Hopp til innhold

- Framgang - men ingen avtale

Brussel (NRK): Storbritannias statsminister David Cameron seier i føremiddag at det er framgang i samtalane om ein britisk avtale om særordningar i EU, men at det enno ikkje er semje.

Storbritannias statsminister David Cameron.

David Cameron gjer det klart at det ikkje blir nokon avtale utan at det er teke omsyn til Storbritannias behov.

Foto: ERIC VIDAL / Reuters

– Eg forhandla fram til klokka 5 i dag tidleg. Det er framgang, men ingen avtale, sa Cameron då han kom tilbake til forhandlingane ved 11-tida i føremiddag. Han gjorde det klart at det ikkje blir nokon avtale utan at det blir teke omsyn til Storbritannias behov.

Cameron håper han kan reise frå EU-toppmøtet i Brussel i ettermiddag med ein pakke av reformtiltak i bagasjen. han har gjort det klart at Storbritannia treng ein del særordningar for å kunne halde fram i unionen.

Rundt klokka 10 samla regjeringssjefane i EU seg til nye bilaterale samtalar om ein avtale med Storbritannia. Det er ikkje venta noko resultat av forhandlingane før tidlegast i ettermiddag.

Fire krav som står på spill for EU og Storbritannia

Britisk folkerøysting

Om det blir semje om ein avtale i løpet av dagen, er det venta at Cameron vil leggje dette fram i ei folkerøysting om Storbritannia framleis skal vere medlem i EU. Ei slik folkerøysting kan kome så tidleg som til våren.

Ei meiningsmåling frå TNS som vart publisert i dag, viser at 36 prosent av britiske veljarar vil forlate EU, medan 34 prosent vil bli.

Donald Tusk samlar dei 28 medlemslanda til nye forhandlingar i løpet av føremiddagen. Det blir bilaterale møte fram til cirka 13.30, då det er meininga av alle dei 28 regjeringssjefane i EU og EU-rådet skal samlast til ein sein brunsj. Målet er å einast om ein avtale under denne seansen.

EU-president Donald Tusk seier han har håp om ein avtale med Storbritannia i løpet av dagen, men han vedgår at mange vanskelege spørsmål er uløyste. Det var opphavleg tenkt at toppmøtet skulle avsluttast med ein britisk frukost i føremiddag, men forhandlingane har vore tøffare enn venta slik at det var naudsynt med ei utsetjing.

Usemje om innvandring

Det står enno mykje igjen før ein eventuell avtale er klar. Det er særleg sør- og mellomeuropeiske land som er skeptiske til å det britiske kravet om å avgrense innvandrarar frå EU-land sin tilgang til visse velferdsytingar.

Ingen avgjørelse ennå om Storbritanias EU-framtid

VIDEO: Tore Tollersrud frå Brussel.

Belgia vil ikkje utan vidare gå med på at Storbritannia skal ha unntak frå målet om at EU skal bli ein stadig tettare union. Italia statsminister Matteo Renzi sa til Reuters etter forhandlingane i går at han var mindre optimistisk enn før toppmøtet starta.

Lekkede dokumenter viser stor avstand

Klar til å feire eventuell britisk EU-utmeldelse

Neppe raskt gjennombrot

Britiske forhandlarar og ein delegasjon frå EU hadde alt før toppmøtet vorte samde om ein reformpakke, men endringane har vore vanskelege å godta for fleire medlemsland. Det er først og fremst spørsmåla om innvandring som har skapt problema.

David Cameron hadde håpt å kunne reise tilbake til London i ettermiddag med ein avtale i boks, for så å halde eit regjeringsmøte for å presentere resultatet. Det rekk han neppe, og det kan også skje at han reiser tilbake til London utan ein avtale.

Då vil han leggje fram ein manglande avtale framfor det britiske folk, og det vil gjere det meir sannsynleg at dei seier nei til vidare britisk medlemskap i EU.

Saka blir oppdatert

Donald Tusk (t.v.) og David Cameron.

Donald Tusk (t.v.) er forsiktig optimist før nye forhandlingar i Brussel i dag. David Cameron krev ei rekkje reformer om Storbritannia skal halde fram som EU-medlem.

Foto: THIERRY ROGE / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt