Hopp til innhold

Studentar er meir fornøgde med studiet sitt no enn før

Tal frå årets studiebarometer er dei beste sidan før pandemien.

studenter er mer fornøyd med studiet nå enn før

FORNØGD: Studentane er meir fornøgde med studiet.

Foto: Karoline Opsal / NRK

Det er hovudsakleg folka og eit inkluderande studiemiljø som gjer at det er lett å trivast her, seier Magnus Vorland Selle.

Han er i innspurten på studiet kybernetikk og robotikk, ved NTNU i Trondheim.

Tala viser at norske studentar stort sett likar studiet dei går.

Studenter ved NTNU

Det sosiale er en viktig del av studentlivet.

Foto: Karoline Opsal / NRK

Like bra som før pandemien

Resultata frå undersøkinga i fjor viste det lågaste resultatet på overordna tilfredsheit blant studentane, men desse tala er no tilbake til normalen.

– Når me ser det store bilete, viser denne undersøkinga at norske studentar er fornøgde med den utdanninga dei får. Me er no tilbake der me var før pandemien, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Det er berre åtte prosent som seier at dei er misnøgde. Det er det lågaste talet sidan før pandemien.

Studievenninnene Aurora Åsgård Pedersen og Mithila Packiyanathan går òg siste året på kybernetikk og robotikk. Dei trur pandemien gjorde at færre treivst i studiekvardagen.

– Rett etter at me starta på studiet kom jo pandemien, så eg trivst betre no som alt ikkje er heilt nytt, ein meistrar meir og kjenner folka rundt betre, seier Packiyanathan.

Pedersen er samd og legg til:

– Det kan jo ha vore vanskelegare for enkelte etter covid òg. At om ein først fall ut så vart det vanskeleg å komma inn igjen.

Studenter NTNU

Aurora Åsgård Pedersen og Mithila Packiyanathan

Foto: Karoline Opsal / NRK

Dei minst fornøgde

Det er lærarstudentar som er minst nøgd med studiet dei går, og grunnskulelærarane scorar dårlegast om spørsmål på studiekvaliteten.

Dei meiner blant anna at tilbakemeldingane frå tilsette kunne ha vore forbetra.

Les også Julie (27) har mindre tro på kjærligheten etter å ha vært på datingapper

Julie Bratseth Håkonsen

– At tilfredsheita blant studentane generelt aukar er positivt, men det viktigaste med undersøkinga er korleis ho kan brukast på kvar enkelt institusjon og i fagmiljøa til å auke kvaliteten, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i ei pressemelding.

Bra studentmiljø

I kantina på NTNU Gløshaugen, sit Anne Maren Hebnes, Knut Kloster og Hilde Mikaelsen midt i lunsjen. Alle fortel at dei trivst godt og at det generelt er eit bra studentmiljø i byen.

– Eg likar godt å løysa problem og det kjem ein borti i alle faga, både med andre og for seg sjølv, seier Hebnes.

Lunsj på NTNU

Hilde Mikaelsen, Knut Kloster og Anne Maren Hebnes går på forskjellige studieprogram, men alle trivast der dei er.

Foto: Karoline Opsal / NRK

Studentane tykkjer ikkje det er overraskande at fleire trivst no enn dei siste åra.

– Eg har jo merka sjølv at det vart ein heilt anna stemning i byen då ting opna opp igjen etter pandemien. Alle vart ekstra gira på ein normal kvardag, seier Hebnes.

Kloster og Mikaelsen er samde.

– Me trivst mykje betre no som det er tilbake til normalen. Alt er opoe og går igjen og det er bra.

Les også Dritlei valentines? Her er seks tilbod til deg som er litt bitter på eksen

Illustrasjon av Love Hearts med sinte beskjedar som "you suck", "eat shit" og "not you".

Trur fleire bryt om dei ikkje er fornøgd

Masterstudentane Selle og Pedersen meiner resultata i studiebarometeret kan vera litt farga av dei som hoppar av studiet.

– Eg opplever at dei som ikkje trivst berre skiftar studie, fordi terskelen har vorte lågare, seier Selle.

Studiekameratane er samde i at det er positivt.

– Samtidig vil jo då kanskje dei positive meiningane til dei som ikkje hoppar av, farge inntrykket av studiet, svarer Pedersen.

Begge trur det ofte er det faglege som gjer at folk vel å endra studie.

Student ved NTNU

Magnus Vorland Selle trur det er viktig å kjenne på meistring i studiekvardagen.

Foto: Karoline Opsal / NRK

– Eg trur det sosiale generelt er bra på tvers av alle studiar, men at det kanskje er faget som ikkje er like interessant, eller stimulerande nok, seier Selle.

– Meistring er vel noko av det som pregar trivselen mest vil eg påstå.