Hopp til innhold

Sterkt Frp i sommar

Men snart går oppslutninga ned, meiner valforskar.

Fremskrittspartiet
Foto: Knut Falch / Scanpix

På Klassekampen og Nasjonen valbarometer for juli fossar Framstegspartiet fram, og har ei oppslutning på nesten 30 prosent.

- Når andre parti profilerar seg mindre om sommaren, står Frp på. Dei har tradisjon for å auke oppslutninga på meiningsmålingane om sommaren, og så gå ned igjen når dei andre partia tek opp kampen igjen, seier valforskar og førsteamanuensis ved NTNU Torill Aalberg.

Typisk

Ho meiner Frp gjer seg meir synlig enn dei andre partia, og får mykje positiv merksemd. Men ho påpeikar at det er dei store sakane som avgjer valkampen i år, og ikkje nødvendigvis oppslutninga om sommaren.

Gerd Janne Kristoffersen Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Ho har tatt ferie, men trur ikkje det kjem til å påverke valresultatet.

- Frp kjem med enkle utspel om sommaren. Dei dreg fokuset bort frå dei store sakane og kritiserar andre. Dei får nok køyrd seg når ferien er over, seier Kristoffersen.

-Enkle sakar

Ho trur meiner tema som fotoboksar og kritikk av kultureliten kanskje går bra om sommaren, men meiner Framstegspartiet kjem til å feile etter ferien.

- Vi har hatt ein stor diskusjon der Frp har kome til kort når det gjeld å kome seg ut av finanskrisa. Vi får sjå korleis det går når dei nok ein gong skal fortelje oss at løysinga er skattelette, seier Kristoffersen.

- Har meir å by på

Robert Erikson representerar Framstegspartiet i Nord-Trøndelag. Han meiner partiet er godt forberedt til valkampen.

- Eg tek målinga med ei klype salt, men det er inspirerande å få gode målingar. Når det gjeld kommentaren om finanskrisa veit eg ikkje om eg skal flire eller grine. Frp hadde klar ein pakke med mange av dei same verkemidlane før regjeringa hadde det. Vi har mange store sakar å vinne valet på.

Kristoffersen trur ikkje Frp kjem til å kunne halde på veljarane etter sommaren. Men avskriv dei ikkje.

- Frp kjem nok til å gå på ein smell. Det blir artig å sjå kva dei skal kome opp med av gode idear. Men vi må ta dei på alvor, og dei skal ha all honnør for å vere aktive. Men meir pengar er ikkje løysinga på alt.