknes kantra utanfor Bergen i 2004. Han åtvarar sterkt mot å lage eit hol på skroget til skipet i Kina.

Foto: NRK

Rundt 450 personar er framleis sakna etter at eit skip gjekk rundt på Yangtze-elva i går, klokka 15.30 norsk tid. Så langt er det berre litt over ti personar som er redda ut av skipet.

Det byrjar å haste for dei mange som finn seg i skipet. Dei fleste av dei er pensjonistar som var på cruisetur.

Dykkarar forsøker å kome seg inn i skipet, ved å dykke ned under, og deretter opp i skipet. Dette er både eit vanskeleg og farleg arbeid.

(Artikkelen held fram under den ekstra nyheitssendinga)

Sending om kantret båt i Yangtze-elven

– Vanskeleg å identifisere bank innanfrå

Mange som aldri har vore med på å redde eit skip som har kantra vil tenke at det berre er til å opne opp skroget og ta seg ned i skipet frå undersida, men så enkelt er det ikkje.

Før eller seinare må ein kome seg gjennom skroget for å redde flest mogleg av dei som er på den andre sida, men prosessen må gjerast sakte og kontrollert, slik at det vert minst mogleg skade.

– Det er viktig å sørge for at det er oppdrift i båten, og at dei ikkje slipper ut den lufta som er der. Det er overmåteleg viktig, slik at dei ikkje mister skipet til botns, seier Leif Linde som var leiar av redningsaksjonen då MS «Rocknes» kantra utanfor Bergen i 2004. Den gong mista 18 av dei 30 personane om bord livet. Ni kom seg ut sjølv, medan tre vart redda ut.

China Boat Sinks

Ein redningsarbeidar bankar og lyttar på skroget, i håp om å lokalisere liv på andre sida.

Foto: Anonymous / Ap

I Kina bankar no redningsmannskap på skipets skrog for å prøve å identifisere kor det finn seg menneske. Men heller ikkje den delen av arbeidet er enkelt, seier Linde, som fortel at dei gjorde det same på MS «Rocknes».

– Me måtte finne ut nøyaktig kor dei fann seg, og det tok mange timar. Når nokon bankar på innsida, så er det veldig vanskeleg å lokalisere nøyaktig kor dei finn seg, seier Linde.

– Forliset i Kina minner om «Rocknes»

Han meiner det er ei heilt riktig vurdering å ikkje opne skipet med ei gong, og viser til at etterforskinga etter MS «Rocknes»-forliset også viste at det var riktig å la skipet ligge kantra.

Den gong vart skipet sikra og frakta til land, før ein prøvde å kome seg gjennom skroget. Å tenke på liva til både passasjerar og redningsarbeidarar er også sentralt i redningsarbeidet, meiner brannsjefen.

CHINA-SHIP/ A woman is helped after being pulled out by divers from a sunken ship in Jianli

Ei kvinne vert hjelpt i land etter at skipet kantra i går. Ein fryktar veldig mange av dei andre passasjerane er omkomne.

Foto: STRINGER/CHINA / Reuters

Bileta frå Kina minner han om ulukka i 2004. Han meiner det er mykje likt mellom gårsdagens forlis, «MS Rocknes» og det store cruiseskipet «Costa Concordia», som kantra utanfor Italia i 2012, berre at det var færre menneske på MS «Rocknes».

– Då ein kom så langt at ein fekk sikre skipet inn mot land og høyrde at det banka inni skipet, og at det var folk der, så var det akkurat dei same føresetnadene som ein har i dette forliset, seier Linde.

Han meiner ein aldri veit når forlis som dette kan skje, og at det viktige er at ein alltid er førebudd på at katastrofar, som den i Kina, kan inntreffe.

Leif Linde Bergen brannvesen om kantring

Brannsjef Leif Linde har erfaring med kantra skip, og seier kva han meiner redningsarbeidarane i Kina må gjere.

Peter Svaar om kantret båt

NRKs Asia-korrespondent orienterer om det som har skjedd.

SISTE NYTT

Siste nytt