Ida Tangvik Amundsen

Kva lærer ungdommar om kropp, sex og kjensler? Ida Tangvik Amundsen og klassekameratane etterlyser meir informasjon på skulen.

Foto: Helene Solheim / NRK

Når gutelus og jentelus blir digg

Ungdom «rotar» og «hookar». Men kva har dei lært om kropp, kjensler og trygg sex før det blir pulings? Ikkje ein drit.

Puppar. Knulle. Klitre.

Tante rød. Brannbil. Anal.

Vulva. Sæd.

Kåt. Runk. Kondom.

Trekant. Pikk. Fitte.

Ord som får vaksne til å rynke på nasen. Særleg med unge til stades.

Slik er det ikkje for kidsa. Dei hevar ikkje eit augebryn.

Tvert i mot.

– Vi snakkar om gutar heile tida.

Ida Tangvik Amundsen, Hedda Nordbø og Selma Bjarkøy ler litt då dei kjem ut frå klasserommet til 8B.

Dei elskar å snakke om sånt, i alle fall med kvarandre. Slik har det vore ei stund.

For mot slutten av barneskulen opna ei ny verd seg.

– Plutseleg såg vi på klassekameratane på ein annleis måte.

Kroppane deira endra seg frå born til vaksen.

Problemet var at dei ikkje hadde lært noko om den vaksne kroppen.

Det har dei framleis ikkje.

Ida Tangvik Amundsen, Hedda Nordbø og Selma Bjarkøy.

Ida, Hedda og Selma går i 8. klasse, men har dei for eksempel lært kva den seksuelle lågalderen er?

Foto: Helene Solheim / NRK

Då det blei brunt i trusa

Tilbake til barneskulen.

Skuledagen var over, og dei tre jentene går heim. Hos Ida har ingen andre komme endå, og ho dumpa ned i sakkosekken på stova.

På dette tidspunktet var Ida framleis eit barn, men noko var i ferd med å endre seg.

Ho kjente at ho måtte tisse, og tusla inn på toalettet.

Drog ned buksa og sette seg. Vanleg rutine.

Shit!

Shit, shit, shit...

Det var noko brunt i trusa.

Halvparten av alle menneske på jorda får mensen. Likevel kan det vere skummelt, ekkelt og einsamt når det skjer.

Ida hadde allereie lært om mensen. Mamma hadde fortalt litt.

Den unge jenta heiv seg på telefonen og ringde.

Ho trudde ho hadde fått mensen!

Mamma fekk henne til å roe seg. Dei hadde allereie kjøpt inn truseinnlegg, og avtalte å prate meir då mamma kom heim.

Det skulle gå heilt fint, men Ida var litt skremt.

Hadde andre i klassen fått det?

Ida, som så mange andre, kjende eit brennande behov for informasjon melde seg.

Mensen

I nokre delar av verda viser rapportar at to av tre jenter ikkje ante kva som skjedde med dei då dei fekk mensen for første gong.

Foto: Helene Solheim / NRK

Jenter har tre hol, ikkje to

14 år gamle Ida fortel om sitt første møte med mensen. No har jordbærveka ein fast plass på kalenderen kvar månad. Hedda og Selma nikkar medan ho fortel.

Alle blei forvirra då mensen kom.

Det skulle jo vere raudt.

Hedda trudde det var noko gale med ho.

– Vi forventa ekte blod, som når du kuttar deg på fingeren.

– Og eg gjekk glipp av mykje symjing på skulen.

I tillegg fekk Hedda mykje smerter då tante raud banka på døra.

Det hadde ingen fortalt ho.

– Eg har lært alt av venner eller internett.

– Mange trur endå at jenter berre har rumpehol og tissehol, seier Ida.

Ho er litt oppgitt.

Behovet for informasjon er skrikande.

Men korleis skal dei unge få det?

Kven kan dei snakke med?

Vitskapsprogrammet Newton har sjekka kven ungdom tar kontakt med viss dei lurar på noko. Anten det er snakk om kropp, pubertet eller kjensler.

