Sjukehus innfører munnbindpåbod

Frå og med fredag 26. november blir det innført munnbindpåbod på sjukehusa i Levanger og Namsos. Bakgrunnen er det høge smittetrykket i fylket. Trøndelag er no mørkeraudt på det europeiske smittevernbyrået sitt kart over koronasmitte.

– Ferske tal frå våre kommunar viser til dels høg grad av smitte i befolkninga, og det gjeld no å beskytte pasientane og våre tilsette med forsterka tiltak, seier fagsjef Svenn Morten Iversen i pressemeldinga frå Helse Nord-Trøndelag.

St. Olavs hospital har nyleg innført munnbindpåbod.

Tre ungdommer i Trondheim med munnbind, ei jente og to gutter. De sitter i en sofa.
Foto: Philip Næs / NRK