Arvid Birkeland (58)

Arvid Birkeland (58) meiner han er uskuldig dømt og han har kjempa i ti år for å bli reinvaska.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Kjemper for å bli reinvaska

Ti år er gått sidan firebarnsfaren Arvid Birkeland (58) fekk livet snudd opp ned. Han vart kopla til det brasiliansk politi kalla «bandar» som kvitvaska pengar i eigedom i Brasil.

Natt til måndag 28. september 2015 er mange i Noreg vakne. Dei vil få med seg ei sjeldan måneformørking.

På andre sida av jorda ligg tre nyfikne barn ute på verandaen. Dei stirer opp på den same månen som heng over Natal nordaust i Brasil.

Verken dei eller mora veit at far i natt skal reise frå dei. For å sleppe unna mange år i brasiliansk fengsel som Amnesty meiner kan vere den sikre død.

Eit paradis

Arvid Birkeland (58) frå Trondheim besøkte Natal i Brasil i januar 2000. Han var blant dei første nordmennene som oppdaga det han kallar eit paradis.

– Det var ikkje lys på strendene ein gong. Det var vakkert, og vi såg mogelegheiter for restaurant og hotellverksemd, fortel Birkeland i dag.

I mange år dreiv han utestaden Bajazzo i Trondheim som han eigde saman med venen Trygve Kristiansen og tre andre. Også Kristiansen drog til Natal i 2000.

To månader seinare sel kompanjongane driftsselskapet Bajazzo AS og huset det ligg i Søndre gate i Trondheim. Birkeland har bestemt seg for å investere i Natal der sola og varmen også er bra for den vonde ryggen hans.

Neste skritt kan bli Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Neste skritt kan bli Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, fortel Arvid Birkeland (58) til NRK i dag, ti år sidan firebarnsfaren fekk livet snudd opp ned. Etter tre domstolsbehandlingar, er han ikkje reinvaska. Tvert imot: Han er dømt til ni og eit halvt års fengsel for kvitvasking og skattesvik i Brasil.

Jakta på kriminelle

Det var mange nordmenn som etter kvart oppdaga Natal. Men å låne pengar i Brasil til å kjøpe eigedom var umogeleg. Hadde du ikkje lagt deg opp eigne midlar, tente på lovleg vis, kunne løysinga vere å låne svarte pengar og betale tilbake med ei leilegheit. Eller smugle pengar frå Noreg til Natal.

Dagens Næringsliv snakka i 2006 med anonyme i Natal som fortalde om personar som flaug direkteruta mellom Amsterdam og Natal, med pengebunkar festa på kroppen. Pengane kom frå både narkotika og ran, ifølgje kjeldene til avisa.

Nokre av dei som fatta interesse for Natal var personar knytt til det pakistanske gjengmiljøet i Oslo, kjent som B-gjengen. Dagens Næringsliv fekk tilgang til dokument som viste at fleire av desse eigde flotte leilegheiter i mellom anna i Sports Park, fire høgblokker med leilegheiter på opp til 160 kvadratmeter.

Det var her Birkeland kjøpte to leilegheiter i første etasje som han slo saman til ei. Han hadde gifta seg med den brasilianske kjærasten sin og dei fekk etter kvart tre barn saman. Birkeland har også eit barn frå eit tidlegare ekteskap i Noreg.

– Eg må ærleg innrømme at eg ante ikkje kva B-gjengen var den gongen. Eg veit no at den eine av dei budde i same blokka som eg. Eg seier jo «hei» til alle på kloden, så eg sa vel «hei» til han også, seier Birkeland.

– Men hadde du ikkje nokon mistanke om at det kom folk til Natal som ikkje hadde reint mjøl i posen?

– Jau, etter kvart høyrde vi jo om tilfelle der folk som selde leilegheiter, ikkje fekk oppgjer for dei. Men det skjer jo ikkje berre i Natal. Eg var ein småbarnsfar, opptatt av å drive vertshuset eg hadde starta for å skaffe familien eit levebrød. Kva motiv andre eventuelt måtte ha for å investere i Natal, brydde eg meg ikkje om, seier Birkeland.

Men både brasiliansk og norsk politi hadde allereie i 2003 byrja å fatte interesse for det som gjekk føre seg nordaust i Brasil.

