Hopp til innhold

Slik skal dei underernærte borna få livet tilbake

Hjelpeorganisasjonane jobbar på spreng for å unngå at tusenvis av små born døyr av svolt på Afrikas Horn. Tonnevis med peanøttsmør-liknande matprodukt skal gje dei minste livskrafta tilbake.

Sultkatastrofen ved Afrikas horn

Mange av borna som kjem til FN sine flyktningleirar er berre skinn og bein. Ved hjelp av spesialmat kan dei vera tilbake i normal tilstand på under to månader.

Foto: Ismail Taxta / Reuters

Uthola barnekinn, små kroppar med utstikkande ribbein og mødre som desperat forsøker å halda liv i det kjæraste dei har. Bileta frå Afrikas Horn utløyser grøss av medynk og håpløyse som går langt inne i hjarterota.

Men no byrjar dei sårt trengte pengane frå verdssamfunnet å få bein å gå på.

FN sender tonnevis med ulike fomer for høgenergi-mat til flyktningleirane i blant anna Kenya og Etiopia. I rekordfart skal dei sveltande få energien og livet tilbake.

Treng riktig mat

Tragedien som har råka Afrikas Horn er nesten ikkje til å fatta. Berre i løpet av dei siste tre månadene har 29.000 barneliv bukka under for tørken og hungersnauden. Så mange som 13 millionar menneske har behov for akutt hjelp.

Dei tre høgtnærande matprodukta Høgenergikjeks (HEBs), «Super Cereal» og «Plumpy Sup» vil bli redninga for mange av dei som no svever mellom liv og død.

Desse matprodukta er spesiallaga for tilfelle av ekstrem svolt og underernæring. Det er nemleg ikkje nok at dei hungersnaud-råka får mat - dei må også få riktig mat.

– Borna som kjem til flyktningleirane lir ofte av ein kombinasjon av kaloriunderskot og alvorleg mangel på viktige vitaminar, mineral og protein som kroppen er avhengig av for å oppretthalda viktige funksjonar, fortel ernæringsekspert Lynnda Kiess ved FNs Matvareprogram (WFP).

Eit underernært somalisk barn

Underernærte born får ofte ein opphovna og utståande mage som følgje av mangelen på protein og energi.

Foto: Katharine Houreld / Ap

– Som veldig søtt peanøttsmør

Naudrasjonar av Plumpy Sup

FN gjev det peanøttbaserte matproduktet 'Plumpy Sup' til dei underernærte borna på Afrikas Horn.

Foto: Rein Skullerud / WFP
Lynnda Kiess, ernæringsekspert i WFP (FN)

Lynnda Kiess er tilsett som ernæringsekspert ved FNs Matvareprogram (WFP )sitt hovudkvarter i Roma.

Foto: Privat

Plumpy Sup er eit peanøttbasert, bruksklart matprodukt som er særleg godt eigna til dei små i alderen seks månader til fem år. I løpet av dei neste to månadene vil WFP handtera distribusjon av totalt 2000 tonn med Plumpy Sup til dei som svelt på Afrikas Horn.

Med daglege rasjonar av Plumpy Sup tek det gjennomsnittleg 45-60 dagar å få eit underernært born i tilnærma normal tilstand igjen.

– Plumpy Sup kan samanliknast med veldig søtt peanøttsmør. Det er næringsrikt og i tillegg søtt på smak slik at det fell i smak hjå borna. Produktet dekkjer dessutan godt over den litt ekle smaken av vitaminar og mineral, fortel ernæringsekspert Kiess til NRK.

Spesialmaten er særleg viktig for borna som er i sitt første leveår.

– Dei treng masse næring fordi dei veks mykje og utviklar seg både fysisk og mentalt. Så små born et veldig små mengder, difor er det vanskeleg å få alle næringsstoffa dei treng inn i ein vanleg diett, seier Kiess.

Minhaj

Sju månader gamle Minhaj Gedi Fari var døden nær då han kom til flyktningleiren i Dadaab 27.juli (t.v.). Ti dagar etter er han utanfor livsfare (t.h.).

Foto: Schalk van Zuydam og Jerome Delay / Ap

Solheim: – Scenar frå helvete

Alle som kjem til FN sine flyktningleirar vert registrerte og får deretter «FNs matkorg» - daglege matrasjonar som skal innehalda 2100 kaloriar per person per dag.

FNs matkorg med basisvarer

Alle i flyktningleirane får dagleg FNs matkorg med basisvarer til matlaging.

Foto: Rein Skullerud / WFP

Naudprodukter som Plumpy Sup kjem i tillegg til matkorga, som gjerne består av basisvarer som mais, kveite, linser, bøner, olje og salt. Opp til ti familiar går deretter saman om å laga mat på provisoriske feltkjøkken i leirane.

Og hjelpeorganisasjonane har mange svoltne munnar å metta. Til verdas største flyktningleir i Dadaab i Kenya kjem det dagleg opptil 1500 nye flyktningar som er i ein kritisk helsetilstand. Leiren har i utgangspunktet kapasitet til å husa 90 000 menneske. No bur det nesten 500 000 i leirane.

Utviklingsminister Erik Solheim (SV) vitja i går fleire av flyktningleirane i Kenya. Der var det eit grusomt syn som møtte statsråden:

– Det skjer i hjarta å sjå små born som er heilt utsvoltne. Du ser knoklane, det er ikkje kjøtt på kroppen i det heile teke. Treåringar veg like mykje som nyfødde norske baby. Det er scenar som tekne ut frå helvete, seier ein prega Solheim.

Erik Solheim vitjar tørkeråka i kenyansk flyktningleir

Erik Solheim vitjar kenyanske flyktningleirar.

Foto: Trond Viken, Utenriksdepartementet / Scanpix

Praktisk spesialkjeks

Fleirtalet av dei som kjem til Dadaab-leiren i Kenya er frå Somalia, der tørken har råka som verst. Avstanden frå grenseovergangen mellom dei to landa er 100 kilometer. Dei som kjem frå den somaliske hovudstaden Mogadishu har reist seks gonger så langt: 599 kilometer - på tomme magar og i steikande sol.

Medan dei ventar på å verta registrerte og plasserte i leiren, får flyktningane sin første kriseproviant i form av høgenergikjeks (HEBs), fortell WFPs ernæringsekspert Kiess.

Kveitekjeksen inneheld proteinrike korntypar, vegetabilsk feitt, og er tilsette ulike typar livsviktige vitaminar og mineral.

– I tillegg til å vera næringsrike, er kjeksane praktiske fordi dei er klare til å eta som dei er. Ein ikkje er avhengig av kjøkkenreiskapar eller reint vatn slik tilfellet gjerne er med annan mat, fortel ernæringseksperten Kiess.

Flyktningleir i Kenya

Nyleg innkomne somaliske flyktningar får høgenergikjeks medan dei ventar på registrering i flyktningleiren i Dadaab, Kenya.

Foto: Stephanie Savariaud / WFP

Ofte brukt i katastrofar

Høgenergikjeksen HEBs blei også transportert til Georgia etter krigen i Sør-Ossetia i 2008, til jordskjelvofra i Haiti og nyleg til libyarar som har flykta frå Gaddafi-regimet sine overgrep til nabolandet Tunisia.

Under sitt opphald i Kenya har utviklingsminister Solheim fått sjå at naudmaten nyttar.

– Eg er glad og stolt over å sjå at dei kjem seg til leirane får proteinkjeks og andre ernæringsmiddel og kjem seg veldig raskt igjen. Nokre få døyr, men kjem ein seg først fram til hjelpeapparatet så blir ein som regel redda. Ein veit frå tidlegare katastrofar at folk får eit bra liv i ettertid dersom dei berre kjem seg fram til desse leirane, seier Solheim.

FN manglar 1,3 milliardar

Spesial-kornblandinga Super Cereal

Underernærte mødre og gravide får graut laga av spesial-kornblandinga 'Super Cereal'.

Foto: Lynnda Kiess / WFP

FN stiller fleire krav til spesialmaten dei distribuerer til område med hungersnaud. Målet er å få mest mogleg næring inn i minst mogleg volum. Den må dessutan innehalda minimalt med vatn, fordi dette minskar risikoen for bakteriar.

Saman med 2000 tonn høgenergikjeks skal FN også fly 10 000 tonn med spesialkornblandinga Super Cearal til flyktningleirane på Afrikas Horn.

Super Cereal er særleg retta mot underernærte mødre og gravide kvinner.

Kornblandinga er basert på mais og soya, som er styrka med ei rekkje essensielle næringsstoff, mjølkepulver, sukker og feitt. Tørrvaren må blandast med kokande vatn, og vert servert som ein graut eller velling.

WFP manglar enno 1,3 milliardar kroner for å kunne finansiera sin handlingsplan for Afrikas horn. Dette er den same pengesummen som er samla inn hittil, hovudsakleg frå statlege donorar.

Somalia East Africa Famine

Fleire tonn med naudmat frå FN kjem fram til Mogadishu i Somalia.

Foto: FEISAL OMAR / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt