NRK Meny
Normal

To brannar i Trondheim i natt

Over femti personar vart evakuert frå heimane sine da det begynte å brenne to stader i same del av Trondheim natt til onsdag.

Kraftig brann i brakkerigg på Sunnland skole i Trondheim

Begge brannane i Trondheim natt til onsdag var svært kraftige. Her frå Sunnland skole.

Brann Risvollan

Blokka som brann på Risvollan er totalskadd, fleire leilegheiter er i ferd med å rase saman.

Foto: Henrik Sundgård
Brann Risvollan Trondheim

Brannvesenet fekk kontroll over den kraftige brannen i 0430-tida.

Foto: Henrik Sundgård

Klokka 0215 rykka naudetatane ut til ein brann i ei lavblokk på Risvollan. Fire leilegheiter var overtent, og brannen var kraftig.

44 personar vart evakuert, elleve sendt til St. Olavs Hospital. Ingen av desse skal vere alvorleg skadd.

Bygningen som brann, er ei lavblokk med tre-fire etasjar. Dei evakuerte vart sende i drosjar og minibussar til Royal Garden hotell, som kommunen bruker ved kriser, opplyser politiet.

Rett før klokka 03 kom det melding om enda ein brann, denne gongen i Klæbuvegen i nærleiken av Sunnland skole.

Det viste seg å vere brann i ein brakkerigg som høyrer til skolen.

Åtte personar vart evakuert frå ein institusjon like ved. Ingen av desse skal ha blitt skadd.

Måtte omdisponere da brannmelding nr. 2 kom

– Da vi fekk beskjed om brannen på Sunnland skole, sto vi på brannen på Risvollan og måtte omdisponere einingar og mannskap, seier vakthavande brannsjef i Trøndelag brann- og redningstjeneste, Ole Anders Holmvaag.

Da dei kom til Sunnland, var ein brakkerigg i ferd med å bli overtent.

–Vi såg at det var stor risiko for spreiing til ein institusjon i nærleiken, samt ein administrasjonsbygning, seier Holmvaag.

– Vi valde å evakuere institusjonen, som er for psykisk utviklingshemma, fordi det var røykutslag der. Ingen kom til skade, bortsett frå at nokre kan ha pusta inn litt røyk.

Det var helsepersonell på staden heile tida.

Ressurskrevjande natt

Holmvaag seier at det har vore ei ressurskrevjande natt for brannvesenet.

– Vi har brukt alle einingane vi har. Det vil seie fire brannbilar, tre stigebilar, ein tankbil og det vi har av folk. I tillegg har vi sett stab på 110-sentralen og fått bistand frå stasjonen vår på Malvik, samt frå Gauldal brann og redning, seier han.

Mannskapene frå Gauldal vart dimittert i 0430-tida, da brannvesenet hadde kontroll over begge brannane.

Politiet i Sør-Trøndelag seier at det er for tidleg å seie noko om årsaken til dei to brannane. Når det er kaldt nok på åstadane, vil det bli sett i gang åstadsundersøking.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25