Hopp til innhold

Uffa-band spelte punk i kyrkja

Det var ikkje salmar som var tonefølget til preika då tre UFFA-band deltok i ei litt annleis gudsteneste i Lademoen kyrkje i Trondheim.

Uffa-miljøet hadde utstillingsåpning og konsert i Lademoen kirke i Trondheim.

Lademoen kyrkje er open for fleire musikkstilar enn orgelbrus og salmesong.

Lademoen kyrkje og Ungdom For Fri Aktivitet (UFFA) gjekk saman om eit spesielt kulturarrangement laurdag.

Gudstenesta inneheldt både preike og musikk, sistnemnde av eit litt tøffare kaliber enn det du finn i salmeboka, men òg opning av utstillinga «UFFA opp av asken».

Etter at prest Hilde Rosenkrantz heldt preika, spelte UFFA-banda No Futser, Kalima og Crazy Little Party Girls – etterfølgd av timannsorkesteret frå Svartlamoen, The Daily Hum.

Framleis liv laga for UFFA

Elise Adamsrød og Ingrid Halvorsen

Elise Adamsrød (t.v.) og Ingrid Halvorsen.

Foto: Hege Tøndel Jonli / NRK

Utstillinga som var opna under konserten, og som skal stå i ei veke i kyrkja, heiter «UFFA opp av asken», og er ein dokumentar over livet på UFFA og arbeidet med oppussinga etter at bygningen brann i 2010.

Utstillinga inneheld foto, video og tekst av fotograf Ingrid Halvorsen og journalist Elise Adamsrød.

UFFA er eit sjølvstyrt ungdomshus i Innherredsveien i Trondheim, og vart etablert i 1981. Brukarane er politisk aktive, og huset har vore tilhaldsstad for ei rekke band.

Natt til 29. desember 2010 braut det ut brann i bygningen, som vart totalskadd. I 2011 vedtok bystyret i Trondheim at huset skulle byggjast opp att.

– I utstillinga får vi vise at det framleis er liv laga for UFFA, og at ein ny generasjon UFFA-ungdom har kome til etter at det nye huset kom opp, seier Elise Adamsrød.

– Litt uvant, men velkomen musikk

Punk i Lademoen kirke

Mange valde å tilbringe laurdag ettermiddag i Lademoen kyrkje.

Foto: Hege Tøndel Jonli / NRK

Hilde Rosenkrantz har vore prest i Lademoen kyrkje i seksten år, og ho ønskte UFFA-miljøet hjarteleg velkomen.

– Dette er veldig positivt, og det vart ein god stemning i kyrkjerommet. UFFA-miljøet har vore her før, men det er mange år sidan. Det er hyggeleg at dei vil komme hit, seier Rosenkrantz.

Ho erkjenner at musikken var litt uvant for henne.

– Punk er nok ikkje det eg høyrer mest på, men det er spennande å bli kjent med nye musikkformer. All musikk passar i kyrkja, berre det er god musikk, seier ho.

Presten meiner at både UFFA og kyrkja er viktige for bydelen, sjølv om dei er ulike.

– Vi er forskjellige, og det skal vi vere. Men begge miljøa set sitt preg på Lademoen, og det er bra, seier Rosenkrantz.