Hopp til innhold

21 omkom - fleire tusen på flukt

21 menneske har mist livet i ein kraftig flaum i Romania dei siste dagane. Fleire tusen har måtta flykte frå heimane sine.

Video ROMANIA-FLAUM-290610-WW_MXF_Innboks.MP4

VIDEO: Dramatisk flaum i Romania.

Flaum i det nordaustlege Romania

Flaumen har lagt dei fleste vegane i området under vatn.

Foto: MIRCEA ROSCA / Afp

Eit uvanleg kraftig regnver har fått Donau og fleire sideelvar til å gå over breiddene sine i Romania, og fleire landsbyar er lagde under vatn. I ein by strøymde vatnet inn i husa så raskt at folk ikkje kunne gjere noko anna enn å klatre opp på taket.

Særleg ille har det vore langs i fylket Suceava. I tillegg til dei 21 som har mist livet er minst ein person sakna, melder nyheitsbyrået mediafax.

- Situasjonen er tragisk, skadane er så store at det er vanskeleg å forestille seg det, seier Gheorghe Flutur, ordførar i Suceava. Han fortel at 19 menneske omkom i flaumen, medan to andre vart drepne av lynet.

I ettermiddag gjekk vatnet litt tilbake etter at vasstanden hadde vore ein meter over normalen, samstundes som det var nokre timar med opphaldsver. I Dorohoi og fleire andre byar og landsbyar ligg framleis alle vegane under vatn.

I kveld har styresmaktene i Neamt-fylket lenger sør i Romania gitt ordre om evakuering av 11.000 menneske som bur langs elva Siret, ei sideelv til Donau. Det blir arbeidd på spreng med å leggje ut sandsekkar for å hindre elvane i å fløyme over meir.

Det er varsla meir regn i området, etter at det var opphald nokre timar i ettermidadg og kveld.

Det har vore kraftig regnver over heile Balkan den siste tida, og flaum har gjort stor skade i dei fleste landa i området

SISTE NYTT

Siste nytt