Vertshuet, Brasil, Birkeland

Politiet tok beslag i vertshuset Birkeland eigde i Ponta Negra då han vart arrestert. Men mangel på tilsyn frå politiet gjorde at fattige tok det dei kunne bruke i bygninga. No er det berre ein ruin igjen av vertshuset.

Foto: Privat

Arrestasjonen

8. mai, 2007: Kona til Birkeland er på besøk hos Trygve Kristiansen, då ho ringjer til mannen sin. Ho fortel at politiet er hos Kristiansen og tek med seg papir og datamaskiner. Ho lurer på kva dei skal gjere.

Birkeland og Kristiansen er trass alt vener. Sistnemnde er mannen bak selskapet Blue Marlin Group og Blue Marlin Apartments. På stranda i Ponta Negra, ein liten fiskarlandsby nokre få kilometer frå byen Natal, har 26 nordmenn kjøpt leilegheiter i prosjektet.

Kristiansen kjøpte også nabotomta av ein pakistanar, skreiv Dagens Næringsliv i 2006. Fotballspelaren Pele eigde tomta ved sidan av.

– Du treng ikkje å bekymre deg, det er ikkje noko gale, seier Birkeland til kona over telefonen.

Men då han seinare parkerer utanfor ein restaurant, høyrer han nokon rope «Arvid» – litt gebrokkent. Han snur seg og ser ein stor, svart bil og politifolk som kjem mot han.

I neste augneblink hadde han handjarn på.

– Eg hadde ikkje peiling på kva det dreia seg om. Men etter ein dag i fengsel sa eg til Trygve (Kristiansen, som også var arrestert, red.anm): «Denne saka hamnar på bordet til den norske statsministeren».

– Kvifor sa du det?

– Eg skjønte det måtte vere ei stor mistyding mellom to land og at slikt berre kan løysast på øvste plan.

Birkeland sit i varetekt i 47 dagar i ei celle på 13 kvadratmeter saman med sju andre. I fengslingskjennelsen blir det vist til ein «foreløpig rapport» levert av Økokrim i Noreg. Den er datert 27. mars 2007 og er på to sider.

Formuen

Først då han via bror og far heime i Trondheim får kontakt med advokaten sin, forstår Birkeland det han meiner har gått gale: Gevinsten etter salet av Bajazzo pluss andre inntekter frå Trondheim, totalt om lag 5 millionar kroner i formue, er ikkje tatt med i oversynet over Birkelands økonomiske situasjon. For Økokrim sjekka ikkje likninga hans lenger tilbake enn til 2002 og frå der og framover står han oppført med 0 i formue. Men eigedomane hans i Brasil er oppgitt i likninga.

Birkeland blir betydeleg meir optimistisk i fengselscella når han skjønar samanhengen:

Politiet trur han er ein kriminell som har kvitvaska svarte pengar. Når han får forklart at formuen hans vart ført ut på lovleg vis frå Noreg til Brasil, via Norges bank FØR skatteåret 2002, blir nok siktinga fråfallen og Birkeland kan vende tilbake til livet som småbarnsfar og vertshuseigar. Tenkjer han på fengselscella i mai 2007.

I 2017, ti år og tre domstolsbehandlingar seinare, er han ikkje reinvaska. Tvert imot: Han er dømt til ni og eit halvt års fengsel for kvitvasking og skattesvik i Brasil.

Økokrim eller andre norske myndigheter, har som de vel er kjent med ikke grunnlag for å gå inn og overprøve den brasilianske dommerens bevisvurdering. Birkeland må benytte seg av de brasilianske prosessregler dersom han mener dommerne ikke har tatt hensyn til bevis som han oppfatter som frifinnende i forhold til skyldsspørsmålet.

Førstestatsadvokat Geir Kavlie i Økokrim i epost til NRK 31.oktober 2012

Samarbeidet

Då familien og advokaten til Birkeland i Trondheim fekk vete om arrestasjonen i Natal, vart Økokrim straks kontakta. Ved hjelp av dokument frå mellom andre skatteetaten i Trondheim, Nordea bank og Norges bank som advokaten i Trondheim skaffa, laga Økokrim i august 2007 ein ny rapport om Birkelands økonomi. Med vedlegg var den på 63 sider.

To tenestemenn frå Økokrim reiste også til Natal like etter og vitna framfor domaren om innhaldet i rapporten. Etter fleire år med mykje fram og tilbake vart det meste av rapporten omsett til portugisisk.

