- Mykje til felles, men få som Egypt

Eit sterkt arabisk samhald har fått opprøra i Tunisia og Egypt til å spreia seg som eld i tørt gras i regionen. Men suksessoppskrifta kan ikkje kopierast av alle, ifølgje UiO-professor.

Protestar i Jemen

I Jemens hovudstad Sanaa krever demonstrantane at president Ali Abdullah Saleh tek sin hatt og går etter 32 år ved makta.

Foto: AHMAD GHARABLI / Afp
Unge egyptere feirer på Tahrir-plassen

Unge egyptarar feirar at presidenten Hosni Mubarak går av den 11.februar 2011.

Foto: Ben Curtis / Ap

Dei kraftige demonstrasjonane som nyleg greidde å velta regima i Tunisia og Egypt vert omtalte som historiske milepælar.

Revolusjonane der har kasta bensin på bålet i fleire arabiske land, der borgarane no går til kamp for politiske, sosiale og økonomiske reformar.

Ifølgje Gunvor Mejdell, som er professor i moderne arabisk språk og kultur ved Universitetet i Oslo (UiO), vitnar opprørsbølgja om at det arabiske samhaldet er sterkt.

– Det rår ei kjensle av at det som angår eitt arabisk land, angår alle, sjølv om dei lokale forholda varierer stort.

Gunvor Mejdell, Professor i arabisk, UiO

Gunvor Mejdell er professor i arabisk språk og kultur ved Universitetet i Oslo (UiO).

Foto: UiO
Den arabiske fellesskapen

Kravet om demokrati, fridom og betre levekår er fellesnemnarar for uroa som spreier seg i regionen. Det er hovudsakeleg unge folk frå middelklassen som står i spissen for dei store mobiliseringane ein no er vitne til.

Men det er meir enn ungdommeleg kraft og sosiale media som ligg bak den rasktspreiande uroa i regionen, meiner Mejdell.

Ho snakkar om den arabiske fellesskapen eller identiteten, tufta på språk, tilhøyra til den arabiske sivilisasjonen og kulturelle og historiske band som går langt tilbake i tid.

Når det skjer omfattande endringar i land som Egypt og Tunisia, vil det difor også rokke ved grunnvollane i andre arabiske land.

– Jemen kan kopiera Egypt

– Arabiske intellektuelle har lenge vore klare over at det står dårleg til med demokrati og menneskerettar i heimlanda deira. Medvitet om at noko bør skje har ulma lenge.

Mejdell understreker likevel at moglegheita for å lukkast vil variera stort.

– Ikkje alle statsoverhovud er like upopulære som Hosni Mubarak og Zine al-Abidine Ben Ali . Nokon har større legitimitet og kan ri det av, seier professoren.

Ho peikar på Jemen som eit land som kan gå i Egypt sine fotspor og enda med regimefall.

– Her har det vore konflikt mellom stammar og klanar og mellom konservative og radikale heilt sidan samanslåinga av Nord-Jemen og Sør-Jemen til ein stat i 1990. Eit større opprør no, kan bli dråpen for presidenten som har klamra seg til makta i over 30 år, seier Mejdell.

Demonstrasjoner i Jemen

Som Mubarak i Egypt, har Jemens president Ali Abdullah Saleh styrt i over 30 år. No vil jemenittane kopiera regimefallet i Egypt.

Foto: AHMAD GHARABLI / Afp

– Oppmjuking i Marokko

Mejdell har også tru på at demonstrasjonane kan føra til omveltningar i andre arabiske land – men i meir moderate former.

– Det er vanskeleg å spå, men i Jordan og Marokko vil monarkane kunne koma kritikarane i møte.

– Kanskje vil dei opna for større politisk fridom, letta på pressesensueren , gje opposisjonen betre vilkår og trappa opp korrupsjonsjakta, legg professoren til.

Forskjel på liten og stor

I tillegg vil kvaliteten på sentrale institusjonar, folketal og økonomi spela ei rolle for i kva grad demonstrantane får gjennomslag for krava sine.

I folkerike statar med lite olje, kan fattigdom, arbeidsløyse og omfattande misnøye blant yngre generasjonar føra til så kraftige demonstrasjonar at styresmaktene vert nødde til å gje etter.

I tillegg til Egypt og Tunisia, gjeld dette land som Algerie, Marokko, Jordan og Syria.

Småstatar med store oljeinntekter har derimot greidd å skapa gode økonomiske kår for størsteparten av borgarane i landet (bortsett frå asiatiske gjestearbeidarar).

– På den måten kan styresmaktene sanka legitimitiet, til tross for streng sensur og systematiske brot på menneskerettane, seier Mejdell som peikar på land som Kuwait, Saudi Arabia og dei Sameinte Arabiske Emirata.

Her er ei oversikt over utviklinga i dei ulike arabiske landa:

Bahrain

Hundrevis av demonstrantar er framleis samla på Perleplassen i hovudstaden Manama. Stadig fleire kjem strøymande til, med mål om å få ein slutt på det sunnimuslimske Al-Khalifa dynasitet som har regjert i århundre.

Minst sju menneske er drepne og hundrevis såra sidan opprøret mot regjeringa og kongefamilien starta sist måndag.

I dag er situasjonen i den vesle, men strategisk viktige golfstaten framleis anspent, men litt meir dempa.

Ifølgje Al Jazeera er det sett i gang ein politisk hestehandel om rolla til monarkiet som per i dag har nærmast absolutt kontroll over den politiske styringa i landet.

Samstundes varslar den utviste opposisjons-leiaren Hassan Mashaima måndag til at han vil venda tilbake til Manama i morgon.

Video Demonstrasjoner i Bahrain mandag morgen

Situasjonen i Bahrain måndag morgon.

