Hopp til innhold

763 dagar på overtid er valet i Kongo i gang

Regnet ausa ned over Kongos hovudstad Kinshasa då dei første vallokala opna i dag, meir enn to år på overtid. Men ein del vallokale står framleis uopna, og mange trur valresultatet er gitt på førehand.

DRCONGO-VOTE

Ein mann stemmer ved eit vallokale i Goma i Aust-Kongo. Fleire lokale har endå ikkje opna på grunn av mangel på vallister.

Foto: PATRICK MEINHARDT / AFP

Valførebuingane i Kongo har vore ekstremt trøblete, med fleire utsettingar og mykje uro. Men i dag opna endeleg dei første vallokala i store delar av landet, og folk har starta å gje si stemme.

Samstundes kjem det meldingar via nyheitsbyrået AP om at fleire stemmelokale ikkje er opna endå, og at folk går heim att i frustrasjon. Leiaren for Kongos valdirektorat seier det manglar vallister i 49 valsenter, og at lister er på veg til 29 av dei, medan det i dag vert trykka opp lister til dei 20 siste.

Ebola stenger vallokale

DRCONGO-VOTE

Kongos president Joseph Kabila stemmer på kven som skal etterfølge han. Mest sannsynleg står det Emmanuel Ramzani Shadary på lappen, og mange trur presidentens mann uansett vil vinne.

Foto: LUIS TATO / AFP

I nokre deler av Kongo er det frå før av klart at vallokala kjem til å halde stengt. Det skjer fordi styresmaktene meiner det ikkje er mogleg å gjennomføre eit val i dei delane av landet kor det for tida føregår ein ebolaepidemi.

Dette gjeld mellom anna byane Beni og Butembo, byar der opposisjonen står sterkt. Rundt 1,3 millionar kongolesarar som bur i desse områda får ikkje stemme, og misnøya blant desse har vore stor. Mellom anna har folk gått til angrep på eit senter for ebolabehandling.

Presidentens mann

Mange meiner resultatet av valet er gitt på førehand, og at president Joseph Kabila sin kandidat kjem til å vinne. Innanriksminister Emmanuel Ramzani Shadary er peikt ut av presidenten til å bli hans etterfølgar, og mange meiner planen er at Shadary skal halde stolen varm fram til Kabila kan stille til val på ny om fem år.

– Eg kjenner meg veldig sikker på siger, fordi det kongolesiske folk vil kunne stole på meg. Eg har vore på valkamp over heile landet, sa Shadary då han i dag tidleg var ein av dei som trassa eit kraftig regnvêr i hovudstaden Kinshasa og gav si stemme.

Congo Elections

Martin Fayulu har bakgrunn frå oljebransjen og har segla opp som favoritt til å vinne valet i Kongo.

Foto: Jerome Delay / AP

– I dag er slutten på Kabila

I den grad ein kan stole på meiningsmålingar er det ikkje Shadary, men forretningsmannen Martin Fayulu som ligg best an med 47 prosent av stemmene. Det viser meiningsmålingar utført av New York University's Congo Research Group.

– Me håpar han kan skaffe oss jobbar og betre tilhøve i Kongo. Me har sett oss leie på regimet til Kabilam, seier 40 år gamle Mama Wivine, ei arbeidslaus kvinne som nyheitsbyrået Reuters møter ved eit av vallokala i Kinshasa.

– I dag markerer me slutten på Herr Kabila, slutten på det kongolesiske folk si liding, sa Fayulu til dei som hadde møtt fram då han gav si stemme i Kinshasa i dag.

Også Felix Tshisekedi, sonen til den legendariske opposisjonsleiaren Etienne Tshisekedi som døydde i fjor, ligg betre an på meiningsmålingane enn det Shadary gjer. Tshisekedi får 24 prosent, mens presidentens kandidat, Shadary, får 19 prosent.

CONGO-ELECTION/

Regnet øsa ned over Kinshasa på starten av valdagen. Styresmaktene fryktar mange vil halde seg heime på grunn av regnet.

Foto: GIULIA PARAVICINI / Reuters

Opposisjonen er uroa

Men Shadary har store fordelar som presidentens utvalde kandidat. Han får brei dekning i nasjonale medium, og president Kabila har god styring på det som skjer i ulike nasjonale institusjonar. Fleire meiner også banda mellom det kongolesiske valdirektoratet, CENI, og styresmaktene er for tette.

Opposisjonen er også kritiske til at ein skal bruke maskinar og ikkje papir når ein stemmer. Opposisjonen meiner dette kan gjere det enklare å jukse. Andre har vore uroa for at maskinane kan gå tomme for batteri, og det er også rapportert om at fleire vert forvirra av maskinane, og at det har oppstått tekniske problem med enkelte av maskinane.

Det er venta ein del uro i Kongo, men førebels er det få meldingar om bråk på valdagen i det enorme landet. Kanskje kan det skuldast det kraftige regnvêret som er over delar av landet.

Ein ny president skal vere på plass innan midten av januar, sjølv om det då framleis er 1,3 millionar kongolesarar som ikkje har fått stemme på grunn

SISTE NYTT

Siste nytt