Hopp til innhold

Steikt flesk med kål

Alle har svin på skogen, men få så bokstaveleg som bonden Karl Laugsand på Ytterøya.

Karl og Anna Maria Laugsand
Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

På garden til Karl og Anna Marie Laugsand på Ytterøya har dei femti svin på skogen.

Grisane lever det gode liv i skogen, heilt hausten kjem og dei endar sine dagar på middagsbordet som gardsmat.

- Det begynte med at vi hadde fem grisar gåande ute då ungane var små. Desse ville folk kjøpe når det nærma seg jul, og slik balla det på seg til at eg no sit med femti grisar, seier Karl Laugsand.

Eige pølsemakeri

Karl Laugsand har ingen fjøs til grisane, så dei går ute frå mai til seinhausten når dei skal nyttast til mat.

- Vi slaktar dyra og har laga oss eit pølsemakeri. Her freistar vi å lage gamal tradisjonsmat, forklarar bonden.

Gamaldags "steikaflæsk"

Hos familien Laugsand er det steikt flesk med somarkål og blomkål av gamaldags "steikaflæsk" som står på menyen til radiokokk Inge Johnsen.

- Eg har putta "steikaflæsk" i panna. I butikken blir dette selt under namnet lettsalta sideflesk, seier Johnsen.

- Det skal vere mykje feitt på "steikaflæsket", gjerne tre centimeter. Eg har mange kundar som abonnerer på flesket og det er det feitaste flesket som er mest populært, seier Laugsand.

Feittet gir smak

Ifølge radiokokken er det tjukke feittlag på kjøtet som gir smak.

- Som fagmann vil eg gjerne ha mykje feitt i maten. Når feittet er godt bruna i panna tek vi det til side, seier Johnsen.

Han har fått tak i litt sommarkål og blomkål som han også freser i steikepanna. Denne retten er perfekt sommarmat saman med nypotet, syns radiokokken.

- Vi nyttar denne retten ofte berre med kålstuing, potet og "steikaflæsk" her på garden. Det er veldig godt om sommaren, legg Laugsand til.

Finsnitt sommarkålen

Sommarkålen blir kutta i små strimler og blomkålen delt i små bukettar. Desse surrar radiokokken i ei steikepanne med litt av feittet frå "steikaflæsket".

- På den måten tek eg vare på all smaken frå grisefeittet. Vidare har eg på godt med pepar på blomkålen, før eg legg "steikaflæsket" på toppen og retten er klar til servering, seier kokken.

Bacon eller "steikaflæsk"

Bonden har også bacon på garden. Dette kjøtet er litt magrare enn "steikaflæsket".

- Eg sorterer ut litt magrare kjøt, slik at baconen er litt mindre feit enn "steikaflæsket". I tillegg er "steikaflæsket" salta, men ikkje røykt. Baconen har fått sin dose med røykesmak ved å henge i røykeomnen, seier Laugstad.