Hopp til innhold

– Nestkommanderande i Al-Qaida drepen i amerikansk droneangrep

Angrepet på al-Qaida-toppen Said al-Shehri skal ha skjedd i januar i år, ifølgje organisasjonen.

Saeed al-Shehri

Saeed al-Shehri har vore mange år i fangenskap av amerikanarane på Guantanamo på Cuba.

Foto: Afp

Drapet på den nestkommanderande i Al Qaida, Said al-Shehri, skal ha skjedd i Jemen, ifølgje ein talsperson i al-Qaidas på den arabiske halvøy (AQAP). Han stadfestar dette i ein videobeskjed på nettet, ifølgje Al Arabiya.

Han sa ikkje når drapet skal ha skjedd.

Dersom opplysningane viser seg å stemme er dette ein av dei høgastståande al Qaida-medlemmene som nokon gong har blitt drepen i organisasjonen.

Det er likevel ikkje første gong Sheri har blitt meldt drepen. I januar 2013 påsto styresmaktene i Jemen at mannen var blitt drepen. Også i 2009 og 2012 var det rykte om at Shehri var blitt drepen. Det er likevel første gong organisasjonen Al Qaida sjølv går ut med desse opplysningane.

Shehri skal ifølgje Al Arabiya ha vore involvert i kidnapping av utlendingar i Jemen, og skal ha vore meisterhjernen bak bombinga av den jemenittiske ambassaden i USA i 2008.

Saeed al-Shehri, som var frå Saudi-Arabia, vart nestleiar i AQAP etter at han vart lauslaten frå fangenskap på den amerikanske militærbasen Guantanamo på Cuba.

SISTE NYTT

Siste nytt