Hopp til innhold

Talet på førehands­stemmer aukar kraftig: – Greitt ikkje å vere i siste liten

Frå i dag kan du førehandsstemme. Natalie Lind Nilsen er ei av mange tusen som kjem til å gjere dette i dagane og vekene framover.

Stadig fleire gjer som Natalie Lind Nilsen (23) og førehandsstemmer.

FØREHANDSSTEMMER: Stadig fleire gjer som Natalie Lind Nilsen (23) og førehandsstemmer.

Foto: TROND ODIN MYHRE JOHANSEN / NRK / NRK

Eg har førehandsstemt kvart år og skal halde fram med det.

Det seier 23 år gamle Natalie Lind Nilsen. Ho er student i Trondheim og stemmer for valet heime i Fredrikstad.

Stadig fleire gjer som Nilsen og førehandsstemmer.

– Det er litt overraskande at det har auka så veldig.

Det seier leiar for valforskingsprogrammet ved Institutt for samfunnsforsking, Johannes Bergh.

– Det er ei utvikling som kan ha betydning for norsk politikk fordi valkampen får mindre betydning no når så mange stemmer tidleg.

Johannes Bergh

Leiar for valforskingsprogrammet ved Institutt for samfunnsforsking, Johannes Bergh er spent på kor mange som vel å førehandsstemmer ved årets val.

Foto: William Jobling / NRK

I 2019 førehandsstemte nesten 34 prosent av alle valdeltakarane. I 2021 stemte om lag 58 prosent av alle som stemte på førehand, viser tal frå Valdirektoratet.

Fleire og fleire stemmer på førehand

Heilt frå stortingsvalet i 2017 har talet personar som førehandsstemmer auka. Og dette kan det vere fleire grunnar til.

Den store auka i 2021 var nok på grunn av pandemien. Då oppmoda valdirektoratet folk å førehandsstemme for å unngå store køar og folkemengder.

Det opplyser Julie Janssen, rådgjevar i fagavdelinga i Valdirektoratet.

– Men det kan også skuldast at Noreg har ein av dei lengste stemmeperiodane i verda, legg ho til.

Julie Janssen i Valgdirektoratet.

Julie Janssen, rådgjevar i fagavdelinga i Valdirektoratet,

Foto: Bård Gudim / Valdirektoratet

Veljarane har dermed mange mogelegheiter til å stemme og kan velje det tidspunktet som passar best.

– Du kan til dømes gjere det på veg heim frå jobb. Eller dersom du er ute og handlar ein dag og det er eit stemmelokale i nærleiken. Det er ei populær ordning rett og slett, forklarar Bergh.

Ei av dei som også planlegg å førehandsstemme er Kristina Månum.

Eg synest det er viktig å stemme. Eg har ingen planar om å vere ein sofastemmer, seier 20-åringen.

(F.v) Marte Sneli Hansen, Sofie Larsen og Kristina Månum på Trondheim torg.

Veninnene seier at det er viktig å bruke stemmeretten sin. Det har dei blitt fortalt sidan dei var små. Frå venstre: Marte Sneli Hansen, Sofie Larsen og Kristina Månum.

Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK

Veninnene Marte Sneli Hansen og Sofie Larsen tenker også at dei skal førehandsstemme.

Å førehandsstemme og å stemme på valdagen er relativt likt. Men Janssen i Valdirektoratet peiker på ein viktig forskjell:

– På valdagen er du nøydd til å stemme i den kommunen du er folkeregistrert i.

Vel du å førehandsstemme, kan du stemme frå kvar som helst i landet frå 10. august til 8. september.

Slik stemmer du ved kommunestyre- og fylkestingsvalget.

Slik stemmer du ved kommunestyre- og fylkestingsvalget.

Vil oppleve det høgtidlege på valdagen

Bergh forklarar at mange av fyrstegongsveljarane føretrekker å stemme på sjølve valdagen.

– Dei har lyst til å oppleve det høgtidlege ved å stemme på valdagen, seier Bergh.

Men det er også andre grunnar til å stemme på valdagen.

Ibrahim Irfan (18) er fyrstegongsveljar og skal stemme på valdagen fordi han ikkje har bestemt seg for kva han skal stemme på enno.

Det same gjeld venen Hassan Junior (28).

Eg er sånn som bestemmer meg i det siste sekundet, seier Junior.

(F.v.) Hassan Junior og Ibrahim Irfan

Kollegaane og kameratane Hassan Junior (til venstre) og Ibrahim Irfan planlegg å stemme på sjølve valdagen.

Og det er typisk ei gruppe som nyttar seg av å førehandsstemme.

– Dei som førehandsstemmer i størst grad er middelaldrande veljarar. Det er folk som har travle liv, er i jobb, har familie og som synest det er praktisk, forklarar Bergh.

Kva tid skal du stemme?

Aukar ikkje valdeltakinga

Førehandsstemmer er noko som er praktisk og appellerer til dei som allereie stemmer.

– Det er mange som trur at mogelegheita til å førehandsstemme gjer at det er fleire som stemmer totalt. At det er bra for valdeltakinga, seier Bergh.

Men slik er det ikkje.

– Dei som førehandsstemmer er nok dei som ville stemt uansett. Det er nok andre tiltak som må til for å få opp valdeltakinga og få folk opp av sofaen, legg valforskaren til.

Og ofte har dei som førehandsstemmer allereie bestemt seg for kva dei skal stemme på.

Men har du ikkje det? Då kan du finne det ut ved hjelp av Lokalvalguiden og Valomaten for årets val.

I Lokalvalguiden finn du også ei oversikt over kvar du kan førehandsstemme.