Av Kristin Agerlie og Elisabeth Skarrud
Advokaten syns ikkje dei to brørne får ei rettferdig behandling av norske styresmakter.
- Det verkar som sakene til dei tre brørne blir sett i samanheng, og det er jo ikkje det ein skal gjere. Sakene skal behandlast individuelt, seier Leif Strøm til NRK Trøndelag.
Falsk identitet
Då Osman Omer Osman blei tatt av politiet, for drapet på kona si Marita Strøm frå Namsos, blei det kjent at både han og brørne hans hadde oppgitt falsk identitet då dei kom til Noreg.
- Dette er svært vanleg blant irakarar, seier Strøm.
Sit i varetekt
Mens den eine broren til Osman Omer Osman sit varetektsfengsla for drapstrugslar mot Marita Strøms familie, venter den andre broren på svar om han blir utvist frå landet.
Advokat Leif Strøm fryktar at Utlendingsnemnda vil få fart på seg etter fengslinga av broren.
- Når Utlendingsnemnda bestemmer seg for å prioritere noko, kan de skje i løpet av få dagar, seier Strøm.
Utvising får ringverknader
Eit vedtak om utvising for den eine broren, vil påverke lagnaden for den fengsla broren også, trur advokaten.
- Eg fryktar dette vil slå negativt ut, sidan dei tydelegvis ser sakene i samanheng utan at dei innrømmer det, seier Strøm.