Forsvarer i den såkalla stemorsaka, Venil Katharina Thiis, fekk onsdag meldinga frå Høgsterett; anken frå den 25 år gamle stemora er forkasta.
No blir saka klaga inn for menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Thiis meiner den 25 år gamle kvinna er utsett for eit justismord. Ho fortel at stemora tok meldinga frå Høgsterett svært tungt.
- Det er sjølvsagt ei nedslåande melding for henne at resultatet blei som det blei, seier Thiis til NRK Trøndelag.
Hekseprosess
Kvinna er dømt til elleve års fengsel for drap på si tre år gamle stedotter.
Under rettssaka i Frostating lagmannsrett i februar var stemora berre periodevis til stades. Årsaka var at ho var sjuk. Dette er eit av punkta forsvararane anka til Høgsterett.
Dagens rettsavgjerd frå Høgsterett ser Venil Katharina Thiis på som eit vendepunkt i saka.
- Det er no rettskraftig avgjort at kvinna er dømt for drap. Dette er eit justismord og vi kjem i større grad enn tidlegare til å gå ut til det offentlege med det vi ser på som heilt sentralt i denne dommen. Nemleg at den ikkje byggjer på bevis, men at kvinna er utsett for ei personforfølging og ein hekseprosess, seier Thiis til NRK Trøndelag.