Hopp til innhold

Steikt gravlaks

Kvifor steike gravlaks? Rett og slett fordi det er godt!

Radiokokk Inge Johnsen og Kirsten Frøseth.
Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

På Frøset gård på Byneset i Trondheim skal det lagast forrett. Ingredientsen er laks, tatt med kilnot.

- Her på garden bruker vi ein del laks som forrett. Vi nyttar gravlaks rett frå gravinga og steiker den litt på panna, seier Kirsten Frøseth.

Server med potetpuré

Ha litt olje i panna og varm godt før du legg laksebitane oppi.

- Laksestykka skal ikkje steikast, men berre varmast lett, seier Frøseth.

Retten kan serverast med ein potetpuré, laga av mandelpoteter, med litt godt attåt.

Plasser fiskestykket på ein tallerken med den steikte sida ned, oppå potetpureen. Server også med ein purreløksaute.