Hopp til innhold

Fredsprisvinnar kritisk – elbil-bransjen gjer endringar

Dei største norske elbil-forhandlarane forsikrar om at dei stiller høge etiske krav til alle underleverandørar, og at dei ikkje tolererer brot på desse reglane. BMW seier dei vil trekkje seg ut av Kongo.

Illegal koboltgruve i Kongo.

Det er mange små koboltgruver i Kongo, og arbeidsforholda er elendige i mange av dei. Denne gruva ligg utanfor byen Kolwesi.

Foto: Kenny-katombe Butunka / Reuters

Fredsprisvinnar Denis Mukwege sa i eit intervju med NRK i går at den store etterspurnaden etter kobolt til batteri for elbilar og smarttelefonar, har ført til eit auka konfliktnivå i heimlandet Kongo . Han kopla det direkte opp mot borgarkrigen og seksuell vald mot kvinner i landet.

Fredsprisvinnar Denis Mukwege.

Fredsprisvinnar Denis Mukwege, som sjølv er frå Kongo, refsar batteriprodusentar som kjøper kobolt frå heimlandet.

Foto: Tobias Schwarz / AFP

Han sa blant anna at jakta på kobolt i Kongo har ført til plyndring av ressursane til landet, og vi alle har eit ansvar for at salet av ulovleg kobolt blir stansa.

Dette har også ført til reaksjonar frå norske politikarar, som ynskjer å ta opp problematikken i Stortinget .

– Høge krav til underleverandørar

Blant dei som brukar kobolt i batteria sine er bilindustrien. I fjor rulla det vel 3000 nye Nissan Leaf ut på norske vegar. Kommunikasjonssjef Marina Maneas Bakkum seier at så vidt ho veit, så blir det ikkje brukt mineral frå Kongo i deira bilar.

– Generelt kan eg seie at vi stiller høgre krav til at underleverandørane våre skal følgje etiske standardar. Bilbransjen er ein stor kjøpar av mineral, og vi kan leggje press på underleverandørane. Vi kan stille krav om at vara dei leverer stettar våre krav. Det er både vår plikt og vår rett, seier ho til NRK.

hvit nissan leaf elbil

Nissan Leaf er den mest selde elbilen her i landet. I fjor vart det selt 30.000 av bilen.

Foto: Nissan Norge

Berekraft og menneskerettar

Leslie Bothge, talsperson i Volkswagen Group, som leverer både E-Golf og Volkswagen Up, forsikrar at konsernet stiller høge krav til berekraft, og det gjeld også for underleverandørane.

– Det gjeld både arbeidsforhold, miljø- og tryggingsspørsmål og det å følgje menneskerettane. Dette er kontraktfesta med underleverandørane. Vi tek alle rapportar om brot på desse reglane svært alvorleg, og vi granskar dei grundig, seier han til NRK.

Botghe fortel at dersom ein underleverandør gjer seg skuldig i brot på reglane, må selskapet leggje fram ein plan for korleis dei skal rydde opp. Og Volkswagen følgjer prosessen svært tett, fortel han.

– Vi tolerer ikkje barnearbeid eller andre brot på menneskerettane hos nokon som leverer til oss. Og vi samarbeider tett på dette feltet med både underleverandørar og humanitære organisasjonar, seier Leislie Botghe.

Følelsesladet Nobelseremoni: – Ingen kan lenger si: «Jeg visste ikke»

Trekkjer seg ut av Kongo

Talsperson i BMW Group, Kai Zoebelein, seier i ein kommentar at konsernet har svært høge krav til alle underleverandørar.

Derfor avgjorde dei sist sommar at dei skal sørgje for å kome tettare på kobolt-produksjonen, og kjøpe mineralet direkte.

– No kjøper vi kobolt frå underleverandørar, men det er ei utfordring at det er vanskeleg å ha kontroll på heile prosessen frå gruva og oppover. Derfor kjem vi ikkje til å kjøpe meir kobolt i Kongo, nettopp på grunn av risikoen for brot på menneskerettane. Vi kjem til å kjøpe kobolt berre frå kjelder som kan garantere at dei følgjer krava våre, seier han til NRK.

Han reknar med at dei vil vere ute av Kongo i løpet av 2019.

AKTUELT NÅ