NRK Meny
Normal

Kraftig skyting i Benghazi

Det blir i kveld meldt om kraftig skyting i dei libyske opprørarane sin siste skanse Benghazi, etter at regjeringshæren tidlegare i dag varsla eit snarleg angrep på byen.

Opprørarar på flukt mot Benghazi

Opprørarar på flukt frå Ajdabiyah mot Benghazi.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Gaddafi-tilhengjarar jublar i Tripoli.

Gaddafi-tilhengjarar jublar i gatene i hovudstaden Tripoli etter at det vart kjent at opprørarane er jaga ut av to nye byar.

Foto: Jerome Delay / Ap

- Ein AFP-krrespondent i Benhgazi melde ved 22.30-tida i kveld at han kan høyre kraftig artilleri-skyting i den sørvestlege delen av byen. Det blir også meldt om eksplosjonar og antiluftsskyts, og ambulansar som køyrer med sirenene på.

- Vil knuse fienden

Dette kan tyde på at regjeringshæren har sett i verk angrepet dei varsla tidlegare i dag. I kveld har også Muammar Gaddafi gått ut på libysk fjernsyn og sagt at regjeringsstyrkane vil knuse fienden.

Dei væpna styrkane vil gå inn for å sikre tryggleiken dykkar, heiter det i ei melding frå hæren til innbyggjarane i Benghazi.

LES OGSÅ: USA vil gi Gaddafi-milliardar til opposisjonen

- Vi vil fjerne urettferda som er gjort mot dykk, beskytte dykk, gjeninnføre ro og orden og få livet tilbake til det normale, heiter det vidare.

LES OGSÅ: Italia stansar skip frå Libya

Regjeringsstyrkane skal tidlegare i dag ha innteke byane Brega og Ajdabiyah, to viktige byar som opprørarane har hatt kontrollen over. Ein regjeringstalsmann seier at dei håpar å ha full kontroll over alle område som blir haldne av opprørarane, «i løpet av få dagar».

Talsmannen seier også at Libya vil oppretthalde dei eksisterande kontraktane med utanlandske oljeselskap, trass i krisa i landet.

Flyktar til Benghazi

Opprørarane seier i kveld at dei framleis har kontrollen over Ajdabiyah, men det er lite som tyder på at dette er tilfelle. I heile dag har opprørarar og sivile flykta frå Ajdabiyah og reist mot Benghazi.

Folk i Benghazi har byrja å byggje barrikadar, men mange prøver også å kome seg vidare austover mot grensa til Egypt.

Gaddafi-sønene Saadi og Khamis skal ha fått kommandoen over offensiven mot opprørarane. Dette blir tolka som at regimet no sender eliteavdelingane sine mot opprørarane i den austlege delen av landet.

Benghazi er den nest største byen i Libya med rundt 700.000 innbyggjarar.

Opprørarar og sivile på flukt på Benghazi.

Opprørarar og sivile i flukt frå Ajdabiyah mot Benghazi.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

LES OGSÅ: Regjeringsstyrker angrep Ajdabiyah

LES OGSÅ: Gaddafi-soldatar inntek ny by

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt