Hopp til innhold

Sju personar evakuerte etter steinras i Malm

Geologar undersøker rasstaden onsdag formiddag.

Ras i Malm

UNDERSØKJER: Geologar var onsdag på plass der det raste i Malm i Steinkjer.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Tysdag kveld vart fire bustadar evakuerte i Steinkjer etter at ein stein raste ut og la seg ved ein gardsveg i Malm. Raset skjedde i eit bratt skogsområde.

Mann i Malm om raset

HØYRDE RASET: Ola Kristian Folladal var ute på ein trimtur tysdag ettermiddag då han høyrde raset. – Først trudde eg det var ein lastebil eg høyrde, men forstod etterpå at det var steinen som raste ut, seier han.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Dei siste dagane har det truleg vore eit eller fleire steinsprang i området. I går var det ein stein på rundt eit tonn som raste gjennom skogen og vart liggande rundt tretti meter over eit hus, seier Erling Overrein i Steinkjer kommune.

Han er leiar for dei som jobbar med vatn, avløp og utbygging i kommunen.

Saman med politiet og geologar frå NVE og Sveco valte kommunen å evakuere fleire hus i går kveld. Erling Overrein fortel at steinen kunne ha gjort større skade om skogen i fjellsida var hogd ned.

– Steinen rulla nedover med enorm kraft. Den gjorde stor skade på trea. Heldigvis var ikkje skogen hogd der, seier Overrein.

Skadar på tre etter steinras i Steinkjer

BREMSA AV TRE: Steinen raste nedover fjellsida med stor kraft. Fleire tre i området vart merka av steinen.

Foto: Steinkjer kommune

Låg og sov

Ranja Vasaasen låg og sov saman med kjærasten. Ho blei vekt av telefonen som ringde.

– I tillegg banka det på døra, og eg fekk vekt kjærasten min. Det var tydeleg at noko hadde skjedd. Vi kom oss ut, og blei sendt hit til Malm hotell, seier Vasaasen til NRK onsdag føremiddag.

Ho har aldri opplevd et sånt ras før, men fekk ikkje med seg det som skjedde.

– Nei, vi låg og sov, og høyrde ikkje noko. Men det skal visst ha løysa nokre store steinar rett over huset vårt. Eg blir litt nervøs når eg tenkjer på det, men reknar med at geologane gjer ei grundig undersøking. Om dei seier det er trygt å flytte tilbake, så gjer vi det, seier Vasaasen.

Steinen.

RUNDT EIT TONN: Steinen som raste ned i nærleiken av fleire hus i Steinkjer måndag kveld.

Foto: Politiet

– Trudde det var ein lastebil

Ola Kristian Folladal var ute på trimtur då raset gjekk.

– Dette var i 16.30-tida, og eg var nede ved Coop-butikken. Då høyrde eg ein rar lyd, og det varte i nokre sekund. Eg trudde først det var ein lastebil, men då eg såg avisa i dag, er eg rimeleg sikker på at det var den steinen eg høyrde. Det har falt ned steinar der tidlegare også, men då fekk det ingen konsekvensar. I ettertid burde eg kanskje undersøkt noko, men eg såg ikkje noko, seier Folladal dagen etter.

To ingeniørgeologar frå Sweco i Trondheim undersøker no rasstaden.

– Først må vi danne oss ein oversikt over situasjonen. Utifrå det må vi vurdere kva som skal skje vidare, seier Torbjørn Yri i Sweco.

– Vi reknar med at vi har danne oss eit bilete av behovet for vidare evakuering klokka 12, seier Erling Overrein i Trondheim kommune.

Malm ras og hus

RASSTADEN: Her ser vi det rasutsette bustadområdet i Malm onsdag formiddag.

Foto: Eivind Aabakken / NRK