Hopp til innhold

13 kniv- og stikkskadar på avdøde: Tiltalte nektar straffskuld

Tiltalte har erkjent det som skjedde i Stjørdal i fjor, men seier at han handla i sjølvforsvar. Det er også mange ting han seier at han ikkje hugsar.

Drap Stjørdal. Politiets krimteknikere og representanter fra begravelsesbyrået bærer ut den avdøde på båre. Det er fem personer som bærer

DRAPSSAK: Måndag starta rettssaka i Trøndelag tingrett.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Både avdøde og tiltalte er menn i 50-åra.

Rettssaka starta i Trøndelag tingrett måndag.

Les også Drepen med fleire stikk mot hovudet og overkroppen – mann tiltalt

En krimtekniker står på innsiden av vinduet i leiligheten hvor en person ble funnet død i Stjørdal.

Tretten stikk eller skjereskadar

Aktor, statsadvokat Eli Reberg Nessimo refererte frå den rettsmedisinske rapporten i tingretten.

Avdøde hadde 13 stikk eller skjereskadar.

Den mest alvorlege skaden er i bukhola. Mannen døydde på grunn av forbløding.

På kinn, andlet, skulder, øyre, bakhovudet og på ryggen vart det også funne skader.

Måten skadane er påført på, viser at fornærma og tiltalte var i rørsle då skadane oppstod.

Kniv, drapssak Stjørdal

Tiltalte påviste kniven han brukte, då politiet kom til leilegheita.

Foto: Politiet

Ein kniv med 19,2 cm blad vart funne på kjøkenet. Det var tiltalte som påviste kniven. Han opplyste til politiet at han hadde tørka av blodet.

Han hadde også tørka bort noko av blodet på golvet i stova, opplyste aktor.

58 år gamle Leif–Arne Nicolaisen fra Tverlandet.

Leif-Arne Nicolaisen frå Bodø var i Stjørdal i samband med jobb.

Foto: Privat

Møttest på sportsbaren i Stjørdal

Etterforskinga viste at tiltalte og fornærma møttest kvelden før på ein serveringsstad i Stjørdal sentrum.

Fornærma Leif-Arne Nicolaisen var i Stjørdal på jobb.

Han vart med tiltalte heim etter stengetid på baren.

Dei to skal ha visst om kvarandre frå før, men var ikkje kjende.

Også ein tredje mann slo følgje til leilegheita der tiltalte budde.

Men han forlèt seinare selskapet og skal vitne tysdag.

Tore Angen og Kristin Fagerheim Hammervik

Forsvarer Tore Angen (til venstre) og bistandsadvokat Kristin Fagerheim Hammervik.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

«Forferdeleg ting har skjedd»

Like før klokka 19.30 sundag kveld ringde tiltalte til søstera si og fortalde at ho måtte kome fordi det hadde skjedd noko forferdeleg.

Då ho kom dit fortalde han at han hadde drepe ein person. Søstera varsla så politiet.

Klokka 20.03 sende tiltalte SMS til sjefen sin og skreiv at det hadde skjedd ein «forferdeleg ting» og at han ikkje kom på jobb på ei stund.

Klokka 20.11 vart han pågripen av politiet.

Bilete av tiltalte tatt av politiet viser fleire sår og skader mellom anna i andletet. Også eit brot på nasebeinet vart registrert av legen.

Tiltalte forklarte seg i vitneboksen måndag ettermiddag.

På sportsbaren var det god stemning.

Kontoutskrifta til tiltalte viser at han kjøpte varer der frå klokka 15.44 til like før klokka 2 på natta. Han kan ikkje hugse kva, men går ut ifrå at det dreia seg om både øl, pizza og drinkar.

Når Nicolaisen slutta seg til selskapet der, kan tiltalte ikkje hugse.

Tiltalte inviterte han og ein person til heim på nachspiel.

Han serverte konjakk, kaffi og sprit.

Aktor spør om han kan seie kor rusa han var heime.

Tiltalte seier det er vanskeleg å vete. Det er sjeldan han tek seg ein fest.

