Deltagere Norges tøffeste 2

Ein av desse er Norges tøffeste. Frå venstre Jørgine Massa Vasstrand, Kim Reier Martinsen, Aslak Ole Eira, Karl Morgan Hegelstad, Mari Heksem Olsen, Nikola Kovacevic, Christine Rishaug, Fredrik Godager Eide, Caroline Willemine Hagelien, Nilab Ahmadi.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Dei vil bli Noregs tøffaste

Ein har trukke si eiga tann, og ei har motteke fanbrev frå Sør-Amerika. Les om deltakarane som vil bli landets tøffaste.

Ti deltakarar mellom 18 og 30 år skal konkurrere om tittelen «Norges tøffeste» på Hegra festning, utanfor Stjørdal i Nord-Trøndelag. Programleiar Per Olav Alvestad har gitt deltakarane både fysiske og psykiske utfordringar.

– Deltakerne virker sterke både fysisk og psykisk, men det er først når de har holdt på noen dager og begynner å slite med lite søvn og lite mat, vi virkelig ser hva som bor i dem, har Alvestad sagt til NRK tidlegare.

Dette er dei ti deltakarane som skal kjempa om tittelen Noregs tøffaste:

– Førsteinntrykket av meg kan nok vere at eg er ei kjerring

Christine Rishaug

Christine Rishaug er handballspelar frå Molde.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Christine Rishaug (29) bruker mykje tid i idrettshallen. Ho har spelt handball sidan ho var seks år og no spelar ho kvar dag. Christine var med å løfte Molde opp i eliteserien, før ho blei vraka frå laget.

– Eg blei lettare sjokkert då eg ikkje fekk bli med vidare. Dei ville satse å yngre spelarar og det var ikkje plass til meg i gruppa.

Ho har den siste sesongen vore spelande trenar og blitt avdelingsvinnar for Misund i 3. divisjon. Laget skal no spele om opprykk.

– Eg er veldig fokusert i konkurransar og førsteinntrykket av meg kan nok vere at eg er ei kjerring. Det verste som kan skje er at eg ryk først. Eg har eit vinnarhovud og tenker mest på å vinne.

– Sterkast på det psykiske

Caroline Willemine Røsnæs Hagelien

Caroline Willemine Hagelien driv med breiddeidrett.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Caroline Willemine Hagelien (25) er sjølve bildet på breiddeidrett. Ho elsker randonne, klatring og lange fjellturar. I juni 2011 blei ho, etter eit halvt år med intense utfordringar, grensejeger på Gjøkåsen grensestasjon.

– Tida som grensejeger lærte med å jobbe i fellesskap. Eg fekk god disiplin og lærte å kjenne meg sjølv.

For Caroline er Norges tøffeste den som greier å tøye strikken sin lengst.

– Eg har stor viljestyrke og er sterkast på det psykiske. Psyken har blitt sterk på grunn av ting eg har opplevd.

Trakk si eiga visdomstann

Karl Morgan Hegelstad

Karl Morgan Hegelstad er triathlonutøvar.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Karl Morgan Hegelstad (27) er tannlege i Lyngdal i Vest-Agder. Han er også formann for idrettslaget i byen. På fritida trener og konkurrerer han i triathlon.

– Min største styrke ligg meir på det mentale enn det fysiske, men eg er god på halde ut på lange distansar.

Karl Morgan meiner han tåler godt smerte. Noko han viste då han trakk si eiga visdomstann.

– Eg sette bedøving, men etterkvart kjente eg ikkje kva eg dreiv på med. Då blei eg litt redd for å trekke feil tann, seier han med eit glimt i auget.

Blei vaksen i Afghanistan

Fredrik Godager Eide

Fredrik Godager Eide driv med styrketrening.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Fredrik Godager Eide (26) er ein målretta person med lidenskap for trening. Han liker også å vere saman med venner. Han har vore grenader for Forsvaret. Først i Kabul i Afghanistan og seinare i Mali i Vest-Afrika.

– Tida i Afghanistan gjorde meg vaksen. Både kroppsleg og i hovudet.

Fredrik er også glad i å delta i ulike konkurransar som Tough Viking og Toughest. Han meiner Norges tøffeste er uthaldande, smart og roleg i krevande situasjonar.

– Eg vinn Norges tøffeste fordi eg kan halde hovudet kaldt og spele på ulike strengar. I tillegg har eg viljestyrke og er god utan mat.

– Strategien er å «gunne» på

Mari Heksem Olsen

Mari Heksem Olsen driv med ski og fotball.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Mari Heksem Olsen (22) har jobba i fleire år som sersjant i Hæren. No har ho sett seg på skulebenken for å studere idrett.

– Eg er fysisk og psykisk robust. Strategien min for å vinne Norges tøffeste er å «gunne» på, men spare på kruttet der eg ser at det kan vere muleg. Styrken min er nok korte og eksplosive oppgåver, men eg trur kanskje mentaliteten er mi sterkaste side.