Nesten halvparten seier at dei pratar med vennane sine.

Nokon få spør foreldre, søsken, lærarar eller helsesøstrer.

Tre av ti snakkar ikkje med nokon.

32 prosent.

Dei er heilt aleine.

Må google «hore» og «prevensjon»

Ida, Hedda og Selma har som alle andre 13- og 14-åringar lært mykje om dampmaskina som starta den industrielle revolusjonen, men ingenting om den seksuelle lågalderen.

Sånn er det med alt som handlar om kroppen.

Rykte.

Snakkis blant venner.

Internett.

Som alle andre lærte jentene litt om puberteten i 5. klasse. Deretter får dei minimalt med seksualundervisning før dei byrjar i 9. klasse.

Sett på spissen kan jenter og gutar debutere seksuelt i 8. klasse utan å ha lært kva prevensjon er.

13 prosent av ungdom debuterer nemleg før dei blir 16, som er den seksuelle lågalderen.

Ida Tangvik Amundsen

Ida Tangvik Amundsen seier at det er mykje snakk om sex blant elevane på skulen.

Googler slut

Jentene fortel at det er fleire ord og utrykk dei har googlar seg fram til.

Bok med seksualitet

Alle tre er einige i at seksualundervisninga må bli betre.

Jentene bekreftar at nokon i parallellklassen har hatt sex.

– Han eine brukte ikkje kondom.

– For kondom er vel ein type prevensjon? spør Selma.

Jentene ser på kvarandre. Dei nølar litt.

Joda, kondom og p-piller er vel ein type prevensjon. Det gjer at ein ikkje blir gravid.

Dei har lært mykje ord og uttrykk, men ikkje på skulen.

– Eg seier jo «hooke» i annankvar setning.

– Kva betyr «hooke»?

Hedda prøver seg på ei forklaring.

– Det... Eh.... Det er som å rote. Litt kyssing og sånt.

Google har blitt ein viktig ressurs for å henge med.

For eksempel då storesøstera til Hedda byrja å seie «hore».

Hedda spelte med, men tenkte kva i alle dagar er hore?

Med ein gong ho var aleine måtte ho google det ukjende ordet.

1. Person som utførar seksuelle handlingar for pengar med fleire personar.

2. Skjellsord brukt for å markere forakt.

Okey.

Så var «hore» ein del av vokabularet.

Vakre rumper

Det er friminutt, og Ida, Hedda og Selma kler på seg.

Borte med dissestativet står to gutar som vinkar til jentene.

– Vi merka veldig godt når jentene kom i puberteten, ler han eine.

– Dei blir litt lettare sure no.

Men det blir gutane også.

– Og folk får mykje kviser!

Gutane fortel og at dei ser annleis på jenter enn før. Plutseleg er rumper eit vanleg samtaleemne.

– Men det er ikkje noko sexpress. I alle fall ikkje endå.

Alle fem er likevel einige om at skulen må levere betre på temaet. Sjølv om dei kan mykje om sex og sånt, manglar dei ein del. Kunnskap om korleis ting er i det verkelege liv.

Unge er dermed avhengig av flinke foreldre for å få trygg og god informasjon.

Kanskje livsviktig informasjon?

Elevar på Hoeggen ungdomsskule

Selma Bjarkøy, Henning Kalldal Wold, Ida Tangvik Amundsen, Alvar Thommasen og Hedda Nordbø.

Elevar på Hoeggen ungdomsskule

Nokre av ungdomane pratar med foreldra sine, men mykje har dei lært av rykter på skulen.

Elevar på Hoeggen ungdomsskule

Gjengen seier at det er fint å kunne prate med kvarandre.

Når penisen blir hard i garderoben

Eit kjapt internettsøk opnar eit univers av usikre ungdomar.

Dei skrik etter informasjon.

Ting dei lurer på.

Ting dei bekymrar seg for.

(Slapp av, du får svar på alt dette lenger nede i artikkelen.)

