Hopp til innhold

– 400.000 born kan døy av svolt

Utan akutt hjelp vil 400.000 somaliske born svelta i hel i løpet av kort tid, seier ein britisk minister som har besøkt flyktningleirane på Afrikas Horn.

Mahmud (2) svalt ihjel på eit sjukehus i Mogadishu

Ein av tre born under fem år som kjem til flyktningleirane i Somalia er akutt underernærte. For Mahmud (2) var tilstanden så ille at livet ikkje stod til å redda.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp

Med ømme hender lét Mamma Mulmillo att augo på sonen sin Mahmud (2). Måndag svalt guten ihjel på eit sjukehus i Mogadishu.

– Om lag 400.000 somaliske born risikerer å døy av svolt som følgje av den ekstreme tørken på Afrikas Horn, seier den britiske ministeren Andrew Mitchell til AFP etter eit besøk i Somalias hovudstad Mogadishu.

For seint for Mahmud

Tørken er den verste på minst 60 år. Heile 12 millionar menneske på den afrikanske austkysten treng øyeblikkeleg hjelp. Dei minste borna er særleg sårbare, og no har nauden kome så langt at mange små svever mellom liv og død.

Mahmud er ein av mange tusen born som ikkje har fått hjelp i tide. Familien på fem flykta frå ein landsby i Shabelle-regionen i Sør-Somalia, der situasjonen er spesielt ille fordi militsen al-Shabaab hindrar humanitære organisasjonar i å nå fram med naudhjelpa.

Men då dei kom fram til eit sjukehus i Mogadishu var det ikkje lenger håp for toåringen.

Mahmud døydde måndag av underernæring og relaterte komplikasjonar.

– 400 000 kan døy

Etter å ha sett den tragiske situasjonen i flyktningleirane med eigne auge, åtvarar den britiske ministeren Mitchell om at krisa kan bli verre enn i 1991-1992, då meir enn 200.000 menneske døydde som følgje av hungersnauden i Somalia.

– Dette er ein kamp mot klokka, seier ministeren.

Mitchell opplyser at Storbritannia no vil gje ytterlegare 29 millionar euro i naudhjelp. Det er nok til å gje 200.000 menneske naudmat-rasjonar i to månader og meslingvaksiner til 800.000 born.

(Saken fortsetter under videoen)

Video 400 000 somaliske born kan svelta ihjel

400 000 somaliske born kan svelta ihjel. Mohammed Hussain (7 mnd.) var berre ei hårsbreidd unna døden då han fekk hjelp i Kenya.

– Hadde vore død i morgon

Ein av tre born under fem år som kjem til flyktningleirane i Somalia er akutt underernærte. For mange er tilstanden så alvorleg at dei er timar frå døden.

Dette var tilfellet med sju månader gamle Mohammed Hussain. Han er alvorleg underernært og har ikkje fått brystmjølk på fem månader. Babyen veg berre seks kilo og er totalt dehydrert på grunn av diaré.

I går kom mor hans endeleg fram til flyktningleiren i Dadaab, Kenya etter å ha bore den vesle babyen sin gjennom ørkenen.

Hadde dei kome fram berre ein dag seinare, ville Hussain ha vore død.

– Tilstanden hans er svært dårleg no. Då han kom var han veldig svak, nesten medvitslaus. No har me gjeve han væske og og han får melk gjennom ein slange. Han kjem truleg til å overleva, men hadde han kome i morgon ville han truleg ikkje ha klart seg, seier ein dokter i Dadaab til TV2.

Stadig verre i Somalia

FN stadfestar at situasjonen er kritisk og seier dødstala på Afrikas Horn vil stiga drastisk med mindre verdssamfunnet tek affære umiddelbart.

– Somalia står framfor ein hungersnaud som framleis spreier seg og skapar enorme lidingar for folket. Me må bidra med all den hjelpa med kan og syta for at bistanden held fram i månadene framover, seier Valerie Amos ved FNs kontor for humanitære affærer.

Så langt har FN fått inn 1,3 milliardar dollar, hovudsakleg frå statlege donorar. Organisasjonen treng det dobbelte for å vera i stand til å handtera tørketragedien på Afrikas Horn.

(Saken fortsetter under bildet)

SOMALIA-DROUGHT-FAMINE

Flyktningleiren i Dadaab i Kenya er verdas største med 440 000 menneske. Mange av dei er somaliske born som er hardt råka av tørkekatastrofen.

Foto: TONY KARUMBA / Afp

– Kan få problem i 50 år

Ein av organisasjonane som driv naudhjelpsarbeid på Afrikas Horn er Care. Organisasjonen distribuerer mat, vatn og medisinar i dei områda i Somalia, Etiopia og Kenya som er hardast råka av tørketragedien.

Dei er uroa over at katastrofen kan få følgjer for ein heil generasjon, og understrekar at det er langt mindre kostbart å førebyggja svoltkatastrofar enn å redda dei som allereie er alvorleg underernærte frå å døy.

«Følgjene kan prega regionen i femti år. Mange av borna som overlever kan få nedsett kognitiv utvikling og relaterte helseproblem for resten av livet», åtvarar Care i ei pressemelding.

Underernæring i svangerskapet og i løpet av borna sine to første leveår kan også få alvorlege konsekvensar på lang sikt.

– Me kan ikkje oversjå behova til gravide og ammande kvinner nå me veit kva for nokre enorme konsekvensar dette får for framtida, seier generalsekretær Torild Skogsholm.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt