Hopp til innhold

Verst mobbing på små skular

Mobbing på små skular er verre å få slutt på enn på større skular. Det seier Ketil Johnsen ved Trøndelag kompetansesenter.

Ketil Johnsen
Foto: Trøndelag Kompetansesenter

Det har Johnsen sett etter mange år i arbeid med barn og unge:

- På ein liten skule så er det få menneske, og er du utsett for mobbing der så har du få å støtte deg til.

 

Færre til å hjelpe

Færre menneske i ei gruppe gir færre sjansar til å finne venner ein går godt saman med.

Derfor meiner Ketil Johnsen at sjansen for at ein kan bli mobba, spesielt er til stades på dei små skulane:

- Det er ikkje så enkelt i eit lite miljø å søke andre ein kan omgåast med. Vi er sosiale vesen og har behov til å ha nokon å vere saman med, og då er det sjølsagt færre å velge mellom på ein liten skule.

Kan bytte vennegjeng

Johnsen har observert og gjort seg desse erfaringane gjennom eit yrkesliv der han blant anna har jobba som lærar, rektor og i barne- og ungdomspsykiatrien. No er han rådgjevar for samansette lærevanskar i Trøndelag Kompetansesenter. På ein liten skule er alle synlege, i motsetning til på ein større ein.

- Det kan jo kanskje vere fordelar på ein stor skule, fordi du har muligheiten til å søke over til andre elevar.

Treff likesinna på store skular

Sem skule i Steinkjer har 40 elevar. Sigrun Risholt Nielsen har vore rektor her i to år, tidlegare har ho vore tilsett på Steinkjer ungdomsskule med over 500 elevar. Ho har opplevd å få elevar på ungdomstrinnet som har vore utestengt i småskulen.

- Eg huskar ein elev eg fekk, som kom får ein liten skule som var veldig interessert i sjakk. På skulen han kom frå var nesten alle gutane opptekne av fotball, så kom han til ein stor skule og fann likesinna.