Hopp til innhold

Ungdom gjer opprør mot sexundervisninga – veit ikkje korleis ein «vanleg» penis ser ut

Ungdommar er fortvila over seksualundervisninga på barne- og ungdomsskulen. Difor inviterte dei ein sexolog for å få svar på alt frå analsex til klamydia.

Siri Marie Bleke og John Oddvar Bodsberg

TAR GREP: Siri Marie Bleke og John Oddvar Bodsberg i ungdomsrådet til Melhus har jobba med å betre seksualundervisninga på skulane i eit år.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Barn ser på porno frå dei er åtte år. Norske ungar er dei som ser på mest porno i heile Europa, fortel sexolog og familieterapeut Beate Alstad.

Ho har reist til Melhus i Trøndelag for å lære ungdomsskuleelevane om kropp og sex. Ungdomsrådet har leigd ho inn fordi dei meiner undervisninga på skulen ikkje strekk til.

Sexolog Beate Alstad

PENIS: Sexolog Beate Alstad seier at porno ofte er den einaste kjelda til unge. På foredraget snakka ho blant anna om at kroppane våre ikkje ser ut som på porno.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Vi har invitert alle ungdomsskuleelevane til eit foredrag kor vi skal snakke om sex, seier Siri Marie Bleke, leiaren for ungdomsrådet.

– Unge har jo ikkje sett vanlege penisar. Gutane gøymer seg i dusjen, og på grunn av porno trur dei alle gutetissane skal vere kjempestore, seier sexologen.

Sprutar ikkje sæd som ei champagneflaske

Ifølgje sexologen er porno ofte eit problem.

– Det er ikkje noko gale med å sjå på porno, men det blir eit problem når det er den einaste kjelda ungane har. Vi må snakke om sæd, oralsex og onanering. Viss ikkje trur unge at sex er som på porno, seier Alstad.

I 5. klasse lærer elevane litt om puberteten. Deretter er det mange som ikkje får seksualundervisning før 9. klasse.

Ungdommar under seksualundervisning

LÆRERIKT: Desse 8. klassingane fortel at dei lærte mykje nytt under foredraget. Dei stiller seg bak ungdomsrådet som kritiserer skulane.

Foto: Helene Solheim / NRK

Alstad seier at det skjer uendeleg mykje på desse åra.

Ho fortel om ein gut som trudde det var noko gale med han. Når han runka kom det berre ei lita skei med sæd.

– På porno ser det ut som gutane spruta ut ei heilt champagneflaske. Vi må snakke om alle sånne små ting, og difor er skikkeleg seksualundervisning veldig viktig.

– Lærarane synest dette er fælt

Ungdomsrådet vil ha arrangementet kvart år, men har planar om å ta problemstillinga vidare til politikarane.

Siri Marie Bleke i ungdomsrådet på Melhus

FORTVILA: Siri Marie Bleke som er leiar i ungdomsrådet vil ta saka vidare til politikarane.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Undervisninga på skulen er for dårleg. Det er berre prevensjon, abort og kjønnssjukdomar vi lærer om. Ingenting om kor bra det kan vere. Sex kan vere fint og bra, seier Bleke.

Ho og Alstad meiner seksualundervisninga må starte tidlegare, og vere meir omfattande.

– Lærarane synest dette er fælt, og det ser vi som elevar veldig tydeleg. Seksualitet kjem til å følge oss heile livet, og difor må vi få meir kunnskap.

Meir informasjon fører til seinare debut

– Ungar må lære om kropp og seksualitet allereie i barnehagen, seier Alstad.

Ho meiner at det burde vere eit eige fag som følgjer ungane heile vegen.

– Vaksne tenker at viss ungar kan mykje om sex, så startar dei i 12-årsalderen. Det er feil. Dei som veit meir om sex og er trygge på seg sjølv, debuterer seinare. Ein vinn-vinn-situasjon, slår sexologen fast.

Myndigheitene har bestemt at barn og unge i skulen skal lære om seksualitet, grenser, respekt, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Men lærarar i fleire fag skal ha ansvar for denne undervisninga.

Dette fører i blant til uklar arbeidsdeling, seier Rikke Høistad Sjøberg. Ho er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Snart kjem nye læreplanar

Dette er dei bevisste på no som dei jobbar med nye læreplanar, forklarer Sjøberg. Dei nye planane skal på høring i mars og vere klare til hausten.

– Seksualundervisninga vil typisk delast mellom fleire fag. For eksempel vil naturfag ha ansvar for opplæring om kroppen, organ og sjukdom, KRLE for etisk refleksjon og respekt for andre og samfunnsfag for refleksjon rundt eigne grenser og respekt for andre sine.

Statssekretæren meiner det er strålande at elevar tar grep når dei meiner opplæringa er for dårleg.

– Det er ansvaret til skulane å sikre at elevane får god opplæring. Men det er ingenting i vegen for å trekke inn kompetanse utanfrå, som sexologar eller helsepersonell, seier ho.