Hopp til innhold

Sædkvaliteten søkk, men det er stadig behov for fleire donasjonar

For fyrste gong kan menn i Midt-Noreg donere sæd privat. Fram til no har det berre vore dansk sæd å få tak i på klinikken.

Gynekolog Liv Bente Romundstad ved Spiren Fertilitetsklinikk, peker på et bilde av et embryo som er i utvikling.

ASSISTERT BEFRUKTNING: Gynekolog Liv Bente Romundstad viser eit embryo i utvikling.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

– Både dei med og utan bart er hjarteleg velkommen!

Det seier gynekolog Liv Bente Romundstad ved Volvat Spiren i Trondheim.

– Det som er viktig for oss er å få tak i dei unge mennene som har genuint lyst til å gjere dette for å hjelpe andre.

Behov for assistert befruktning aukar

Frå 1. juli 2020 blei assistert befruktning til einslege lov i Noreg, etter endring i Bioteknologilova.

Då auka behovet for donorsæd betrakteleg.

Fertilitetsseksjonen har i underkant av 150 donorbehandlingar i året, noko som gjer oss eit behov for minst 30 nye sæddonorar per år.

Det seier Camilla Kleveland ved fertilitetsseksjonen på St. Olavs hospital i Trondheim.

Sædbanken på St. Olavs hospital i Trondheim

Sædbanken på fertilitetsklinikken på St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Camilla Kleveland / St. Olavs

Seksjonen i Trondheim er ein av to offentlege klinikkar i Noreg der du kan donere sæd. Den andre er på Oslo Universitetssjukehus. Både på dei offentlege og private klinikkane har etterspurnaden auka.

Det er ikkje lenger berre mann-dame, men også dame-dame og einslege damer, legg Romundstad til.

– For å få laga barn treng ein litt sæd.

Fram til no har den private fertilitetsklinikken i Trondheim importert sæd frå danske sædbankar. Men frå og med januar 2024 ønsker dei også å tilby sæd frå norske menn.

Det er ikkje noko feil med danskane, det er mykje bra med dei. Men for å ha variasjonen og mogelegheita til å ha eit tilbod om norske sæddonorar også, forklarar gynekologen.

Les også 16 menn har begynt på hormonfri p-pille

Spiser pille

– Få barn tidlegare

Talet sædceller hos norske menn søkk, samstundes som fleire har behov for assistert befrukting.

Det største behovet for sæddonasjon gjeld einslege og likekjønna par, forklarar Kleveland ved St. Olavs.

Me har ikkje ei auke i heterofile par der partnar manglar sædceller, men talet sædceller søkk.

Og sædkvaliteten blir påverka av miljøfaktorar, livsstilsfaktorar, arv og alder. Det same eggkvaliteten hos kvinner blir påverka av.

Overlege Camilla Kleveland

Overlege Camilla Kleveland seier dei treng fleire sæddonorar på fertilitetsklinikken.

Foto: St. Olavs Hospital

Både kvinner og menn bør oppfordrast til å få barn tidlegare, og optimalisere livsstil før ein forsøker å bli gravide.

Og ein optimalisert livsstil er det helsemyndigheitene beskriv som ein sunn livsstil.

Optimalt sett bør ein ikkje røyke, snuse, drikke alkohol eller bruke andre rusmiddel. Ein bør vere fysisk aktiv og ete sunt og variert. Ein bør kutte ned på sukker og koffein, forklarar Kleveland.

Romundstad på den private fertilitetsklinikken let seg skremme av at sædkvaliteten søkk.

Det er litt skummelt fordi me veit ikkje heilt kva dette skuldast. Det er mykje forsking som er planlagt og det er viktig å finne ut kva som er risikofaktorar.

Les også Manndomsprøven

Jolanta og Steinar Olsen

– Sjekk deg!

Uansett om du ønsker å donere sæd eller ikkje, er oppmodinga frå gynekologen klar:

– Sjekk deg! Sjekk sædkvaliteten eller eggreservane dine.

Med søkkande sædkvalitet og kvinner som får barn stadig eldre er det viktig å sjekke korleis det står til med reservane. Heldigvis er det fleire som gjer dette.

Liv Bente Romundstad

– Berre ein snakkar om sæd blir folk flau. Me treng meir bevisstheit rundt sædkvalitet og befruktning, seier Liv Bente Romundstad.

Foto: Anders Werner Øfsti / NRK

– Det er eit aukande tal unge menn som kjem inn på ein drop-in prøve fordi dei på eige initiativ har lyst til å finne ut korleis det står til med eigen sædkvalitet, legg Romundstad til.

Men dersom du ønsker å donere, er det viktig å tenke kva det betyr.

Det er viktig at valet ein tar her og no også viser seg å vere eit val som står seg inn i framtida. For det er jo meininga at det skal gje opphav til eit nytt liv, til eit barn.

På St. Olavs er dei positive til at norske menn kan donere sæd, også privat.

Me er positive til at fleire kvinner får tilbod om donorar rekruttert i Noreg innanfor norsk lovverk.

Donorar får same kompensasjon i det offentlege og det private. Men prisen for sjølve behandlinga vil vere lågare i det offentlege.

– Me oppleve at rekrutteringa til sædbanken vår er god, og at donorane er fornøgde, seier Kleveland.

Les også Forstår du deg på sjalusi? Der er vi faktisk ganske gode, mener forskere

Distrahert kjæreste sjekker ut en annen dame enn sin egen.