NRK Meny
Normal

- Senka skip for å stengje inne ukrainske marinefartøy

Den russiske marinen har senka eit utrangert marinefartøy ved innseglinga til innsjøen Donuzlav på Krim-halvøya for å stengje inne fem ukrainske marinefartøy.

Det var i går kveld at fartøy frå den russiske svartehavsflåten taua kryssaren «Ochatov» til den smale innseglinga til Donuzlav. Her vart fartøyet fylt med vatn, før det vart høyrt ein eksplosjon om bord og skipet gjekk ned.

Det er 9–11 meter djupt på staden, og store delar av «Ochatov» er synleg over vassflata.

Det ukrainske forsvarsdepartementet opplyser til Naval Today at senkinga vart gjort for å hindre at fem ukrainske marinefartøy i Novoozerne, som ligg ved innsjøen Donuzlav, skal kome seg ut i Svartehavet. Departementet seier også at det vil både bli dyrt og arbeidskrevjande å fjerne det havarerte russiske skipet.

Innsjøen Donuzlav vart i 1961 knytt saman med Svartehavet gjennom ein trong kanal. Det er denne kanalen som no er blokkert av det senka russiske marinefartøyet.

Kryssaren «Ochatov» har vore ein del av den russiske svartehavsflåten, men skal ikkje ha vore operativ sidan tidleg på 2000-talet.

LES OGSÅ: Klitsjko krever Russland-sanksjoner

LES OGSÅ: – Væpnede menn hindrer OSSE-observatører

LES OGSÅ: Folkevalgte vil at Krim skal bli del av Russland

LES OGSÅ: Brende i Kiev med krav til regjeringen

- Russisk skipsvrak blokkerer sund - Nyheter, tv og radio fra hele verden - NRK.no

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt