Kvinna blei, i Frostating lagmannsrett, dømt for å ha tatt livet av si tre år gamle stedotter på Lade i Trondheim i november 2002. Dommen frå lagmannsretten fekk ho i fjor haust.
No har 25-åringen levert ein omfattande klage for umenneskeleg behandling til menneskerettsdomstolen i Strasbourg, skriv VG. Det er advokat Venil Katharina Thiis som har sendt klagen på vegne av den 25 år gamle kvinna.
- Klagen omfattar fleire punkt, knytta til det eg og min klient oppfattar som krenkjande behandling. Vi klager også på at det blei lagt opp til ei omvendt bevisbyrde, altså at stemora måtte prove si uskuld, seier Thiis til NRK Trøndelag.
Periodevis tilstades
Thiis og den 25 år gamle kvinna ser også på saksbehandlinga som partisk og hevdar det er brot på konvensjonane at stemora berre periodevis var til stades under rettsbehandlinga.
I klagen heiter det at stemora opplever det som ei krenkjande behandling at ho måtte møte i rettssalen trass i dårleg helsetilstand.
Thiis seier til NRK Trøndelag at dei også spør Menneskerettsdomstolen om det kan bli gitt adgang til å varetektsfengsle eit menneske i frykt for at vedkommande skal ta livet sitt.
Avvist av Høgsterett
Etter dommen i Frostating lagmannsrett krevde Thiis at saka til 25-åringen frå Vestfold skulle behandlast i Høgsterett.
Bakgrunnen var at ho meinte kvinna var for sjuk til å møte i lagmannsretten i februar 2004. Ho var berre periodevis tilstades under rettssaka.
I september 2004 forkasta Høgsterett denne anken og dommen på elleve års fengsel blei ståande.
Hevdar uskuld
I november 2003 dømte Trondheim tingrett kvinna til tolv års fengsel for drapet. Denne avgjerda blei anka til Frostating lagmannsrett.
Kvinna har heile tida hevda at ho er uskuldig og at dødsfallet skuldast ei ulykke, men verken tingretten eller lagmannsretten trudde på kvinna.
Lagmannsretten dømte henne til elleve års fengsel, eitt år mindre enn tingretten, i februar 2004. I tillegg blei 25-åringen dømt til å betale 200 000 kroner i erstatning og oppreising til jentas biologiske mor.
Oppattaking av saka
Menneskerettsdomstolen skal ikkje ta stilling til dommen, men om klagaren får medhald i nokon av punkta, kan advokaten på vegne av sin klient ha grunnlag for å kreve ny behandling av saka.
Thiis jobbar parallelt for oppattakinga også gjennom det norske rettsvesenet.
Stemora under rettssaka. Teikning: Knut Løvås.