Hopp til innhold

– Dei var tynnkledde og prega av krigen

I 1979 tok Trondheim imot båtflyktningar frå Vietnam. – Folk sto i kø for å hjelpe dei, fortel Berit Berg, som jobba i Flyktningehjelpen.

Båtflyktninger fra Vietnam/Berit Berg

Etter at Vietnamkrigen var slutt, flykta opp mot ein million menneske frå Vietnam. Nokre av dei vart plukka opp av norske båtar og fekk kome til Trondheim, der mellom andre Berit Berg (innfelt) tok imot dei.

Foto: NTNU/arkiv NRK

30. april 1975 kapitulerte styrkene til Sør-Vietnam, og Vietnamkrigen var over. Men i kjølvatnet av krigen valde fleire hundre tusen menneske å flykte over Sørkinahavet i dårlege båtar.

Dei vart båtflyktningar, på same vis som dei vi ser i Middelhavet i dag.

Nokre av flyktningane vart plukka opp av norske båtar, og fekk kome til Noreg.

500 kom til Trondheim

I oktober i 1979 sto Berit Berg på flyplassen på Værnes for å ta imot dei som skulle til Trondheim.

– Vi var spente og motiverte, men vi visste ikkje heilt kva vi skulle gjere. Det vart mykje improvisasjon, og vi måtte ganske enkelt gjere så godt vi kunne.

Det var både barn, ungdommar og vaksne på flya som landa på Værnes. Alle hadde tynne klede og mangla bagasje.

Folk i Trondheim tok imot vietnamesarane med opne armar. Dei sto i kø for å hjelpe med klede, barnevogner og anna utstyr.

– Det var verdifullt, for sjølv om vi ikkje såg det utanpå dei, hadde mange av flyktningane vore gjennom traumatiske hendingar, seier Berg.

Dei var prega av 30 år med krig, men òg av det som skjedde under båtflukta.

– Dei vart møtt av piratar, dei vart plyndra. Kvinnene vart voldtatt, det var mange som opplevde mykje fælt, seier Berg.

Rundt 500 vietnamesiske båtflyktningar fann seg ein ny heim i Trondheim.

Endra innstilling til flyktningar

Båtflyktninger reddes av den italienske kystvakten i Middelhavet

Båtflyktningar blir redda av den italienske kystvakta i Middelhavet.

Foto: Afp

Berit Berg er i dag professor ved NTNU. Ho meiner at det var eit heilt anna klima for å ta imot flyktningar den gongen.

– I 1979 og langt utover på åttitalet var haldninga at «vi skal hjelpe». No er nok dette i stor grad erstatta med skepsis.

Ho meiner å sjå ei haldningsendring mellom det som skjedde i Sørkinahavet og det som no skjer i Middelhavet.

– Dette stemningsskiftet gjer at vi sit og diskuterer om vi skal ta imot 10.000 syrarar, og om vi skal vere med på å dele børa med Italia og Hellas. Eg må innrømme at eg syns dette er flaut. Det er uverdig i eit rikt land som Noreg, seier Berit Berg.

LES: Vietnam kjemper mot norsk minnesmerke