Mari har spelt fotball i fleire klubbar, seinast i Bardufoss der ho var med på å rykke opp til 2. divisjon. Forrige sommar tok ho seg opp til sin tjuande fjelltopp på over 2000 moh. Med det har ho snart vore på alle 2000 moh-toppane i Rondane.

– Det gir meg utfordringar og kjensla av meistring. I tillegg liker eg å tilbringe tid i naturen.

Tek 200 kilo i knebøy

Kim Reier Martinsen

Kim Reier Martinsen satser innan styrketrening.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Kim Reier Martinsen (26) er fysioterapeuten som tek 200 kilo i knebøy. Han har eit stort konkurranse- og vinnarinstinkt og er veldig målbevisst og strukturert. Kim har heile livet jobba etter nye personlege mål.

– Strategien min for å vinne er å gi alt og ikkje halde noko tilbake. Eg har trent opp svake sider og gått ned fleire kilo.

Onkelen til Kim Reier, John Reier Martinsen, var ein radikal samepolitisk aktivist på 1980-talet. Han deltok under sprengingsforsøket av brua over Tverrelvdalen i Alta 20. mars 1982. Fire år seinare blei han drept då ein snøskuter køyrde på hundespannet hans mellom Alta og Karasjok.

– Eg er kalla opp etter John Reier Martinsen. Eg er stolt av han og at han turte å stå for det han trudde på. Eg er på langt nær like aktiv politisk som han, men eg syns det er viktig å stå opp for eigne meiningar og det ein trur på.

– Folk kaller meg «Queen»

Nilab Ahmadi

Nilab Ahmadi driv med karate.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Nilab Ahmadi (19) har trent karate sidan ho var seks år og er på landslaget. I 2012, 2013 og 2014 blei ho noregmeister i karate for jenter junior. I 2015 blei ho nummer to i NM og nummer fire i eit Nordisk meisterskap for seniorar. Ho vann også NM shotokan senior i år.

– Pappa ville nok ha ein gut. Då han fekk jenter, ville han at vi skulle lære å forsvare oss. Karate gir meg mykje.

På fritida bruker Nilab mykje tid på å male. Ho har hatt fleire utstillingar i heimbyen Kristiansand. Nilab er også ein flittig sjakkspelar og ser på seg sjølv som dronninga.

– Folk kaller meg «Queen». Eg ser på dronninga som den viktigaste brikka. Eg har også tatovert inn ei dronningbrikke på underarmen.

– Eg fekk fanbrev frå Sør-Amerika

Jørgine Massa Vasstrand

Jørgine Massa Vasstrand driv med kroppsvekttrening.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Jørgine Massa Vasstrand (26) er personleg trenar, rettleiar innan kosthald og bloggar. I tillegg held ho foredrag og workshopar for mellom anna verksemder og treningssenter. Nyleg vann ho prisen for Årets treningsblogg.

Jørgine er tobarnsmor og blei kjent langt utover Noregs grenser då ho publiserte ein video på nettet der ho brukte barna sine aktivt i treninga.

– Då eg posta videoen av Sokrates og meg tok det fullstendig av. Eg fekk fanbrev frå Sør-Amerika.

Jørgine trener sjølv fem dagar i veka. Ho er sterk, eksplosiv og allsidig.

– Eg er med i Norges tøffeste for å vinne! Eg gruar meg mest til å vere svolten.

Noregsmeister i thaiboksing

Nikola Kovacevic

Nikola Kovacevic er kampsportutøvar.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Nikola Kovacevic (23) er ein av våre fremste thaiboksarar. Han er ubeseira og har blitt noregsmeister dei tre siste åra. Nikola blei også nordisk meister i 2014. Vennane hans har gitt han kallenamnet «Kongen».

– Det er ikkje utan grunn at vennene mine kallar meg «Kongen». Eg har med meg ei kongekrone inn i bunkeren. Den symboliserer meg, fordi eg føler meg rå i kvardagen.

Nikola er ein livsnytar som liker å ha det gøy. Han er glad i livet og tuller gjerne med folk. Innan idretten sikter han høgt.

– Målet mitt er å komme til topps. Eg sikter mot VM.

Elsker å presse kroppen til det ytterste

Aslak Ole Eira

Ole Aslak Eira er langrennsløpar.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Aslak Ole Eira (19) kjem frå Karasjok og har vakse opp i ein familie som har drive med reindrift i fleire hundre år. Han elsker å presse kroppen til det ytterste, langt utanfor komfortsona.

– Eg får ro i sjelen av tøffe utfordringar. Eg trivest med det og er hekta på friluft. Det beste med å vere reindriftsutøvar er få lov å vere ute heile tida.

For Aslak er det ein fordel om det er litt ekstra kaldt i bunkeren. Han er godt vant til at gradestokken kryp ned til minus 40-50 grader. Han har førebudd seg godt ved å tilbringe mest muleg tid ute i naturen.

– Eg er allsidig, seig og greier prestere jevnt. Strategien er å vere smart og spare krefter.

Norges tøffeste har premiere på NRK1 i midten av april.