Libya

Medan styresmaktene i Bahrain så langt har vore tilbakehaldne med bruk av vald mot demonstrantane, har libyske sikkerheitsstyrkar skutt med skarpt mot opprørarane.

Ifølgje Al Jazeera er 61 personar drepne i samanstøytar i hovudstaden Tripoli måndag morgon.

Totalt er minst 233 menneske er drepne i opptøyane dei siste dagane, opplyser menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch.

Fleire viktige regjeringsbygg står måndag i brann i hovudstaden Tripoli. Regimekritiske demonstrantar skal også ha teke seg inn i og plyndra hovudkvarteret til den statlege TV-kanalen og radiostasjonen

Uroa spreidde seg nyleg frå byen Benghazi til hovudstaden Tripoli. I austlege delar av landet har demonstrantar allereie teke kontroll over fleire militærbasar.

Sonen til president Muamar Gadaffi åtvara natt til måndag om borgarkrig og blodbad dersom demonstrasjonane i landet held fram.

– Libya står ved ein korsveg. Om me ikkje blir samde i dag om reformar og vegen vidare, vil elver av blod renna gjennom landet, sa Saif al-Islam Kadhafi i ein YV-sendt tale.

Han oppfordra også til dialog og lova at nasjonalforsamlinga i landet skal samlast måndag for å diskutera forslag til reformar.

Video Mange demonstrerte i Libya natt til mandag

Mange demonstrerte i Libya natt til måndag

Sudan

President Omar al-Bashir stiller ikkje til attval. Det opplyser ein talsperson for hans parti, National Congress Party (NCP) måndag.

President al-Bashir tok makta i Sudan i eit militærkupp i 1989, og fekk fornya tillit i valet i april i fjor.

Med inspirasjon frå revolusjonane i Tunisia og Egypt, har unge studentar i Sudan den siste tida mobilisert og framsett krav om regimeendring, borgarrettar og økonomisk framgang.

Presidenten avviser at protestbølgja som no rystar fleire arabiske land er årsaka til at han lovar å trekkja seg frå embetet om fire år.

Jemen

Minst åtte menneske er drepne sidan opptøyane starta i hovudstaden Sanaa for ni dagar sidan.

President Ali Abdullah Saleh seier måndag at han ikkje vil gje etter for press frå tusenvis av regimekritiske studentar som framleis protesterer utanfor Universitetet i Sanaa.

– Eg går ikkje av, med mindre eg taper eit val, sa Saleh på ein pressekonferanse måndag.

Saleh har styrt landet i meir enn tre tiår, og opplyste for få veker sidan at han ikkje kjem til å stilla til attval i 2013. Han har overlevd fleire turbulente periodar. Både kald krig, borgarkrig, og al-Qaida opprør har prella av veteran-herskaren.

Video Demonstrasjoner i Jemen mandag morgen

Demonstrasjonar i Jemen måndag morgon.

Egypt

I Egypt har bankane opna att, og arbeidarane ved det største fabrikkanlegget i landet har avslutta streiken. Tre politimenn skal må svara for skytinga mot demonstrantar i Alexandria.

Måndag kom den britiske statsministeren David Cameron til Kairo for å ha samtalar med leiarane av dei ulike opposisjonsgruppene.

Tema for møtet er retningslinjer og framgangsplan for korleis transisjonen til demokrati bør gjennomførast i praksis. Cameron vil også pressa på for å få oppheva unntakstilstanden som blei innført med lov i 1981.

Ifølgje Reuters er den største opposisjonsgruppa, Den muslimske Brorskapen, eksludert frå samtalane.

Tunisia

Protestane har heldt fram etter at presidenten Zine al-Abidine Ben Ali gav etter for presset, gjekk av og rømde frå landet i januar.

Laurdag demonstrerte fleire hundre tusen menneske for ein sekulær tunisisk stat, etter at det brutale drapet på ein polsk prest.

Utanrikssjef i EU, Catherine Ashton ber no den protestråka overgangsregjeringa om å sikra religionfridom i landet.

Den midlertidige presidenten og tidlegare statsminister Mohammed Ghannouchi har sparka ministrar og varsla nyval innan seks månader, men demonstrantane vil ikkje gje seg før Ghannouchi også går av.

Eks-president Ben Ali befinner seg no i Saudi Arabia, men Tunisia har formelt bede om å få Ben Ali utlevert fordi han er ettersøkt for alvorlege lovbrot i heimlandet.

Uro i Tunisia

Folk i Tunisia protesterer - både mot overgangsregjeringa i heimlandet, og i sympati med demonstrantane i Libya.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Marokko

Det gjekk fredeleg føre seg då tusenvis av marokkanarar søndag demonstrerte fleire stader i landet. Politiet avstod frå bruk av vald, sjølv då 2000 demonstrantar i hovudstaden Rabat marsjerte til parlamentet, og ropte slagord som «ned med tyranniet».

Demonstrantane krev politisk endring og ønskjer at kongen i landet får mindre makt.

Jordan

Kong Addullah II bad søndag om raske reformar, dialog, og fleire tiltak for å få bukt med korrupsjon etter samanstøytar mellom dei som støttar regjeringa og demonstrantar fredag.

Kongen har tidlegare sparka statsministeren og utpeikt ein ny i forsøk på å tekkjast regimekritikarane.

Algerie

Det har vore sporadiske protestar mot regimet til president Abdelaziz Bouteflika sidan tidleg i januar. Minst éin person vart alvorleg skadd då opprørspoliti laurdag gjekk laus på demonstrantar i hovudstaden Alger.

IfølgjeBBC er det hovudsakleg raskt stigande matvareprisar som ligg til grunn for uroa i landet.

Presidenten har lova å oppheva unntakstilstanden som har råda sidan 1992 i «nærmaste framtid».

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt