Hopp til innhold

– Macron har ein veg å gå

Sjølv om mykje peikar mot at Macron også vil vinne andre og avgjerande runde i det franske presidentvalet er sigeren ikkje gitt - og han er avhengig av ein sterk siger for å effektivt kunne styre landet.

Emmanuel Macron

Emmanuel Macron fekk igjen kommentarar som gjekk på hans priviligerte bakgrunn då han i går feira sigeren etter første valomgang på restauranten La Rotonde i Paris. Ikkje akkurat eit folkeleg val, skriv magasinet L'exprès syrleg.

Foto: GEOFFROY VAN DER HASSELT / AFP

Det seier Martin Michelot, visedirektør ved Europeum-instituttet for europeisk politikk i Praha, til NRK.

Ifølge han har Macron store sjansar til å bli Frankrikes neste president, men han åtvarer mot å bli for sjølvsikre på ein Macron-siger.

Valdeltakinga kan avgjere

Macron fekk 23,9 % av stemmene mot Le Pens 21,4 %, og ifølge ei meiningsmåling frå Ipsos ligg Macron an til å vinne andre omgang med 62 %. Likevel kjem mykje an på valdeltakinga.

Martin Michelot

Martin Michelot følger fransk politikk tett frå tenketanken Europeum. Han trur at Macron vil vinne den avgjerande valomgangen i presidentvalet, men peikar på eit par utfordringar for mannen som har blitt omtala som ein "wonderboy" i fransk politikk.

Foto: Europeum

Ei låg valdeltaking kan gagne Le Pen, som har ein svært engasjert veljarbase.

– Det vil også vere ein viss del av tilhengarane til Fillon og Mélenchon som ikkje vil flytte seg, enten ikkje stemme eller stemme blankt, eller til og med stemme på Le Pen. Dette gjeld spesielt Fillon sine veljarar som ser på Macron som ein forlengelse av president Hollande og hans politikk.

Macron var tidlegare ein del av regjeringa til Hollande, men trakk seg i fjor frå både regjeringa og Sosialistpartiet, og starta rørsla «En Marche!» (Framover!). Den tidlegare bankmannen tek til orde for å reformere det han ser som ein rigid arbeidsmarknad, og vil føre ein liberal økonomisk politikk.

Retorikk vs. substans

Dette med bankbakgrunnen er noko Le Pen har dratt fram, for å understreke at han er ein del av eliken, i motsetnad til ho sjølv som ser seg som folkets kandidat. Og sjølv om Macron aldri har hatt eit folkevalt verv og slik sett er ein outsider i politikken, er han ein såkalla «énarque» - utdanna ved eliteskulden École nationale d'administration (ÉNA) som er kjend for å dyrke fram landets politiske leiarar.

– Valkampen dei neste vekene kan bli hard, til og med brutal, seier Michelot, som trur Nasjonal Front-leiaren vil gå til harde angrep på Macron.

Michelot peikar på at Le Pen tok ei heilomvending i forsøket på å snakke mindre om innvandring og meir om økonomi då ho i samband med terroråtaket i Paris førre veke gjekk tilbake til omkvedet om streng innvandrings- og grensekontroll. Ingen god idé, ifølge han.

Demonstrasjon etter første runde av det franske presidentvalget

For nokre blir valet 7.mai eit val mellom pest eller kolera. "Verken bankmann eller rasist" står det på banneret til desse demonstrantane i Nantes, med hentyding til Macron og Le Pen.

Foto: JEAN-SEBASTIEN EVRARD / AFP

– Eg er veldig tilbakehalden når det gjeld Le Pen sine sjansar til å utvide veljarbasen sin. Ein har sett i løpet av valkampen så langt at oppslutninga om ideane hennar er veldig låg.

Så er spørsmålet om Le Pens retorikk vil skugge for debatten om politiske forslag - og med det mindre sjanse for Macron å tydeleggjere ein til no ganske uklar politikk.

Michelot trur dette vil vere ein fare for Macron.

– Han har så langt ikkje lukkast i å posisjonere seg når det gjeld politikkinnhald. Det vil vere hans store utfordring; å legge fram idear som gjer at han markerer seg og gjer at ein kjem ut av denne diskursen om ein «republikansk front», som uansett ikkje lenger held vatn, seier Michelot.

SISTE NYTT

Siste nytt