Hopp til innhold

13 mill. hemmelege CIA-sider søkbare på nettet

Den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA har frigitt rundt 13 millionar sider med tidlegare hemmelegstempla materiale, blant anna om forhold her i landet.

Central Intelligence Agency

CIA har etter press frå ulike interessegrupper gjort 13 millionar sider med tidlegare hemmeleg materiale tilgjengelege på nettet.

Foto: Saul Loeb / AFP

Dei frigitte dokumenta kan søkjast opp i Det elektroniske CIA-biblioteket . Ved å skrive Norway i søkjefeltet, får vi treff på fleire hundre dokument i CIA-arkivet. Her er alt frå vurderingar av den politiske situasjonen, arrestasjonen av Arne Treholt og UFO-observasjonar i Kirkenes .

CIA frigjer desse dokumenta etter krav frå amerikanske aktivistgrupper, som også gjekk rettens veg for å at dei hemmelege papira skulle bli søkbare på Internett. Det er snakk om dokument frå slutten av 1940-talet til langt ut på 1980-talet.

Arne Treholt

Arne Treholt

Arne Treholt har heile tida nekta for at han var spion for Sovjetunionen.

Foto: Meek, Tore / SCANPIX

Dokumenta har tidlegare vore tilgjengelege historikarar og andre interesserte ved Nasjonalarkivet i Maryland, men dette er første gong det store publikum kan leite seg gjennom materialet.

Mange av dokumenta er analysar av den politiske- og militære situasjonen under Den kalde krigen. Det er atskillege sider om Arne Treholt, som i 1985 vart dømd for spionasje til fordel for Sovjetunionen og Irak.

Det er også verd å merke seg at CIA har gjort ei grundig kartlegging av dei fleste byar og tettstader langs kysten, der det er tydeleg at forfattarane har reist til desse stadane, og dei har vore der nokre dagar og gjort observasjonar.

Treholt 25

Overvakingspolitiet sitt bilete av Arne Treholt saman med KGB-agentane Genadij Titov og Aleksandr Lopatin i Wien.

Foto: Politiet

Her får vi vite om hamneforhold, korleis kommunikasjonane er og elles annan informasjon om både landskap og folk.

Sverige og Finland

Mykje av innhaldet som handlar om norske forhold er meldingar frå den amerikanske ambassaden i Oslo om ting som skjedde her i landet. Det kan vere klipp frå aviser, men også vurderingar av den aktuelle politiske situasjonen.

Det norske forholdet til dei nøytrale nabolanda Sverige og Finland blir også vigd ein god del plass i CIA-materialet.

I eit dokument frå 1950 blir det vist til ein sentral norsk politikar, ikkje namngitt, som har uttrykt stor uro over kva planar Sovjetunionen hadde. Han var redd for at Sovjetunionen hadde planar om å okkupere Svalbard og kanskje også delar av Nord-Noreg.

Eit søk på Svalbard gir åleine fleire hundre treff i CIA-databasen.

I kommentaren frå ambassaden heiter det at USA ikkje trur at Sovjetunionen vil risikere å gjere noko som kunne resultere i eit militært svar frå USA og Nato.

Med livet som innsats

Russland kjenner seg trua av amerikanske soldatar i Polen

Uri Geller

Uri Geller viste kunstane sine også på NRK.

Foto: Scanpix

Bøying av skeier

CIA-dokumenta viser tydeleg at Noreg var ein viktig alliert for USA, som spydspissen i nord mot Sovjetunionen og Warszawa-pakta.

Dei frigitte dokumenta inneheld også stoff om det såkalla Stargate-prosjektet, der det blant anna er ein inngåande analyse av den israelske skei-trollmannen Uri Geller. Han viste også kunstane sine på norsk TV på 1970-talet.

I dokumenta står det at Geller var både overbevisande og tydeleg når han viste dei overnaturlege evnene sine.

Av andre kuriøse ting kan det nemnast at det i det enorme materialet også finst ei oppskrift på korleis ein lagar usynleg blekk.

Med livet som innsats

Norge provoserer Russland

SISTE NYTT

Siste nytt