Hopp til innhold

- Overvakinga har stansa fleire dusin terrorangrep

Sjefen for USAs National Security Agency (NSA), Keith Alexander, seier at overvakinga som nyleg vart avslørt, har hindra fleire dusin potensielle terrorangrep.

NSA-sjef, general Keith Alexander.

– Gjennom denne overvakinga har vi avverja fleire dusin terrorangrep, sa NSA-sjef Keith Alexander i ei høyring i Senatet i dag.

Foto: SAUL LOEB / Afp

Det har vekt sterke reaksjonar verda over at NSA har drive omfattande overvaking av privat databruk i utlandet, og Keith Alexander forklarte seg i dag i ei komitehøyring i Senatet i Washington.

Senatorane Jeff Merkley og Tom Udall.

Jeff Merkley (t.v.) og Tom Udall var blant dei som stilte spørsmål til Keith Alexander under høyringa i Senatet.

Foto: J. Scott Applewhite / Ap

Han fekk spørsmål frå ein av senatorane om han kunne gi eit anslag over kor mange terroraksjonar denne overvakinga av telefon- og Internettbruk har avverja. Han talfesta det då til «fleire dusin».

- Fleire dusin angrep

– Dette er hemmeleg, men vi snakkar her om at fleire dusin terrorangrep er avverja gjennom denne overvakinga, sa Keith Alexander blant anna i høyringa.

Det er snakk om terrorplanar både i USA og i utlandet, sa han. Han gjorde det klart at overvakinga vart gjort for å berge amerikanske liv.

General Keith Alexander er sjef både for NSA og det amerikanske forsvarets såkalla cyberkommando.

– Vi jobbar på ein måte som sørgjer for at vi har tillit frå det amerikanske folk, fordi den tilliten er heilag. Vi ser ikkje noko kompromiss mellom tryggleik og fridom, sa generalen i innleiingsforedraget sitt.

LES OGSÅ: Google og Facebook vil lette på overvåkingssløret

LES OGSÅ: Her er NSAs nye overvåkningssenter

Hemmelege møte

Høyringa i senatskomiteen skjer same veka som etterretningstoppar har hatt hemmelege møte med folkevalde i Washington der dei har orientert om overvakinga som NSA har stått bak.

Edward Snowden

Edward Snowden har varsla om det han meiner er overvaking i strid med den amerikanske grunnlova.

Foto: The Guardian

Politikarar både frå Det demokratiske partiet og Det republikanske partiet har teke til orde for å avgrense den elektroniske overvakinga av amerikanske borgarar.

Kravet er reist etter at den 29 år gamle tidlegare NSA-tilsette Edward Snowden har avslørt at NSA har eit svært omfattande program for å kartleggje telefondata og internettrafikk.

Varslaren Edward Snowden oppheld seg no i Hongkong, dit han reiste frå heimstaten Hawaii. Han har arbeidd på ei NSA-avdeling gjennom det private selskapet Booz Allen Hamilton.

LES OGSÅ: Snowden: – Jeg er verken forræder eller helt

LES OGSÅ: Russland vil vurdere Snowden-asyl

– I strid med grunnlova

Han har sagt at han korkje er ein landssvikar eller ein helt, men at han berre har gjort si plikt ved å varsle om det han meiner er overvaking i strid med den amerikanske grunnlova.

– Eg har ikkje reist hit for å rømme unna rettferd, eg er her for å avsløre kriminalitet, seier Snowden i eit intervju med South China Morning Post.

LES OGSÅ: Takk, Edward Snowden

LES OGSÅ: Snowdens arbeidsgiver: Sjokkerende

LES OGSÅ: Han har rystet USA – nå står etterretningskilden fram

SISTE NYTT

Siste nytt