Hopp til innhold

Drar til Haugesund utan nøkkelspelarar

RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen fryktar ikkje at laget slit før kampen mot Haugesund søndag, sjølv om tre viktige spelarar er ute med skade.

Jubler etter seier over Aalesund

Pål André Helland (til høgre) jublar over eitt av måla mot Aalesund. No er han ute med skade.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Både Pål André Helland, kaptein Tore Reginiussen og Morten Gamst Pedersen er ute med skade, og blir ikkje med til sørvestlandet.

Reginiussen måtte opererast for avriven akillessene, og Helland har strekkskade i låret. Pedersen har lyskeproblemer, skriv rbk.no.

– Må halde dei andre friske og raske

Kåre Ingebrigtsen

Kåre Ingebrigtsen, Rosenborg-trenar.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

– Vi blir meir sårbare, men på sikt gjer det oss ikkje nokon verdas ting, seier Kåre Ingebrigtsen.

– No må vi jobbe for å halde dei andre friske og raske.

Sjølvtilliten i laget er god etter serieopninga 2. påskedag. Da vart Aalesund sendt heim frå Lerkendal med 5-0-tap for heimelaget.

– Det er klart, vi er gode, seier Ingebrigtsen.

– No må andre gjere ein god jobb

Mikael Dorsin

Mikael Dorsin har trua før kampen mot Haugesund.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

Han vil likevel ikkje at laget skal ta heilt av.

– Det der var èin kamp, og den skal vi ta med oss. Men vi veit at det blir ein heilt annan affære i haugesund. No må vi skjerpe oss og ha ein like tøff inngang til den matchen, for vi veit at det blir hardt å vinne, seier trenar Kåre Ingebrigtsen.

Mikael Dorsin er lei for at laget må stille utan dei tre som er skadd, men trur laget vil klare seg likevel.

– Vi har andre gode spelarar òg. No får dei kome inn og gjere ein god jobb, og det trur eg dei gjer, seier han.

Rosenborg-trening i april

Stemninga på treningsfeltet var god fredag, trass i at det var fleire som var ute med skade.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK