Hopp til innhold

Rundt 450 sakna - berre litt over ti er redda

Nokre få er redda opp frå det kantra passasjerskipet i Yangtze-elva søraust i Kina. Redningsarbeidet held fram, men rundt 450 menneske er framleis innestengde i skipet.

CHINA-SHIP/ A woman is helped after being pulled out by divers from a sunken ship in Jianli

Ei kvinne gret, medan hjelpearbeidarar fører ho i land. Ho er ei av dei veldig få som er redda ut frå den forliste båten.

Foto: STRINGER/CHINA / Reuters

Skipsforlis i Kina.

Det er frykt for at mange har mist livet i forliset på Yangtze-elva sørvest i Kina.

Foto: Ap

Det er motstridande tal om kor mange som er berga. Folkets Dagblad melder 35, medan det offisielle talet framleis er 12.

Det var minst 458 menneske om bord i ferja då ulukka skjedde, melder det statlege fjernsynet, men det har vore motstridande meldingar om talet. Folkets Dagblad melder at det var over 500 om bord.

Mange pensjonistar om bord

Forliset skjedde under ein storm i går ettermiddag norsk tid. Det kinesiske nyheitsbyrået Xinhua melder at redningsarbeidarane i natt framleis kunne høyre rop om hjelp inne frå skipet, og at det vart høyrt banking i skroget.

Tre menneske er berga ut av skipet i livet i løpet av dei siste timane, melder avisa Hubei.

Det statlege kinesiske fjernsynet melder at dykkarar har berga ut ein eldre mann som var sat fast inne i skipet. Redningsarbeidarane har framleis kontakt med personar inne i skipet.

CHINA-SHIP/ A family member of passengers on the ship which sank at the Jianli section of Yangtze River cries in Shanghai

Sorga er ikkje til å halde ut for denne mannen som har pårørande inne i skipet. Han har oppsøkt kontoret til reiseselskapet Xiehe Travel i Shanghai for å få informasjon.

Foto: CHINA STRINGER NETWORK / Reuters

Skipet var på veg frå Nanjing til Chongqing då ulukka skjedde. Dei fleste om bord var kinesiske pensjonistar, blir det opplyst.

Den kinesiske statsministeren Li Keqiang har no kome til ulukkesstaden, og dette blir sett på som eit teikn på at styresmaktene ser på ulukka som ei svært alvorleg hending.

Den kinesiske marinen har sendt 140 redningsdykkarar for å hjelpe til i redningsarbeidet, melder det statlege fjernsynet.

Ligg med botnen opp

Kinas president Xi Jinping har gitt ordre om at alle naudsynte ressursar skal setjast inn for å berge dei som er om bord i ferja.

Det er framleis dårleg ver i området, og dette gjer redningsarbeidet vanskeleg. Mannskapa prøver ved hjelp av skjerebrennarar å lage hol i skroget i håp om å få innesperra menneske ut gjennom desse. Passasjerskipet ligg med botnen opp i elva.

Skipsforlis på Yangtze-elva i Kina.

Redningsarbeidarar førebur seg på å gå ut til det forliste skipet på Yangtze-elva. Over 400 menneske er framleis sakna etter ulukka.

Foto: STR / Afp

Rundt 100 fiskebåtar og minst 20 dykkarar deltok i natt norsk tid i redningsarbeidet. Nokre timar seinare blir det opplyst at i alt 150 fartøy og over 3000 personar deltek i redningsarbeidet.

Blant dei første som kom seg i land var kapteinen om bord og maskinsjefen. Dei har forklart at den 76,5 meter lange skipet raskt gjekk rundt etter at det dei trur var ein syklon tok tak i skipet.

Xinhua melder at kaptein og maskinsjefen på «Eastern Star» er tekne inn til avhøyr av politiet.

Video av redningsarbeidet på Yangtze

VIDEO: Hektisk redningsarbeid på Yangtze.

– Overfylt ferje

Xinhua melder at ei førebels etterforsking av forliset viser at skipet var overfylt og at det ikkje var redningsvestar til alle. Alle som er berga hadde redningsvest på.

Den største gruppa av passasjerar, 405 personar mellom 50 og 80 år, høyrde til eit reiseselskap frå Shanghai. Det var også eit mannskap på 47 om bord, melder det statlege fjernsynet CCTV. Folkets Dagblad melder at skipet var sertifisert for 534 passasjerar.

Sju passasjerar skal ha greidd å symje til land, der dei fekk varsla om skipsforliset. Ulukka på Yangtze er truleg den verste i Kina på mange år.

Ulukka skjedde klokka 21.30 i går lokal tid, klokka 15.30 norsk tid. Yangtze-elva, den tredje lengste elva i verda, er om lag 15 meter djup på ulukkesstaden. «Eastern Star» er eigd av «Chongqing Eastern Shipping Corp». Skipet er 76,5 meter langt.

Saka blir oppdatert

Pårørande til passasjerar på den forliste ferja snakkar med journalistar i Shanghai.

Ein representant for dei pårørande til dei sakna passasjerane snakkar med pressefolk i Shanghai.

Foto: STR / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt