Hopp til innhold

Shady (21) frå Egypt fekk skuleplass - men UDI nekter han å ta den

21 år gamle Shady Mahmoud frå Egypt fekk skuleplass ved Universitet Nord i Steinkjer, men UDI sa nei. Dei meiner det er ein risiko for at han ikkje vil forlate landet etter enda studietid.

Shady Ramzy

Shady ville ta ein bachelor i film- og TV-produksjon ved universitetet i Steinkjer, men UDI knuste draumen hans.

Foto: Privat

Først fekk han ja. Så sa dei nei.

"Dessverre er søknaden din frå UDI avvist. Kollegaen min må ha misforstått avgjersla, og det beklagar eg veldig. Du har moglegheita til å klage i løpet av dei neste 3 vekene."

Denne eposten fekk Shady frå den norske ambassaden i Kairo, 12 dagar etter han fekk beskjed om at søknaden var godkjend. Då har han allereie kjøpt flybillett til Oslo.

  • Les heile grunngjevinga for avslaget nedst i saka.

Var klar for Noreg til hausten

– Eg betalte 111.657 kroner til Nord Universitet som bevis for at eg kunne dekkje utgiftene ved å bu i Noreg i eit år. I tillegg fiksa eg leigekontrakt, reiseforsikring og flybillettar, seier 21-åringen frå Egypt.

Shady hadde til og med vore og kjøpt seg vinterklede for det kommande semesteret i Noreg. Han driv med fotografering, og ville ta ein bachelor i film- og TV-produksjon ved universitetet i Steinkjer. Denne draumen var knust av UDI.

Shady Ramzy

Shady driv med fotografering og ønsker å få utdanning innan feltet.

Foto: Privat

UDI meiner risikoen for at Shady blir verande i Noreg etter enda studietid er for stor. I avslaget står det dermed at returneringskravet ikkje er oppfylt:

  • Det refererast til at søkaren kjem frå eit land med stort potensiale for utvandring. UDI har notert at søkaren har foreldre og ein bror i heimlandet sitt Egypt, men desse banda veg ikkje opp for risikoen om at søkaren blir verande i Noreg etter sluttdatoen på opphaldstillatelsen som student.

Vil vere langt unna "Vesten"

Shady går no ut på Facebook for å fortelje folk kva han tykkjer om UDI.

– Eg ynskjer ikkje å bidra til denne "folk frå den tredje verda invaderer europeiske land"-greia. Derfor vel eg å ikkje klage på avslaget til UDI. Eg vil alltid jakte på ei god karriere, men det vil bli langt vekke frå "Vesten" og deira "første verd", skriv han.

Shady er mildt sagt sjokkert over måten han har blitt behandla på. No vil han prøve å finne seg skuleplass ein annan stad i verda, då han ikkje lenger er interessert i Noreg. Tida det tar å behandle klaga er dessutan lengre enn det er tid igjen før skulestart.

Egypt er "oransje"

UDI har ikkje anledning til å kommentere Shady si enkeltsak, men forklarar at Egypt er eit land under såkalla "oransje gruppe". Denne fargen tilseier det nest strengaste nivået med tanke på returforutsetningar. Eksempel på andre land i denne gruppa er Algerie, Iran, Jemen, Pakistan, Senegal og Uganda. Under informasjon for studentvisum frå land i oransje gruppe står dette:

  • Studium på bachelornivå: Studentvisum givast som hovudregel ikkje, men mindre søkaren har betydeleg tilknyting til heimlandet eller andre konkrete omstendigheiter som tilseier at søkaren vil returnere etter enda opphald i Norge.

Får tilbake pengane sine

Prorektor for utdanning ved Nord Universitet, Hanne Solheim Hansen, fortel at det skjer kvart år at folk kjem inn på skulen – men får nei frå UDI av ulike årsaker.

– Det er mange ting som skal falle på plass for dei, seier Hansen.

Ho vil ikkje kommentere Shady si sak, men kan bekrefte at han sjølvsagt får tilbake pengane som han har betalt inn på kontoen til skulen.