Korleis kan jenter onanere? Ei 14 år gamal jente lurer.

Kan eg bli straffa for å ha sex? Ein gut på 13 år er redd.

Kva skjer viss eg får sæd i rumpa? Ei jente på 14 spør anonymt.

Går det an å knuse ballane eller knekke tissen? Ein gut på 14 treng svar.

Er eg lespe viss eg likar lespeporno? Ei jente på 14 er usikker.

Kor mykje kan eg runke på ein dag? Ein gut på 13 har oppdaga ein ny aktivitet.

Korleis kan eg ha sex med lav sjølvtillit? Ei jente på 15 slit.

Kva gjer eg når penisen min byrjar å bevege seg blant andre? Ein gut på 12 år har fått livet snudd på hovudet.

Plutseleg er jentelus og gutelus blitt digg.

Penisen blir hard i dusjen etter gymmen.

Verda går under fordi din første kjærleik velde nokon andre.

Symjing er uaktuelt på grunn av mensen.

Alt er annleis.

Boka "Venus - Norske kvinner sett nedenfra"

Kva lærer barn og unge om kroppen? Veit dei at kvinner sitt underliv har forskjellig utsjånad?

Foto: Anniken Valstad / Boka "Venus- Norske kvinner sett nedenfra" (Gyldendal forlag)

Har ungdom sex viss dei lærer om sex?

Tidlegare i år gjorde eit ungdomsråd i Trøndelag opprør.

Eit opprør mot seksualundervisninga.

Dei leigde inn ein sexolog for å lære alle ungdomsskuleelevane om kropp og sex, fordi skulen ikkje leverte. Myndigheitene har bestemt at barn og unge skal lære om slike ting. Seksualitet, grenser, respekt, kropp og kjensler.

Kunnskapsdepartementet innrømmer at læreplanane ikkje har vore gode nok, men kjem no med nye.

– Eg trur ditta vil bli mykje betre, seier statssekretær Rikke Høistad Sjøberg.

Greia er at lærarar i ulike fag har ansvaret for seksualundervisninga. Kunnskapsdepartementet meiner ei uklar arbeidsfordeling kan vere ein del av problemet, som dei no forsøker å rette opp i.

Kropp og grenser. Seksuelle overgrep.

Onanering. Porno. Prevensjon.

Ting ein må vite for å takle livet.

Sexolog Beate Alstad er kritisk. Ho synest ikkje det er nok snakk om kropp og seksualitet blant ungar og ungdom.

– Seksualitet er heilt naturleg. Det er ein del av alle.

Det er nemleg bevist at meir informasjon rundt dette fører til seinare og tryggare debut. UNESCO har forska på dette, og har laga retningslinjer der det står at seksualitetsundervisning ikkje auka seksuell aktivitet eller spreiing av kjønnssjukdomar. Det hjelp derimot unge til å bli meir ansvarlege.

Så kvifor snakkar ein ikkje om alt?

Du må jo ta teorien før du køyrer opp.

Og plutseleg står draumemannen eller draumekvinna der. Plutseleg kjenner ein seg klar for å ta steget. Men då hadde det vore fint om ein var klar på ekte?

– Eg har jo aldri vore forelska, seier Ida.

Ho stressar ikkje. Men veit gjengen kva det vil sei å vere forelska?

– Då er det snakk om ekte kjensler. Sommarfuglar i magen.

Ida, Hedda, Selma, Henning og Alvar vil gjerne vere klar når dagen kjem. Dei vil vite alt og snakke om alt.

Dei er heldige som har kvarandre. Det er som sagt ikkje alle som har nokon å spør. Kva står dei igjen med då, viss skulen ikkje leverer?

Spørsmål om kropp, kjensler og sex

Anne Holter Bentzrød som er helsesjukepleiar hos UNG.no svarer på alle spørsmåla som er omtalt tidlegare i artikkelen. Dersom det er meir du lurer på kan du sjekke ut nettsida www.ung.no for meir info.