Hopp til innhold

14 born brutalt drepne

Lastebilen køyrde rett mot gruppa av skuleelevar i alderen åtte til 10 år, og sjåføren detonerte sjølvmordsbomba. 14 born vart drepne.

14 born drepne i sjølvmordsaksjon

Bilen gjekk i lufta like ved borna som var på veg heim frå skulen.

Foto: Nyhetsspiller

Dette skjedde i Khost-provinsen aust i Afghanistan søndag. Hendinga vart fanga opp av eit overvakingskamera, og dei dramatiske bileta viser ein bil som greier å kome seg forbi ein militær kontrollpost.

Bomba blir detonert akkurat idet bilen kjem fram til skuleelevane. Også to andre blir drepne, ein afghansk soldat og ei tryggingsvakt frå eit privat firma.

SJÅ DEN DRAMATISKE VIDEOEN HER:

Video nsps_upload_2008_12_29_11_29_47_1235.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Angrepet skjedde utanfor ei bygning der det oppheldt seg amerikanske soldatar, men ingen av dei vart såra i angrepet.

Det var også eit møte inne i bygningen mellom lokale stammehøvdingar, som skulle diskutere det ein NATO-talsmann kallar tryggingsspørsmål.

Angrepet skjedde på den siste skuledagen i 1998. Elevane hadde møtt fram for å få vitnemåla sine, og dei var på veg heim då sjølvmordsbombaren ramma dei.

Ingen har teke på seg skulda for angrepet, men afghanske styresmakter skuldar Taliban for å stå bak. Taliban har gjennomført mange liknande angrep tidlegare.

SISTE NYTT

Siste nytt