Hopp til innhold

Nesten 1000 på isfiskekonkurranse

Innpå eitt tusen deltok. I fjellbygda Hoston i Orkdal likar dei å kalle det norges største isfiskekonkurranse.

Fiskekonkurranse på Hostonvatnet i Orkdal

Eit tusental deltok på den store, årlege isfiskekonkurransen i Hoston i Sør-Trøndelag.

Foto: Oddbjørn Nervik

Bygda har 200 innbyggarar, 100 frivillige trengs for å arrangere isfiskekonkurransen kvar vinter. Men idrettslaget har fleire medlemmar enn bygda har sjeler, 250 tilsaman. Så det går. Det har det gjort i 42 år.

Sol velsigna årets konkurranse

I år smilte sola over Hoston og Hostovatnet. Og langt over tusen personar var ute på isen og kosa seg ved hola.

– Det kunne nesten ikkje blitt finare, seier leiar i Idrettslaget Fjellmann, Bjarne Nordsteien.

– Berre ein liten vindtrekk, gjorde at ein måtte vere godt kledd. Hosto-vatnet ligg trass alt på 250 meter over havet.

– Her kjem folk tilbake år etter år, seier Nordsteien, glad for at årets arrangement gjekk så bra. Hyttefolk og andre i distriktet kjenner godt til den årlege fiskekonkurransen.

50 ekstra glade fiskarar

Over 50 glade fiskarar fekk fisk. Rekord-store var var dei riktig nok ikkje.

Den største var på 5,3 hekto. Dagens største totalfangst var på like under kiloet, 9,1 hekto, fordelt på seks fiskar.

Små og store koste seg, og dei minste syntes det var litt rart å dra opp fisken og sjå den ligge der, livlaus i snøen.

Vesle Mia Hoston på isfiskekonkurranse

Vesle Mia Hoston studerte fisken etter at den hadde bite på agnet, og blitt drege opp av Hosto-vatnet.

Foto: Oddbjørn Nervik