NRK Meny
Normal

- No skal Al Qaida passe seg

- Funna i huset til Osama bin Laden er gull verd for CIA. No skal Al Qaida-nettverket passe seg, sa president Barack Obama då han vitja CIA-hovudkvarteret fredag kveld.

Barack Obama på CIA-hovudkvarteret i Langley i Virginia.

- Al Qaida-leiarane skal passe seg, sa Barack Obama på CIA-hovudkvarteret.

Foto: JIM WATSON / Afp

Det var ein sjølvsikker president som kom til CIA-hovudkvarteret i Langley i Virginia, etter at han litt tidlegare på dagen hadde hatt eit vanskeleg møte med Israels statsminister Benjamin Netanyahu i Det kvite hus.

Hylla planleggjarane

Barack Obama og Leon Panetta

Varmt møte mellom Barack Obama og CIA-sjef Leo Panetta.

Foto: JIM WATSON / Afp

Fredag kveld var det planleggjarane av aksjonen mot huset til Osama bin Laden i Abbottabad i Pakistan natt til 2. mai, som skulle hyllast.

Rundt 1000 CIA-tilsette høyrde talen, og presidenten vart stadig avbroten av jubel og applaus.

- De gjorde det mogleg å gjennomføre det viktigaste slaget i krigen mot Al Qaida,. No veit heile verda at det var rett å stole på dykk, sa Obama blant anna i talen sin.

Han heldt fram:

- CIA er ofte dei første som får skulda når noko går gale, og dei siste som får ros når det går bra. Men no skal de vite at heile nasjonen er takksame for innsatsen.

- Ei modig avgjerd

CIA-direktør Leon Panetta takka Obama for at han tok med modige avgjerda om å gå etter bin Laden, sjølv om dei ikkje hadde prov på at terrorleiaren verkeleg oppheldt seg i huset Abbottabad.

- Vi er takknemlege for at vi har ein øvstkommanderande som var villig til å stole på arbeidet vårt, sa Panetta, som truleg blir ny amerikansk forsvarsminister etter Robert Gates.

Spesialstyrken frå eliteavdelinga Navy Seals tok seg inn i bygningen, og tok livet av fleire av vaktene før dei drap også Osama bin Laden.

Det låg svært grundige planar til grunn for aksjonen, og planlegginga skal ha starta over eitt år i førevegen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt