Hopp til innhold

Trønderske råskinn i trafikken

Folk frå Trøndelag er blitt livsfarlege egoistar i trafikken, hevdar politiet.

Trafikkulykke Kroppanbrua, Trondheim
Foto: Anders Ulvolden / NRK

Rett før klokka 07.30 måndag morgon small fire bilar saman på Kroppanbrua i Trondheim.

Årsaka til kollisjonen er endå ikkje kjent, men det er nærliggande å tru at bilane låg for nærme kvarandre i køyrefeltet som svingar av mot omkjøringsvegen.

Politiet likar ikkje egokøyringa

For akkurat i dette området pressar trønderske bilistar seg inn i køen, og i høg fart kryssar dei ofte to køyrefelt på turen sin i morgonrushet. Det fører til svært trafikkfarlege situasjonar, som måndag enda med ein kraftig kollisjon.

No er politiet lei av trøndere som ikkje tek omsyn til kvarandre i trafikken.

- Det er mykje egoistisk køyring, og spesielt i dette området. Bilistane skal for einkvar pris presse seg inn, framfor den siste bilen og det skaper svært farlege situasjonar, seier polititenestemann Frode Tystad, ved Sentrum politistasjon i Trondheim, til NRK Trøndelag. 

Stadig fleire blir skadd

Kjedekollisjon i Moholtlia i Trondheim
Foto: Morten Karlsen / NRK

Statistikken viser at stadig fleire blir skadd i trafikken og at fleire og fleire bilar får materielle skadar.

På fem år har talet på skadar auka med 15 prosent, og det spesielt haldninga blant trønderske bilistar som er årsaka.

- Det verkar som tek til oss den kulturen, vi trøndere snakkar om at vi finn i Oslo. Tempoet i trafikken aukar, men det einaste vi ikkje får fart på er når det blir grønt på trafikklysa. Vi er framleis trege når det gjeld å komme i gang, men når vi først er i gang, går det fort, seier fylkessekretær i Trygg Trafikk, Bård Morten Johansen, til NRK Trøndelag.  

Eigen køyrekultur i Trondheim

Måten vi køyrer bil på i Trondheim er spesiell. Forbikøyringsfelta er felt dei fleste legg seg i for å vere sikker på å unngå å bli pressa ut.

Køyremønsteret i Trondheim blir tvinga fram. For om ein vel å køyre rett i høgre felt, får ein store problem med å komme deg inn i venstre feltet som er det gjennomgåande feltet fordi ingen slepp deg inn.

- Det blir ein konkurranse for å tette igjen den luka, fordi bilistane føler at du snik i køen. Dette fører til mykje rar køyring og at folk hamnar i baken på kvarandre. Vidare plantar det seg bakover i køen, fordi folk får ikkje med seg det som skjer i front, forklarar polititenestemann Frode Tystad.   

Trafikkulykke Kroppanbrua, Trondheim
Foto: Anders Ulvolden / NRK