Også korleis rapporten skulle formidlast formelt, frå Noreg og gjennom det brasilianske rettssystemet førte til mykje korrespondanse mellom Birkeland, den brasilianske advokaten hans, Økokrim, Justisdepartementet, Utanriksdepartementet, den norske ambassaden i Brasil. For å nemne nokre som Birkeland bad om hjelp frå.

For sjølv om straffesaka mot han var reist i Brasil, var «Operasjon Paradis» 8. og 9. mai 2007 samkøyrt med den norske «Operasjon Nemesis» mot mellom andre B-gjengen i Oslo. Sidan fleire av desse var i Brasil, bad norsk politi Brasil om hjelp til å sjekke dei mistenkte nordmennene i Natal.

Dette går fram av den brasilianske politirapporten datert 2. mai 2007, som var grunnlaget for fengslinga av mellom andre Birkeland. Det var også gitt løyve til telefonavlytting, også av Birkeland, går det fram av rapporten som NRK fekk tilgang til i 2010.

Første domen kom i juli 2012 og var på elleve og eit halvt års fengsel. I andre rettsinstans sette retten ned straffa til ni og eit halvt års fengsel, som blei ståande i den tredje domen hausten 2015.

Birkeland meiner norske styresmakter har gjort for lite for å opplyse brasiliansk rettsstell om at formuen hans var lovleg tent og ført ut av Noreg. For den opplysninga er ikkje tatt inn som bevis i nokon av dei tre domane mot Birkeland.

– Vi har ingen mistankar mot Birkeland

3. juni 2009 intervjua NRK Trøndelag førstestatsadvokat Geir Kavlie i Økokrim. Bakgrunnen var at den endelege Økokrimrapporten framleis ikkje var komen fram på rett måte og til rette justisinstans i Brasil, ifølgje advokaten til Birkeland.

NRK spurte derfor Kavlie om Økokrim vurderte å ta seg ein ny tur til Brasil og eventuelt vitne for domaren om rapporten.

Økokrim gir altså uttrykk for at dei ikkje mistenkjer Birkeland for kvitvasking og at dette også går fram av vitnemåla som dei norske politifolka gav i det rettslege avhøyret i Natal to år tidlegare.

Birkeland ønskte at Kavlie skulle skrive dette i ei erklæring og sende til domaren i Brasil. Det kunne vere nok til å få frikjent Birkeland, sa den brasilianske advokaten hans Guilherme Doval til NRK i 2010.

Men Økokrim avslo. Dei har gjennom heile prosessen vist til at dette er ei brasiliansk straffesak der den økonomiske rapporten ikkje har vore sentral. Det har derimot vitneforklaringar frå brasilianske politietterforskarar og frå personar som var knytte til eigedom- og utbyggingsselskap i Natal vore.

Bevisa

Juni 2006: Birkeland seier ja til å jobbe i selskapet Brazilian som administrerer leilegheitene til Blue Marlin Group. Jobben hans er å organisere drifta og rapportere til eigarane mellom anna med månadlege rekneskap.

Allereie i den første domen mot han er rolla hans i samband med formidling av sal av ei leilegheit i Blue Marlin Apartments nemnd.

Under rassiaen i mai 2007 vart det beslaglagt fleire datamaskiner, også hos nordmenn i Noreg som hadde kontaktar til Natal.

Ein månad før selde ein nordmann leilegheita si i Ponta Negra med ei forteneste på eit par hundre tusen kroner. Birkeland stod oppført på kopiadressa i epostutvekslinga mellom kjøpar og seljar.

I domen blir dette vurdert som bevis på at Birkeland var involvert i praksisen med å operere med to ulike kjøpesummar, ein under og ein over bordet, for å unngå skatt eller kvitvaske pengar.

– Eg var berre ein formidlar i kraft av jobben min i Brazilian. Eg selde eller kjøpte aldri leilegheiter for andre. Men sidan den norske seljaren ikkje kunne portugisisk hjelpte eg med omsetjinga. Viss seljaren ikkje gav opp gevinsten av salet, er det ei sak mellom han og skatteetaten.

Opp gjennom åra har mange politikarar engasjert seg i saka til Birkeland. Mellom dei dåverande leiar i Høgre, no statsminister, Erna Solberg og tidlegare justisminister, Odd Einar Dørum, frå Venstre.

