Dabbashi støttar no opprørarane i heimlandet, og han oppmoda på det sterkaste medlemslanda i Tryggingsrådet til å gjere noko for å hindre regjeringsstyrkane til Muammar Gaddafi i å lage eit blodbad i Ajdabiyah og Benghazi.
- Vi trur at vi i dei komande timane vil oppleve eit folkemord om ikkje det internasjonale handlar raskt og hindrrar styrkane til Gaddafi å setje i verk eit stormagrenp, sa Dabbashi til journalistar i FN-bygningen.
Ultimatum til innbyggjarane
Den libyske hæren gav onsdag kveld innbyggjarane i Benghazi, den siste skansen til opprørarane, om å forlate alle område der opprørarane oppheld seg og har sine våpenlager før kl. 23 norsk tid, melder nyheistbyrået Reuters.
Dette kan tyde på at eit angrep mot byen er nært føreståande. Seint tysdag kveld vart det meldt om
i utkanten av byen, utan at det venta storangrepet kom.Hæren gjer det klart at dei har tenkt å «frigjere» Benghazi frå det dei kallar dei væpna gjengane.
Like før midnatt norsk tid melder Reuters at det framleis er stille og roleg i Benghazi.
Libysk fjernsyn viste onsdag kveld bilete frå dei hevdar var ein pro-Gaddafi demonstrasjon i byen, men ingen av dei utanlandske journalistane i Benghazi kan stadfeste at det har vore ein slik demonstrasjon der.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Ventar ikkje motstand
Muammar Gaddafi sa i eit intervju med ein libanesisk fjernsynsstasjon onsdag at han ikkje venta særleg motstand. Han påstod i intervjuet at innbyggjarane i Benghazi har gitt dei opplysningar om kvar opprørarane har forskansa seg. Han gjentok også skuldingane om at opprørarane tilhøyrer Al Qaida og andre terroristgrupper.
Tryggingsrådet i FN diskuterer også onsdag kveld norsk tid eit forslag frå Frankrike om å innføre ei flyforbodssone over Libya, for å hindre regjeringshæren i å bruke flyvåpenet mot opprørarane.
Det er intense forhandlingar blant medlemslanda, men det er høgst uklart om dei greier å bli samde om eit flyforbod.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: