Hopp til innhold

Viktig å snakke om frykta

Drapet på offiseren frå Steinkjer gjer sterkt inntrykk på andre som har sine kjære i Afghanistan.

Hand i hand
Foto: Erland Knutsen / NRK

- Det er spesielt når han har vore på transportoppdrag at eg kjenner det litt ekstra, fortel Merethe Baustad Ranum frå Trondheim.

Nett kome heim

Mannen hennar kom heim frå Afghanistan på Skjærtorsdag. Han er offiser og har arbeida dei siste to åra i Afghanistan. Til daglig er Merethe heime med to born og må takle frykta åleine.

Nyhenda om offiseren frå Steinkjer som vart drepen i Afghanistan gjorde stekt inntrykk på ho. Det er ikkje enkelt å ha mannen i ei krigssone. Og spesielt ikkje etter at 30 år gamle Trond Petter Kolset vart drepen av ein sjølvmordsbombar sist veke.

- Eg syntes det var rart å tenkje på at Steinar hadde vore på tur på den same strekninga.

Trygt område

Det er til ei kvar tid om lag 600 norske soldatar i Afghanistan. Dei fleste med vener og familie heime i Noreg. Dei fleste held til i Nord-Afghanistan, som er rekna for å vere rimelig trygt følgje offiseren sjølv.

- Jobben min er ganske beskytta. Eg har berre vore på transportetappar. Eg føler meg trygg fordi risikonivået i nord er ganske lågt, seier Steinar Skaar.

Vanskelig jobb

- Eg skal ikkje seie at eg ikkje har noko mot å reise ned igjen, men eg føler at det vi gjer er viktig og at det eg gjer er med å betre situasjonen.

Merethe er klar over at ho er gift med ein offiser, og er stolt av det. Sjølv om det kan vere tungt.