Hopp til innhold

– Det var eit vannvittig press under redningsaksjonen

– Det var eit vanvittig press. Men det er dette vi er opplært til, seier mannen som leia brannvesenet sitt redningsarbeidet etter Rocknes-forliset.

Brannsjef Leif Linde snakker om hvordan han opplevde den de dramatiske timene til den tragiske rocknes ulykken.

TØFT: Leif Linde hadde mange utfordrende timer under rocknes ulykken i 2004.

Først i ettertid kjente brannsjef Leif Linde i Bergen korleis ansvaret hadde kvilt på han då sjøfolka på lasteskipet Rocknes kjempa for livet inne i skroget.

18 menneske omkom då lasteskipet gjekk på grunn i Vatlestraumen i januar for ti år sidan.

Måtte jaga vekk folk

Rocknes

KANTRA: Det 166 meter lange skipet kantra i Vatlestraumen utanfor Bjorøy i Hordaland.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det var veldig mange idear og mange sterke personlegheiter som hadde meiningar om kva vi burde gjera for å få mannskapet ut, seier Linde.

Han seier det var ein god del folk som ikkje høyrde til redningsmannskapa, som kasta fram forslag til korleis ein skulle få redda sjøfolka før det var for seint. Men det var ikkje alle som hadde kunnskap om korleis ein samtidig skulle sørgja for sikkerheita til redningsmannskapa.

– Det kom ein del forslag som ikkje var gjennomførbare i det heile tatt. Til slutt kunne vi ikkje høyra på dei meir, og vi måtte få ein del av folka vekk. Det blei eit uromoment, fortel brannmannen.

LES OGSÅ: Han fant de tre som satt fanget i skipet

– Vannvittig press

Korleis var det å ha ansvaret?

– Det gjekk heilt greitt då. Eg har fått dette spørsmålet i ti år. Vi er så veldig konsentrerte om oppgåva vi skal gjera. Det er det vi er opplært til. Men det var eit vannvittig press, seier Linde.

Han hadde ansvaret for sikkerheita til bortimot 60 personar som var til stades.

Linde visste frå første stund at folk var innesperra i skroget.

Vi høyrde med ein gong at det var bankelydar i skroget, og visste at det var overlevande om bord. Derfor sette vi inn dykkarar med det same. Men det var for farleg, fordi skipet ikkje låg i ro. Vi måtte avbryta dykkinga til vi fekk skubba skipet inn til land, slik at det blei liggande i ro, seier Linde.

Redningsmannskapa kommuniserte med dei som var inne i skroget med handskrivne lappar som blei send inn og ut.

Rocknes-forliset

KOMMUNIKASJON: Redningsmannskapet kommuniserte med dei tre som sat fanga på innsida med banking og lappar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Sju lange timar

Rocknes-forliset

SKAR HOL: Det tok sju timar før brannvesenet var trygge nok til å skjera hol i skroget.

Foto: Jan Ove Brakstad / NTB scanpix

Linde fortel at det gjekk over sju timar før brannvesenet følte seg trygge nok til å skjera hol i skroget for å redda ut folk. Dei var livredde for at dei skulle sleppa ut lufta som heldt skipet flytande, og dermed kunne mange liv stå i fare.

Var det mykje tvil undervegs?

– Ja, det er klart at det var mykje tvil. Vi hadde dialog med veldig mange, og måtte gjera ei grundig vurdering. Derfor tok det så lang tid før vi var sikre på at dette var det rette å gjera. Det var ei avgjerd som sat langt inne, seier han.

Sjølv om dei til slutt sette i gang aksjonen, seier Linde at dei absolutt ikkje var sikre på at det ville vera vellukka. Derfor trekte dei tilbake alle redningsmannskapa som ikkje måtte vera til stades. Heldigvis gjekk det bra.

– Vi trefte akkurat på den rette staden. Det var berre nokre meter frå at vi hadde gått inn på feil stad, og dermed hadde sleppt ut lufta, seier Linde.

– Då dei tre sjøfolka kom velberga ut var det ei forløysing etter meir enn sju intense timar. Det var heilt fantastisk. Det kan ikkje beskrivast, seier Linde.

Rocknes-forliset

KOM SEG UT: Dette holet vart tre personar redda ut av.

Foto: Jan Ove Brakstad / NTB scanpix

I ettertid har Linde fått opplysningar frå legar om at det hadde blitt svært kritisk viss det hadde gått meir tid før dei blei berga.

Foredrag om forliset

Sjølv om Linde var fokusert under aksjonen, har han hatt mange høve til å gå gjennom det som skjedde i ettertid.

– Mange har spurt om eg kunne fortelja om aksjonen. Eg har halde nærmare 80 foredrag, seier Linde.

Han har aldri høyrt om liknande forlis og redningsaksjonar her i landet før, og seier det var ingen som hadde sett for seg at noko slikt kunne skje.

– Vi har aldri vore borti liknande. Eit slikt scenario, midt inne i ein by, var ikkje noko vi hadde planar for. Vi hadde aldri tenkt tanken på at dette kunne skje, seier Linde.

Opprydningsarbeid etter Rocknes-forliset i 2004.

UTENKJELEG: Forliset skjedde i Vatlestraumen rett utanfor Bergen sentrum på ein stille og fin januardag i 2004. Leif Linde seier ingen hadde sett for seg at ei slik ulykke kunne skje. Bildet er frå oppryddinga av oljesøl etter forliset.

Foto: KYSTVERKETS OVERVÅKINGSFLY / SCANPIX