Opp gjennom åra har mange politikarar engasjert seg i saka til Birkeland. Mellom dei dåverande leiar i Høgre, no statsminister, Erna Solberg og tidlegare justisminister, Odd Einar Dørum, frå Venstre.

Flukta

Oktober, 2015: – Du må berre kome deg ut, seier Arsenio Pimentel og ser alvorleg på Birkeland.

Pimentel er den brasilianske advokaten hans hausten 2015. Den tredje domen er komen. Pimentel jobbar med å få «nulla ut» saka. Han meiner å kunne bevise at dokument som Økokrim fekk frå Birkelands norske advokat i 2007 og som Økokrim leverte til Brasil, aldri har kome fram.

Likevel vil Pimentel bu klienten sin på det verst tenkelege: Langvarig fengsel i eit land som ikkje er kjend for dei mest komfortable soningsforholda. Den tidlegare kompanjongen til Birkeland, Trygve Kristiansen, reiste heim til Trondheim allereie i 2012, før han fekk sin dom på 18 års fengsel.

Noreg har ikkje utleveringsavtale med Brasil og Birkeland er framleis norsk statsborgar. Men han meinte han ikkje kunne reise frå familien sin og at han skulle bevise at han var uskuldig. Dessutan hadde han utreiseforbod frå Brasil og ville bryte lova om han drog.

Men no forstår han at han bør følgje rådet frå advokaten sin.

– Skal vi dra tysdag?, spør Pimentel.

– Då har gutungen min bursdag, svarer Birkeland.

– Sundag då?

– OK.

Det er ei veke til. Pimentel ordnar billettar og bestemmer reiseruta.

Å fly ut frå Natal er ikkje lurt. Med fengselsdom og utreiseforbod kan Birkeland lett bli stoppa på den lokale flyplassen. I staden reiser dei med fly innanlands sørover i Brasil. Siste delen av vegen mot grensa og over til Paraguay tek dei drosje. Å reise mellom Brasil og Paraguay er som å dra ein tur til Sverige for nordmenn.

Ein tenestemann på grensa kikkar så vidt inn i drosjen – og så kan dei køyre vidare. Klokka er 12, det er lunsjtid og lite folk som passerer grensa. Eit gunstig tidspunkt, valt av advokaten.

Det har vore ei lang reise og dei to tek inn på eit dagpensjonat like over grensa i Paraguay.

– Eg prøvde å sove litt, men vart liggande og tenkje. Og brått kom eg på at Sør-Amerika er som Schengen: Skal du ut, må du ha stempel i passet, seier Birkeland.

Og han skal heilt til Noreg.

Så: Skal han dra over til Brasil igjen og få stempelet og risikere å bli tatt? For alt han veit kan det vere arrestordre på han. Alternativet er å kome seg om bord i ein båt som blindpassasjer over Atlanteren. Han slår det siste fort frå seg. Pimentel foreslår at han skal dra først tilbake og sjå korleis det går. Alt i orden.

Birkeland tek sjansen:

– Eg går tilbake og får stempel. Går det ikkje, tek du meg med til politiet, seier Birkeland til Pimentel.

Foz do

Den brasilianske grenseovergangen i byen Foz do Iguaçu er knytt til Ciudad del Este i Paraguay med den såkalla "Vennskapsbrua" over elva Paraná. Gangbrua går omlag 50 meter over elva.

Lenger sør renn Iguazúelva med dei vakre fossefalla.

Men Birkeland har høgdeskrekk. Det var derfor han kjøpte leilegheit i første etasje i Sports Park i Ponta Negra.

Han torer ikkje å sjå verken ned eller ut. Spaserturen på fem minutt verkar uendeleg lang.

– Eg gjekk over brua, stiv som ein påle.

Inne i boda sit passkontrolløren. Pimentel forklarer at dei treng utreisestempel fordi dei skal vidare frå Sør-Amerika. Birkeland må fylle ut eit skjema.

– Eg var iskald der eg stod og skreiv inn opplysningane. Under «føremål med reisa» skreiv eg «forretningar».

Han ser at kontrolløren har datamaskin framfor seg. Det treng kanskje berre eit par tastetrykk for å finne namnet hans der, tenkjer Birkeland.

Før han er ferdig med skjemaet, høyrer han to dunk.

Birkeland

Stempelet som Birkeland trong i passet fortel at han kan vere ut av Brasil i to år.

Foto: Privat

– «Der stempla han», tenkte eg, seier Birkeland i dag, når han fortel om dei lange minutta på grenseovergangen.

– Dois anos, seier passkontrolløren.

To år kan Birkeland vere ute av Brasil, ifølgje stempelet.

– Han ønska meg også «lukke til». Eg kjende det som ei hjelpande hand «frå oven».

Så snart dei kjem ut av passboda og unna overvakingskamera, byrjar advokaten hans å hoppe og sprette i glede.

– Eg sparka han på leggen, var redd for at mannen i boda skulle endre meining, seier Birkeland.

Men faren er ikkje over. Reisa går vidare med fly til hovudstaden i Paraguay, Asuncion. Så til Buenos Aires i Argentina, fly til Frankfurt og vidare til Noreg.

Tanken på at ein flyplasstilsett undervegs skulle finne ei arrestordre på han, slepp ikkje taket før han landar på Gardermoen 1. oktober.

Birkeland

Birkeland (t.v.) og den brasilianske advokaten hans, Arsenio Pimentel, på gangbrua ved Foz do Iguaçu etter at utreisestempelet er på plass i passet.

Foto: Privat

Det er brasilianske prosessregler som regulerer etterforskningen og iretteføring av straffesaken mot Dem. Vi er like fullt opptatt av deres rettssikkerhet, særlig hva gjelder informasjonen som er oversendt fra norske myndigheter og at denne er korrekt og blir brukt på en forsvarlig måte. Med den korreksjon norske tjenestemenn ga i 2007 har riksadvokaten ikke holdepunkt for å anta at så er tilfellet.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch i brev til Birkeland 15.oktober 2012

– Vi er heldige som får bu på denne kloden

Før jul i 2015 kom kona og tre ungane deira til Noreg. Familien har etablert seg i huset i Trondheim som Birkeland leigde ut mens han budde i Brasil.

Sidan nyttår har Birkeland vore fast inventar på klubbhuset til Sverresborg. Her syter han for at huset er ope for ungar og foreldre:

Han steikjer vaflar, kokar kaffi og lagar lunsj når det trengst. Fotball har alltid vore av dei største interessene hans og nyleg var han med seniorlaget på kamp i Bodø. Ikkje som spelar, men «altmogelegmann» som han uttrykkjer det.

Han har ikkje gitt opp saka si.

– Men eg har plassert den i ein boks på sida av hovudet. Det viktigaste no er å ta vare på familien.

Advokaten hans nekta Birkeland å fortelje familien at han skulle reise

28. september, 2015: – Brasil er som Russland: Ting spreier seg fort om nokon veit noko. Det var rett og slett livsfarleg for meg å fortelje at eg hadde planlagt å flykte.

Birkeland hadde likevel tenkt å seie det til kona, kvelden då månen passerte inn i skuggen av jorda og laga ei total måneformørking. Biletet Birkeland tok av månen mens ungane hans låg spente og følgde med hendinga oppe på himmelen, vart det siste frå Natal. Så langt, 15 år etter at han kom dit første gongen.

Kona hadde sovna. Birkeland skreiv ein lapp: «Har reist til Rio».

Han meinte kona ville forstå at det var ei kode for kvar han hadde drege. Ei stund tidlegare hadde dei nemleg vore i Rio og ordna med norske pass for dei tre ungane som er norske statsborgarar.

– Forstod ho kva som hadde skjedd?

– Nei, ho tenkte ikkje slik, ho vart ganske fortvilt og lite blid først, fortel Birkeland.

Han vart operert i nakken etter at han kom heim til Trondheim. Han trur sjølv det langvarige stresset med saka si er ei medverkande årsak. Men engasjementet i idrettslaget gir han nye krefter.

– Det å sjå glede hos andre er vel det finaste ein kan oppleve. Eg ser folk kjem inn her på kjøkenet og smiler. Det å skape eit miljø rundt seg, er veldig viktig også for eigen trivsel. Viss du smiler til verda, smiler den til deg.

Seier mannen som meiner han er uskuldig dømt og som har kjempa i ti år.

– Ja, men samstundes er vi så heldige å få bu på denne kloden. Det er jo vakkert å få sjå sola og stjernene. Og månen.

Måneformørkelse

Måneformørkinga fotografert av Birkeland frå verandaen hans, same natta han starta flukta.

Foto: Privat