Så hugsar han at han spelte høg musikk fordi han seier han var så kry av høgtalarane.

En krimtekniker står på innsiden av vinduet i leiligheten hvor en person ble funnet død i Stjørdal.

Mannen vart med tiltalte heim etter stengetid på ein bar. Også ein annan mann var i følgjet, men han forlèt staden tidlegare og skal vitne i rettssaka.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Veiving med handa

– Det neste eg hugsar er ei veiving. Sånn, seier tiltalte.

Han tek handa si framfor seg i vitneboksen.

– Om eg har ein kniv i handa veit eg ikkje.

I politiavhøyr sa han at det vart ein krangel mellom han og Nicolaisen, men ikkje om kva. I retten kan han ikkje hugse dette.

Men han hugsar han tenkte at han måtte forsvare seg.

Om fornærma verka trugande, kan han heller ikkje hugse.

Han omtalar veivinga som noko han ser i ein «blink» etter at han kom til seg sjølv igjen.

Om han har sovna av etter hendinga, kan han ikkje svare på.

Aktor viser til at det vart funne sengeklede på stova. Tiltalte meiner han tilbydde Nicolaisen å overnatte, men kan ikkje hugse det sikkert.

Vaska bort blodspor

Då tiltalte «kom til seg sjølv» oppdaga han blodspor fleire stader.

Han seier i retten at han vart sjokkert over kor mykje blod det var. Han freista å tørke det bort frå golvet.

Han gjekk på badet og såg i spegelen at han var skadd. Han la på plaster, men det festa seg ikkje.

Han skifta også klede.

Avdøde vart funnen av politiet liggande på golvet med eit handklede over andletet.

I politiavhøyr forklarte tiltalte at han hugsar han låg på golvet ved sidan av avdøde. I retten kan han ikkje hugse dette.

Heller ikkje at han la eit handklede over den døde. Dette har han sett bilete av etterpå.

I retten seier han at innser at det var han som måtte ha gjort det.

Planen hans var å dra til lensmannskontoret.

Det kan ha gått minst seks timar frå Nicolaisen var død til tiltalte ringde søstera si.

Forsvarer Tore Angen spør kva tiltalte gjorde i denne tida.

Tiltalte viser til oppryddinga han gjorde, men kan ikkje forklare tidsbruken nærare.

Statsadvokat Eli Reberg Nessimo

Aktor, statsadvokat Eli Reberg Nessimo måtte lese opp frå politiavhøyra om kva tiltalte forklarte etter at han vart arrestert.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Heiv knust glas og keramikk i søpla

Aktor Reberg Nessimo viser til at politiet fann knust glas, oskebeger, ein sigarettsneip og keramikk i søppeldunken til tiltalte.

Tiltalte seier at han reknar med at det var ting han kasta den sundagen då han rydda opp.

– Kvifor skifta du klede?, spør aktor.

– Det var vel for å ikkje gå ut med blodige klede når eg skulle melde seg, svarer tiltalte.

Han har lite minne om når i løpet av sundagen drapet skjedde og når han rydda opp.

Om han drakk noko meir alkohol etter drapet, kan han heller ikkje svare på.

Avdøde hadde også fleire skader på bakkroppen.

– Gjer du deg nokre tankar om skadane på ryggen til avdøde og det at du hevdar det var sjølvforsvar?, spør aktor.

–Nei, svarer tiltalte.

Om forholdet sitt til alkohol, seier han at han drikk sjeldan fordi han blir veldig pratsam og andre folk ikkje slepp til orde.

Han avviser at han blir sint. Men han har vore i situasjonar før der han meiner han måtte forsvare seg, fortel han i retten.

Bistandsadvokaten har varsla eit erstatningskrav på 3,5 millionar kroner.

– Korleis skal eg få til det?, seier tiltalte og byrjar å gråte.

– Synes du det er rett at du skal betale det, spør Kristin Fagerheim Hammervik.

– Eg gjer jo det. Med den situasjonen som er. Eg ser ikkje nokon annan som kan ha forårsaka dette, seier tiltalte.