Russland kjenner seg trua av amerikanske soldatar i Polen

Fleire tusen amerikanske soldatar kom i dag til Polen, der dei for første gong skal stasjonerast på permanent basis. Russland kallar utplasseringa ein direkte trussel.

Amerikanske soldatar i Polen.

Amerikanske stridsvogner og personellkøyretøy rulla inn i den polske byen Zagan i dag.

Foto: Natalia Dobryszycka / AFP

Mange hadde møtt fram på grensa mellom Tyskland og Polen i dag for å ynskje dei amerikanske soldatane velkomne. Soldatar og utstyr var sendt luftvegen frå USA til Tyskland, og derfrå rulla soldatane over grensa i stridsvogner, togvogner og pansra køyretøy til byen Zagan.

Utplasseringane av dei amerikanske styrkane skulle etter den opphavlege planen ikkje skje før i slutten av månaden, men ifølgje den britiske avisa The Guardian vart operasjonen skunda fram på grunn av presidentskiftet i USA.

– Frykta Trump-endring

US-POLITICS-TRUMP-PRESSER

USAs påtroppande president Donald Trump vil prioritere å få eit betre forhold til Russland.

Foto: TIMOTHY A. CLARY / AFP

Ifølgje kjeldene til avisa var det frykt for at Donald Trump, som blir innsett som president 20. januar, skulle gjere om planane om å stasjonere amerikanske styrkar i Polen på permanent basis.

Rundt 3500 amerikanske soldatar er med i det som blir skildra som den største amerikanske styrkeutplasseringa i Europa sidan den kalde krigen. Det er ein direkte reaksjon på den russiske anneksjonen av Krim-halvøya i 2014, og den russiske støtta til separatistane i den austlege delen av Ukraina.

Dette har skapt frykt i blant andre land som Polen, Litauen, Estland og Latvia. Frykta har ikkje vorte mindre etter at Russland plasserte ut Iskander-rakettar, som kan utstyrast med atomvåpen, i den russiske enklaven Kaliningrad.

Kaliningrad ligg ved Austersjøen, inneklemt på grensa mellom Litauen og Polen.

Amerikanske soldatar i Polen.

Fleire tusen amerikanske soldatar er no utplasserte i Polen.

Foto: Agencja Gazeta / Reuters
Amerikanske styrkar i Polen.

Mykje av det utstyret til dei amerikanske styrkane i Polen kom til landet med tog.

Foto: Czarek Sokolowski / AP

– Truar tryggleiken vår

Russland seier på si side at det er dei som har grunn til å vere redde.

Dmitrij Peskov, talsmann for Putin

Dmitrij Peskov er talsmann for Russlands president Vladimir Putin.

Foto: Maxim Shimetov / Ap

– Desse handlingane truar interessene våre, tryggleiken vår. Det er spesielt alarmerande at det er eit tredjeland som byggjer opp det militære nærværet sitt langs grensene til Russland. Og det er ikkje ein gong eit europeisk land som gjer dette, sa Dmitrij Peskov, talsmann for president Vladimir Putin, i dag.

Øvstkommanderande for dei amerikanske landstyrkane i Europa, general Ben Hodges, seier dette om utplasseringa av amerikanske styrkar i nærområdet til Russland.

– Eg er trygg på at dette er eit svært sterkt signal om at USA, saman med resten av Nato, er forplikta til å fremje avskrekking.

Trumps utenriksminister: – Russland er en trussel

Frå to til ei supermakt

Stoltenberg: - Donald Trump har heilt rett

Noreg også med

Også Noreg skal plassere ut soldatar i dei nye Nato-landa i dette området.

Både i Polen og dei baltiske landa er det frykt for at Donald Trump ikkje vil følgje opp politikken til avtroppande president Barack Obama på dette området. Trump har sagt at han ynskjer å få eit betre forhold til Russland og Vladimir Putin enn det Obama har hatt.

Mange er redde for at forsvaret av Polen og dei baltiske landa skal bli nedprioritert av USA for å gjere det lettare å få eit godt forhold til Moskva.

Både Trump og Putin lovar kraftig atomopprusting

Stoltenberg: – USA trenger Europa, og Europa trenger USA

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt