Hopp til innhold

- IS tvang born til å lære halshogging

Born som var tekne til fange av Den islamske staten (IS) vart tvungne til å delta i opplæring i korleis ein skulle gjennomføre ei halshogging. Dei fekk tildelt kvart sitt sverd og kvar si dokke. Ordren var: Halshogg!

IS-krigarar med dødsdømde fangar.

Terrorgruppa IS sender ofte ut videoar av brutale avrettingar. Dette er frå ein video sendt ut i april i år.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Det er ein 14 år gammal gut frå Yazidi-minoriteten som fortel dette til nyheitsbyrået AP i ein flyktningleir i Sanliurfa i Tyrkia. Han vart bortført etter at IS tok kontroll over landsbyen hans i Irak i fjor, og i fangenskap vart han saman med andre born plassert i ein treningsleir for IS-krigarar.

Han greidde seinare å rømme, og er no i ein flyktningleir på den tyrkiske sida av grensa.

– Hovuda til vantru

Flyktningfamilie i Sanliurfa i Tyrkia.

Denne flyktningfamilien frå Tel Abyad i Syria har søkt tilflukt under ein teltduk i Sanliurfa i Tyrkia.

Foto: © Umit Bektas / Reuters / Reuters

– Først viste dei oss videoar av halshoggingar, og dei sa at vi i framtida skulle gjere dette. Vi var over 120 gutar. Kvar av oss fekk ei dokke og eit sverd med ordre om å kutte hovudet av dokka. Først greidde eg det ikkje. Då lo dei av meg, og viste meg korleis eg skulle gjere det. Dei sa at det var hovuda til vantru, fortel 14-åringen.

Då IS-krigarane tok kontroll over Yazidi-landsbyane i det nordlege Irak i fjor, så tok dei svært ofte livet av dei eldre. Jenter og kvinner vart tekne som slavar, men medan mange gutar var tenkte til ei heilt anna oppgåve.

IS hadde bruk for dei i kampen. Gutane vart tvungne til å konvertere til islam, og dei skulle lærast opp til å bli jihadistar, eller heilage krigarar.

Fleire menneske som har greidd å flykte over til Tyrkia fortel til AP at ekstremistane ynskjer å byggje opp ein ny generasjon militante. Born og tenåringar blir anten tvungne, eller så blir dei lokka med help av gåver og søtsaker.

Amnesty anklager IS for massedrap

– Om de dør, vil jeg dø med dem

Truslar og hjernevask

Ved hjelp av gåver, truslar og hjernevask skal borna skapast om til krigarar.

Flyktningar fortel om fleire tilfelle der unge gutar er gjorde til drapsmenn og sjølvmordsbombarar. Ein IS-video lagt ut på Internett sist veke viser ein ung gut som halshogg ein syrisk soldat.

Sist månad viste ein IS-video at 25 born avrettar 25 syriske soldatar ved å skyte dei i hovudet.

14 år gamle Yahya vart teken til fange saman med mora, veslebroren og fleire hundre andre frå Yazidi-folket i den irakiske byen Sulagh i august i fjor. Dei vart sende til Raqqa i Syria, der alle gutane over åtte år vart plasserte i ein treningsleir.

Flyktningar får koranundervisning i Tyrkia.

Unge gutar som har flykta frå IS i Syria får koranundervisning i ein flyktningleir. Det viktigaste er å vise at IS handlar i strid med Koranen, seier ein av lærarane.

Foto: Hussein Malla / Ap

Australske realitydeltakere sendt inn i Syria – ble beskutt av IS

Dødstallene stiger etter IS-bombe på markedsplass i Irak

Måtte slå broren

Han var i leiren i fem månader. I ti timar kvart dag måtte dei studere Koranen og delta i militær trening. Dei vart tvungne til å slå kvarandre, Yahya måtte slå dei ti år gamle broren sin.

– Eg slo ut ei tann på han. Eg fekk beskjed om at om eg nekta, så ville dei skyte meg, seier han til AP.

I mars i år greidde han å flykte saman med broren og mora, etter at ein onkel i Irak betalte ein stor sum pengar til ein russisk IS-krigar dei hadde slått seg saman med.

– Eg prøvde å få med meg ein kamerat, men han ville ikkje. Han sa at han var blitt muslim, seier Yahya.

SISTE NYTT

Siste nytt