Hopp til innhold

Krev at palestinarane må godkjenne Israel som jødisk stat

Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier at Israel vil akseptere ein palestinsk stat, dersom palestinarane aksepterer Israel som ein jødisk stat.

USA Israel Benjamin Netanyahu

Benjamin Netanyahu vart fleire gonger avbroten av applaus under talen sin.

Foto: Carolyn Kaster / Ap

Benjamin Netanyahu hadde i går samtalar i Det kvite hus med president Barack Obama, der Iran og fredsprosessen mellom Israel og palestinarane var hovudtema. I dag talte han til den pro-israelske lobbyen AIPAC i Washington.

Netanyahu er under press frå USA til å kome palestinarane i møte for å få til ein fredsavtale, men den israelske statsministeren har gjort det klart at han ikkje vil late seg presse til noko som helst.

– Ikkje kompromiss om tryggleik

Benjamin Netanyahu i Washington.

AIPAC er den største pro-israelske lobbyorganisasjonen i Washington.

Foto: MIKE THEILER / Reuters

I talen sin i dag gjentok Netanyahu at ikkje kjem til å gå inn på eit kompromiss når det gjeld tryggleiken til Israel.

Han gjorde det også klart at palestinarane må godkjenne Israel som ein jødisk stat, og han bad dei slutte å drøyme om at palestinske flyktningar skulle få rett til å returnere til Israel.

Han sa blant anna at organisasjonar som Hamas, Hizbollah og Al Qaida heilt sikker vil prøve å angripe Israel, om det blir ein fredsavtale med palestinarane.

– Derfor kjem vi aldri til å inngå kompromiss som vil svekkje tryggleiken til Israel, sa Netanyahu i talen.

Medlem i sentralkomiteen i den palestinske organisasjonen Fatah, Nabil Shaath, seier i ein kommentar til talen at Netanyahu med dette har sett ein sluttstrek for fredsforhandlingane.

Palestinarane har heile tida sagt at dei ikkje kan akseptere Israel som ein jødisk stat. Flyktningar sin rett til å vende tilbake har også vore eit sentralt palestinsk krav.

LES OGSÅ: Kerry truer med boikott mens Brende frykter ny intifada

LES OGSÅ: – Netanyahu avviser at sønnen har norsk kjæreste

Åtvarar mot Iran-avtale

Benjamin Netanyahu åtvara sterkt mot at det internasjonale samfunnet skal inngå ein avtale med Iran, som inneber at landet framleis vil ha rett til opprike uran. Det vil gjere landet i stand til raskt å starte arbeidet med å utvikle atomvåpen igjen.

– Uheldigvis snakkar dei leiande stormaktene i verda om at Iran skal få behalde teknologien for oppriking av uran. Eg håper inderleg at dei ikkje gjer alvor av det, for det vil vere ein grov feil, sa Benjamin Netanyahu i talen sin. Han gjorde det også klart at Israel vil gjere dei meiner er nødvendig for å sikre tryggleiken til landet.

Benjamin Netanyahu (t.v.) og Barack Obama i Det kvite hus.

Benjamin Netanyahu og Barack Obama i Det kvite hus måndag kveld.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

I den delen av talen som handla om ein mogleg fredsavtale med palestinarane, sa han at Israel var klar til å godta ein palestinsk stat, men at då må palestinarane også akseptere at Israel er ein jødisk stat.

– Det er på tide at palestinarane aksepterer historia. Vi skal godta ein palestinsk stat når dei aksepterer Israel som jødisk, sa han.

LES OGSÅ: Her hyller Knesset-medlemmer de døde, hjemme lever de overlevende i fattigdom

LES OGSÅ: Vil forby ordet nazi i Israel

Fristen snart ute

USA har lagt mykje prestisje i arbeidet med å få til ein fredsavtale mellom Israel og palestinarane. Fristen for å få til ein avtale går ut 29. april. USAs utanriksminister John Kerry har prøvd å få partane med på ein førebels avtale, slik at fristen for å få til ein endeleg avtale kan utsetjast.

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas har hittil avvist ei utsetjing av fristen. Det blir ikkje aktuelt utan at Israel stansar all utbygging på Vestbreidda, og at palestinske fangar i israelske fengsel blir sette fri.

Den nye runden med samtalar mellom Israel og palestinarane starta i juli i fjor, og det vart sett ein frist for å nå fram til avtale på ni månader. Denne nimånadersfristen går ut 29. april.

LES OGSÅ: USA og EU letter på sanksjonene mot Iran

SISTE NYTT

Siste nytt