Hopp til innhold

- Lite håp om fleire overlevande

Det er lite håp om å finne fleire overlevande, melder italienske medier. Talet på døde er no oppe i 291 etter jordskjelvet i Italia.

Ødeleggelser etter jordskjelvet i L'Aquila, Italia
Foto: ALESSANDRA TARANTINO / AP

- Redningsarbeidet held fram, seier ein talsmann for leitemannskapane til nyheitsbyrået AFP.

Søkjer med spesialmikrofonar

Med spesialmikrofonar søkjer dei etter overlevande i eit hus i byen L'Aquila, etter at nokre meinte å høyre lydar frå ruinane på fredag.

I går kveld arbeidde redningsmannskapa på spreng for å leite etter liv under det samanraste huset.

Les også: Lette på spreng etter overlevende

Håpet svinn

Det er likevel lite håp om at menneske har overlevd under ruinane, melder italienske medier.

- Arbeidet er veldig krevjande. Teikna til no syner at det er håp om liv. Men det kan like gjerne vere eit dyr eller vassdråpar, seier talsmannen for leitemannskapa til TV-kanalen Sky.

Søkja etter overlevande i Abruzzo-regionen er venta å slutte i morgon, ei veke etter at jordskjelvet som har øydelagt om lag 10.000 bygningar og gjort nær 40.000 menneske heimlause, skjedde.

Les også:

Minnet sine kjære i dag

- Nå er alt håp ute

Mistet sin beste venn i ruinene

SISTE NYTT

Siste nytt